Min nye heimstad

Handler om ei jente, Mesaret, som har flytta til eit nytt land og må motstå hindringar, som diskriminering. Novella er skreve på tentamen i 9. klasse. Tittelen skulle vere 'min nye heimstad'. Enjoy!
Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2009.11.24

Ho gjekk sakte bortover den tomme vegen. Som tusen sandkorn dansa lauvet i lufta framfor ho. Jenta sparka hardt i ein tom flaske. Etiketten var nesten reve av. DrPepper- ho kjente ikkje det namnet. Alt var så framand. Framand eller nytt. For ein dum stad å flytte, tenkte Mesaret. Ein stad der ingen kan morsmålet ditt, og alle ser forskrekka på den mørke huda som er trekt over knoklar og bein. ’For slikt går jo ikkje an. Ikkje her i Hyngvegen’.

 

Ho likte ikkje gata. Blomar i alle slags fargar klatra oppover langs veggar, stolpar og kvitmala gjerder. Men bak den perfeksjonerte fasaden og de smilande ansikta låg fordomsfulle tankar og vondskapsfull diskriminering. Hyngvegen. Mesaret smakte på namnet, let tunga kjenne på kvar enkelt av bokstavane. Kantete og harde. Det smakte bittert og surt, som bestefars gamle, mykje brukte sokkar. Nokre gutar kom leande ut av eit trongt smug. Dei var for store til å gå på skulen, men ikkje gamle nok til å jobbe. Den høgaste kasta ein ølflaske over skuldra, som knuste. Dei andre lo, og fleire gjorde det same. Fordømde drittunger, tenkte Aisha og ville gje dei eit par alvorsord. Tenk å øydelegge heimstaden sin slik. Forsto dei ikkje kor heldige dei var? Ho sa det nesten høgt, men trakk seg i siste liten. Ingen ville forstått ho uansett. Dei ville bare sett rart på ho som alle andre, og ledd. Ein gut svaia litt, og fall nesten i bakken. Det var jo også ein tid å verte full på. Fortumla nøgde Mesaret seg med eit kremt og gjekk rakrygga vidare.

 

Føtene gjekk av seg sjølv, og ho stira på eit fast punkt lenger framme utan eigentleg å sjå det. Ein av gutane ropte etter ho, men ho forsto han ikkje. Ukjende ord som ho ein gong ville forstå, flaug inn det eine øyret og ut det andre. Ho høyrde fleire steg av tunge føter bak seg, som hjarteslag, og byrja å springe. Som ein redd antilope løp ho elegant frå dei svoltne, fulle gepardane. Lufta rann som vatn inn gjennom munnen, og fylte lungene med kald morgonbris. Sekken humpa opp og ned på ryggen. Det kjentes som om hun drog på fleire tonn, enda sekken var like tom som hovudet akkurat då. Ein grov røyst ropte noko bak ho, men så forsvann lyden av tunge hjarteslag. Mesaret sakka farten så dei verkande beina fekk kvile.

 

Halsen var sandpapir. Sandpapir som rispa opp den kalde lufta som fylte lungene hennar i korte hiks. Kondisen hadde aldri vore ein av hennar sterkare sider. Ho tørka ei tåre som hadde rømt frå augekroken. Fingertuppen vart svart. Ein annan tåre hadde funne vegen inn i munnen. Den smakte salt. Sakte gjekk ho inn i parken, og såg endene dukke i det kalde haustregnet.

 

Ti på åtte. Det var lenge til klokka var halv, så ho kunne fikse på sminka. Førti minuttar skulle snigle seg forbi før ho vart stelt for utstilling, og femti auge ville stire på hennar svarte ullhår. Ho tok opp spegelen. Det var blitt knust. Dei sjokoladebrune auga studerte ho frå skåra, og dei mørke tjukke leppene hennar prøvde seg på eit smil, men det likna meir ein grimase. Håret hennar stritta til alle kantar. Ville barna på skulen akseptere ho? Negerjenta med stålullen som hår? Sikkert ikkje. Dei ville le. Le og kalle ho stygge ting. Aldri ville ho verte ein av ’Dei’.

 

Kvifor hadde dei flytta? Ho visste jo det, men ho klarte ikkje heilt å skjønne det. At rønna dei kalla heim kunne rase var ein ting, men at dei skulle få det betre i det nye landet? Der McDonalds- hamburgarar var middag nummer ein  og raseskille var til å ta og føle på? Nei tenk, ho trudde ikkje det. Ei and kom bort til Mesaret og dytta i den ope handa hennar. Ho fann ei skive og kasta ein bit framfor seg. Anda gafla i seg den tørre brødbiten som om det var nysteikte kalvelår med verdens beste middelhavssalat til. Fleire ender kom bort og ho kasta fleire biter. Det gjekk ikkje lenge før heile nista hennar var borte og ho satt igjen berre den tørre osta. Det brydde ho seg ikkje med. Ho kom ikkje til å verte svolten. Ikkje i dag.

 

Omhyggelig tørka ho vekk sminka under auga og dei små våte tårane som så nylig hadde pressa seg fram. Ho ville ikkje gråte. Aldri ville ho gråte desse tårane for dei kvite igjen. Ho måtte vere sterk. Sterkare enn døden. Mesaret reiste seg omsider og gjekk vidare. Med eit stikk i hjartet unngjekk ho dei bebreidande auga til endene. Vegen var ikkje lang no, berre fem kvartaler, så var ho fremme. Ho gjekk sakte og kikka halvhjarta i butikkvindauga. ”Den som har den slags pengar…”, tenkte Mesaret og kjente på tjuekronaren i lomma. Då ho gjekk forbi ein billegbutikk, såg ho ei rekke småting for håret. Ein raud hårbøyle i plastikk lyste ut prisen på ein lysegrøn merkelapp: 19,50.

 

Ho trakk håret bak med den nye bøylen. Den satt som støypt, og ho vart med eitt litt meir sjølvtilfreds. No var klokka mykje, og ho måtte gå veldig fort. Dei høge husa tårna seg opp på sidene, heilt til ho kunne høyre barnestemmane frå skulegarden, med sin innbydande høge port i svartmalt jern, kviskre til ho. Vegen bort verka så altfor kort. Endå Mesaret brukte museskritt, sto ho framfor porten før sekunder var gått.

 

Porten knirka, Det føltes som om verden gjekk rundt for ho. Plassen var overfylt med barn som spelte fotball og hoppa tau. Kvar skulle ho gå? Nokre større jenter sto i ei klynge ved huskene. Den lågaste peikte på Mesaret og lo. Resten av dei gjorde det same. Mesaret stivna og såg ned. Ho ville bort. Bort frå den folksame plassen med knisande jenter og skjerande rop. Hadde ho ikkje sagt det? Var det ikkje dette ho hadde venta? Likevel klarte ho ikkje hindre ei tåre i å trille nedover kinnet.

 

Ei jente ville forbi, og Mesaret flytta seg. Jenta hadde blondt hår og raude lepper. Så klåre og lyseblå auge ho hadde. Nokon hadde fanga ein bit av himmelen og plassert den mellom to par svarte augevipper. Jenta såg opp, rett inn i Mesaret sine auge. Så smilte ho, og sa noe. Mesaret skjøna det ikkje. Jenta tok handa hennar: ”Maggie”, sa ho og rista handa. Då Mesaret ikkje svara, lyfta ho eit augebryn og smilte. Tennene var kvite som ubrukt papir.

”Mesaret”, svarte Mesaret, og kunne ikkje hjelpe for at ho også smilte. Kanskje det fantes håp for henne i den nye verden likevel.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst