Spiseforstyrringar

Ein rapport om spiseforstyrrelsa.
Sjanger
Rapport
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2002.05.30

Innleiing:

I prosjektet kropp og helse i samband med naturfag fekk vi velge eit tema vi ville arbeide med og skrive ein rapport om. Eg valde nr, 11. eteforstyrringar. Eg valde dette litt fordi eg tykkjer det er interessant å finne ut om nye ting, og litt for å bevise at eg IKKJE har ein eteforstyrring som enkelte stadig spør om. Kva er forskjellen på eteforstyrring og høg forbrenning, det er og veldig aktuelt for meg. Problemstillinga mi var grei, eg ville finne ut kvifor, kvifor går tynnleiken i hovudet på enkelte jenter og kva årsaka til dette er.

 

… jeg begyndte at miste Haar i stor Mængde, Hodepinen var ogsaa meget plagsom især om Modningen, og Nærvøsiteten vilde ikke gi seg. Jeg sat om Dagen og skrev med Hænderne bundet ind i Kluter, bare fordi jeg ikke taalte min egen Pust imot dem.

Sult: av Knut Hamsun

 

<bilde>
Anoreksi

Anoreksi er gresk og tyder ”mangel på apetitt”.

 

Anoreksi er den eteforstyrringa som folk flest tenkjer på når dei høyrer ordet ”spiseforstyrrelse”. Anoreksi kjenneteiknas ved stort vekttap, voldsam kroppsfiksering og eit forstyrra kroppsbilete det vil seie at dei kan sjå seg sjølv som tjukke og store.

 

* Dei med anoreksi trenar veldig mykje med frykt og uro for å bli tjukk.

* Dei prøver å unngå store selskap der det blir servert mat og dei seier dei nettopp har ete.

* Dei kjem heile tida med unnskyldningar for å sleppe å ete.

* Sjølvkjensla svingar i takt med kva ein veg, og mange isolerar seg. Dette fører til at dei kjenner seg einsame og aleine.

* Når hjernen ikkje får nok næring blir ein sløv. Denne sløvinga vil stå i vegen for mange ting i livet ein eigentleg hadde tenkt å gjere. All aktivitet blir etter kvart eit ork. Dette vil auke kjensla av ikkje å ha kontroll, det blir ein vond sirkel som igjen gjer til at ein ynskjer å ete mindre.

* Dei fleste med anoreksi beheld maten, men nokre kastar opp viss dei tykkjer dei har ete for mykje.

* Dei som har anoreksi nektar for det, og prøver gjerne og bevise det ved å ete eit måltid, men spyr det opp att, dei brekker seg!

 

Dersom du har anoreksi et du lite eller ingenting, og du kastar ofte opp. Det er ein skummel sjukdom fordi den påverkar hjernen din til å tru at du er tjukk, sjølv om du eigentleg kan være kjempetynn. Anorektikarane bruker gjerne mykje tid på trening, og "straffer" seg sjølv dersom dei ikkje får trena nok.

 

Motstand mot å oppretthalde normal vekt i førehald til alder og høgde som resulterar i 15 % vekttap under forventa normalvekt.
Intens frykt for fedme eller for å legge på seg, sjølv ved undervekt.
Forstyrra oppleving av kroppens storleik og form, nekting at vekttapet er alvorlig, eller at ein sterkt knyttar sjølvkjensle til vekt og utsjånad.
Fråvær av menstruasjon hos jenter og kvinner.

 

 

<bilde>
Bulimi

 

Bulimi definerast som ”overspising med etterfølgende renselse”.
Gjentatte episodar med ”overspising”. ”Overspising” definerast som både:

1) eting innanfor eit avgrensa tidsrom, innanfor der matmenga er større enn det som kan oppfattast som vanleg,
2) kontrolltap over etinga i dette avgrensa tidsrom, slik at ein kjenner at ein ikkje kan stoppe etinga eller regulere mengda av mat.


For å hindre vektauking eller for å redusere vekta vert oppkast brukt, avførande midlar eller vassdrivande medisinar, eventuelt i kombinasjon med streng faste/slanking eller fysisk aktivitet.

 

Dei fleste utviklar bulimi i slutten av tenåra og i byrjinga av tjueåra.

 

Bulimi er episodar med ”overspising”, det vil sei store mengdar mat eller snop, kombinert med metodar for å drive ut kaloriane igjen. Metodane kan være oppkast, faste, hard fysisk trening, avføringspiller eller andre legemidlar. Ein bulimikar kan være både tynn, tjukk eller normalvektig. Fleire vil kjenne igjen situasjonen der den plaga alltid går på badet etter eit måltid.

 

Om kort tid vil vi sannsynlegvis få enda ein diagnose innanfor gruppa nervøse eteforstyrringar. Såkalla ”tvangsspising” handlar om ukontrollerte ”overspisninger”.

 

Dei nervøse eteforstyrringane er knytte til høg helserisiko, slik som teikn på underernæring, skader i fordøyelsessystemet og hjarteproblem på grunn av kjemisk ubalanse i kroppen. Tennene blir skada av oppkasten (pga magesyra.)

 

Kva med kjenslene?

Personar med nervøse eteforstyrringar lid fordi dei har mista kontrollen over maten. Og dermed har de mista kontrollen over ein stor del av sitt liv. Eteforstyrringar handlar nesten alltid om dårleg sjølvkjensle, depresjon og om å være sårbar og usikker på eigen verdi. Når ein ikkje lit på seg sjølv, blir ein følsom for andre sine blikk og kommentarar. Dei eteforstyrrande fungerar ofte som det flinke barnet. Dei tar på seg mykje ansvar og brukar livet sitt til å tilfredsstille andre sine forventningar, anten i idrett, skole eller i familien. Det at dei er opptatt av mat og tynnleik er ofte eit forsøk på ei løysing på den indre utryggleiken. Ved å være tynne eller sunne prøver dei å lykkast med noko.

 

Kva veit vi om årsakene?

For å forstå årsakene, må vi tenkje oss at fleire faktorar verkar saman.. Det kan være ei oppleving av utryggleik i familien. Det kan være store forventningar frå miljøet. Det er inga stor gåte at det er Vesten som i dag rammast av nettopp denne lidinga. Vår kultur er veldig opptatt av tynnleik, sunnleik og ytre prestasjonar.

 

For tynn?

Du kan lett bli sett stygt på dersom du klager over å være for tynn. De fleste av venninnene

<bilde>
dine veg meir enn deg, og nokre av dei seier til og med at dei gjerne ville hatt din kropp. Du veit at du burde synes at du er heldig, men tynne jenter veit også at det å være veldig tynn ikkje er nokon udelt glede. Å bli sagt til tynna, spinkelbein er like ille som å bli kalt tjukka eller feita.

Har du etevegring, eller? 
Mange tynne jenter opplever å få spørsmål om dei er sjuke berre fordi dei ser tynne ut. Dette kan være både vondt og vanskeleg, og det er ikkje hyggelig å bli mistenkt for å ha problem med maten. Mange får også slengt ord som ”stankelbein” og ”skjelettet” etter seg, mens vennar kan fortelje deg at du er styggtynn.

 

Det er få bestemødrer som seier at du må slanke deg , men ingen har problem med å fortelje deg at du må sjå å legge på deg, og få litt kjøtt på beina. Det de færraste skjønner er kor vanskeleg det kan være å gå opp nokre kilo.

 

Kva skjer?

Heile kroppen vert svekka av eteforstyrringar, både hjernen og beina i kroppen vert svakare og ikkje så opplagt som til vanleg. Blodet, tennene, munnvika, Høg puls, Nervar og musklar, Trøttleik, slappheit, reduserte senerefleksar, lammingar, krampar. Psykisk Irritabilitet, Næringsomsetning Intoleranse mot glukose Nyrer og urinveier, Nedsatt nyrekonsentrasjonsevne, Fordøyelsesapparatet, Kvalme, brekningar, forstoppelse, tarmslyng.

 

Svoltens psykologi!

Fleire studiar av frivillig svolt hos friske ”forsøkskaniner” viser korleis det kort tid etter eteforstyrringa blei starta.

  • <bilde>
    følingsmessig ustabilitet
  • senka stemningsleie
  • sløving
  • asosial
  • nedsett konsentrasjonsevne og hukommelse. 
  • Du er meir opptatt av mat
  • tap av svoltkjensle.
  • tvangshandlingar og –ritual
  • bisarr åtferd
  • "bulimiske" trekk 

Mangeårig underernæring betyr ein risiko for varige skadar, bla. nedsett hukommelse. Ved fleire tiår med underernæring er det påvist teikn på tidleg demens.

Det er risiko for skader i nervane, som små lammingar og at du ikkje har kjensler, fordi nervane ikkje er tilstrekkeleg beskytta av omkringliggande vev.

 

Avslutning

Anoreksi, bulimi og eteforstyrringar er eigentleg meir innvikla og verre enn kva alle trur. Det er faktisk i verste tilfelle dødeleg. Eg har lært mykje kva som kan skje og kvifor folk får eteforstyrringar. Dei fleste får eteforstyrringar i tenåra, og det kan utvikle seg. Dei som har eteforstyrringar ser ikkje sjølv at dei er tynne og enkelte forstår ikkje kor tynne dei er og forsetter heilt til dei er så tynne at dei ikkje kan gå eller tenke. Det er ein farleg sjukdom og ingen tenker over faktisk kor farleg den er. Det er viktig å følgje med i kvardagen, og seie ifrå dersom ein ser nokon med klare eller uklåre symptom.

 

Kjelder

http://www.lommelegen.no/

http://spiseforstyrrelser.com/presentation/index.asp

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst