Verd å vente på

Om å finne den rette.
Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2000.07.26

Ho kunne få kven ho ville. Alle sa det. Ho kunne få kven ho vil, sa dei, Betty kan få kven ho vil. Der har du ei som kan plukke kven ho vil. Der har du ei som kan peike på mannen ho vil ha, og så får ho han. Kvar kveld sat ho i billettluka borte på kinoen, trykte dei brune inngangsteikna ut av Bell Punch-maskina, små papirlappar som skulle rivast i to når du kom opp trappa til vakta. Betty Jansen var mørk, slank og kunne få kven ho ville. Alle visste det. Ho visste det sjøl også. Ho var for vakker for denne plassen. Med sine filmstjerneauge og sin fint forma munn var ho som skapt for noko større. Det mangla heller ikkje på interesserte menn. Alle visste kven Betty var. Ho sat der bak glaset i smarte drakter og med håret samla bak i ein liten hestehale. I glaset på billettluka var det eit hol der det stod "Tal her", og gjennom det holet prøvde mange unge menn seg på små frieri.

 

Kvar kveld når den store døra til "Sentrum kino" opna, strømma det folk inn i hallen og stelte seg i kø foran billettluka. Ein kunne høyre summinga og mumlinga frå rekkene. Nokon lo høgt. Dei prata om den aller nyaste filmen, ein amerikansk komedie. Ho som vart avbilda på reklameplakaten likna litt på Betty i grunnen. "Det er ho som sit bak luka, veit du", sa ein. Betty’s imøtekommande smil møtte dei i det dei nådde luka. Ein av gutane blunka lurt til henne med det eine auge. "Kva for ein film skal du sjå i dag då ?", spurte Betty og smilte lurt tilbake. Slike små samtaler hadde ho med mange av gjestane. Dei flørtande augnekasta trefte henne midt i andletet, gjennomtrengjande blikk som fraus til is inne i henne. Ho var vakker og dei kjende henne ikkje. Ho var Betty, dama i billettluka, på "Sentrum kino". For dei var det berre ein uskuldig flørt. For henne var det eit vonbrot, eit vonbrot over at det ikkje var han som ho venta på.

 

Kinodirektøren rosa henne for hennes vennlege vesen overfor kundane. "Ho var blid og sjarmerande og tiltrekte seg kundar", fekk ho høyre. Det var ein kompliment. Betty kunne ønskje ho ikkje hadde høyrt han. På skulen hadde ho vore den alle gutane ville ha. Dei syntest ho var vakker. I timane sendte dei henne lappar og spurte om ho ville vere i lag med dei. På barneskulen gjekk ho og leidde gutane i handa i friminutta. I timane teikna ho hjarte i skolebøkene. Alt saman gjorde ho fordi det var morosamt og spanande. Karakterane hennar var ikkje så gode. Ho kom ikkje inn på det studiumet ho ville.

 

Betty kjem aldri til å gløyme den gongen dei sat på bakarste rad, han og ho. Ho hugsar ikkje kva for ein film dei såg, men ho hugsar augo hans, djupe og mørkebrune. Han har sikkert sett mange filmar sidan den gong, men ikkje i lag med henne. Kanskje i lag med ein annan ? Når Betty sit bak luka og tek i dei brune papirlappane, ser ho han for seg. Han sit på bakarste rad i ein kinosal med armen rundt ei jente, ei jente med filmstjarneauge og håret samla bak i ein liten hestehale.

 

Ein gutunge strekkjer handa opp til luka og ber om to barnebillettar til ein Disney teiknefilm. Ho held papirlappane i ei slank hand og gir han dei gjennom luka. "Du har ikkje nokon ring på fingeren", seier guten vanntro. "Er du ikkje forlova?". Betty ler ein trillande latter. Guten er ikkje meir enn åtte år gammal. Korleis kunne han vite at ho aldri hadde hatt ein ring på fingeren. Kanskje visste han at ho gjerne skulle ha hatt ein slik gullring. Ein ring som indikerte at ho ikkje var einsam, at ho hadde ein eller annan.

 

På heimvegen ser ho nokre ungdommar under lyktestolpen på gatehjørnet. To av dei er i lag. Dei held kvarandre i hendene og står tett inntil kvarandre. Dagane blir kortare og luften kaldare. Den siste fargen på blada forsvinn. Dei som eingong var friskt raudt farga er no visne. Det siste livet er soge ut at dei, og dei rotnar.

 

Betty visste at han ville ha funne ein fin ring, ein i kvitt gull kanskje. Kan hende hadde han sett ein ring på handa til ei anna jente ho ikkje kjende. Ingen i bygda kjende han. Dei visste ikkje korleis han var. Kanskje trudde dei at han hadde solbriller og mørkt hår som var greidd bakover, ein slik som kunne passe til henne, høg, mørk og kjekk.

 

Lyden av Bettys høghæla sko lagar gjenlyd i trappeoppgangen. Ho finn avisa til naboen nede i gangen og tek ho med seg opp. Naboen er gammal og har tungt for å gå. "Den som endar opp med deg, får ei snill kone", seier han når Betty kjem med avisa. Ho smiler, snur seg litt brydd og går mot si eiga dør. Nøkkelen er vrien å få rundt. Låsen har starta å ruste. Han treng smøring. Det er Betty som må smøre han. Ingen andre brukar døra.

 

Det er ikkje så mange kundar på onsdag. Betty sit og ser ut gjennom vindauga i den store døra. Det regner. Folk som kjem inn har med seg paraplyar som dryppar og lagar store dammar på steingolvet. Betty tenkjer på det raude bladet ho såg på vegen til kinoen. Det hang åleine yttarst på ei grein og var i ferd med å losne. Det hadde hengt der heile sommaren. Ho hadde ikkje lagt merke til det då det var grønt og hang saman alle dei andre grøne blada.

 

Dei fleste har gått inn i kinohallene no. Det er berre sju minutt til filmen startar. Den store ytterdøra opnar seg endå ein gong , og ein mann kjem inn. Han slår saman ein stor svart paraply. Eit raudt blad, som har landa på paraplyen medan han var ute, fell ned på golvet. Betty finn fram dei siste billettane. Når ho ser opp gjennom holet i luka, tittar ho inn i eit par djupe, mørkebrune auge.

 

På bakarste benk i kinosalen sit ein mann med armen rundt ei dame med filmstjarneauge og håret samla bak i ein liten hestehale.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst