Etter fire håplause år

En lang ventetid er over.

Karakter: 5+ (nynorsktentamen, 10. klasse)

Sjanger
Novelle
Språkform
Bokmål
Lastet opp
2012.11.29

Endeleg! Auga hennar strålte! Dette var begynnelsen på noko nytt og betre. Noko eg aldri hadde trudd. Det er akkurat som ein draum som kjem til verkelegheit. I fire år, fire håplause og lange år hadde eg likt denne jenta. Fire år der eg kvar dag hadde gått rundt og håpt på at det skulle ta slutt. På at forelskinga skulle gå over. For eg fekk ho aldri likevel. Trudde eg.

 

Fire år tok det for ein vanleg gut, kanskje litt meir sjenert enn dei fleste å manne seg opp for og spørja den spesielle jenta med ut. Kvar dag, alle desse åra hadde eg gått rundt og håpt på at ho kanskje tenkte det same om meg, eller at ho i det minste likte meg litt. Eg hadde ikkje turt å spørje ho om noko som helst. Berre gikk rundt og venta på at ho skulle ta initiativet. Tåpeleg. Men i dag var den rette dagen. I dag gjekk eg bort til ho og spurde om ho ville bli med meg ut. Og endeleg fekk eg det svaret eg hadde venta på i fire år. Auga hennar strålte av glede, og dette kunne vere starten. Starten på meg og ho. Meg og Elin.

 

Det er så mykje eg kunne ha sagt om ho. Men det eg veit best av alt, er at ho er den vakraste av alle på heile jorda. Det var ikkje til å ta feil av. Den kvite, reine huda med dei brunraude freknene på den vesle oppstikkarnasa. Eller, ikkje direkte oppstikkar. Den sto litt til vers, men det såg fint ut. Heilt perfekt. Og håret. Håret måtte vera det finaste med heile ho. Utanom auga då, sjølvsagt. Det raude, longe håret som rakk ho ned til hoftene som falt så lett og fint ned langs ryggen då ho gjekk bortover i skulegongen. Då den 1.73 meter høge jenta gjekk rett forbi meg utan å gje meg eit aldri så lite blikk eingong. Dei lyserosa leppene som var forma som eit hjerte, med litt gloss på. Ho brukte ikkje mykje sminke, berre litt. Akkurat nok. Og sist, men ikkje minst auga. Dei grøne auga som strålte uansett. Dei grøne auga med dei longe, mørkebrune vippene. Dei finaste auga i verda. Absolutt.

 

Dette må vere dagen. Den rette dagen i mitt liv. Dagen eg alltid har venta på. Dagen ho sa ja til å bli med meg ut. Eg kan ikkje fatte det. Eg er lykkeleg no, trur eg. Har aldri visst heilt korrekt kva lykke er, men eg trur eg har følt det ein gong før. Når eg fekk eit modellfly av mamma og pappa til jul. Men det var ikkje lykke på same måte som no. Det var sterkare no, minst ti gongar sterkare. Det måtte bety noko. Ho kunne vere den rette. Sjølv om eg enda er ung, kan ho vere den rette. Eg har høyrt om folk som finner kjærasten sin når dei er 15 år, og dei held i lag resten av livet. Berre 15 år. Eg er 19, og har vært forelska i denne jenta sidan eg var 15. Og i morgon skulle eg få møta ho, heilt for meg sjølv. Utan mas frå læraren og andre elevar. Berre oss to. Kan ikkje beskriva kor glad eg er for det.

 

Eg drog håret til siden, håpte at ho likte det som det var. Litt hårvoks måtte til, sjølvsagt. Utan ser eg jo ut som ein vaskemopp. Og det gjekk ikkje an, ikkje på denne dagen. I dag måtte alt sjå bra ut. Kompisane mine hadde sagt at eg ikkje måtte overdrive, eg måtte berre vere meg sjølv. Det skulle eg, eg skulle prøve så godt eg kunne. Særleg å ikkje bli for entusiastisk eller valdsam. Slik likte ho ikkje, hadde Martin sagt. Han kjende henne litt frå før av. Ho er ein ganske roleg type, og det er eg og. Mor mi sa eg såg flott ut og at alt kjem til å gå strålande. Ho visste kva dette betydde for meg, ho visste kor håplaust forelska eg hadde vært i Elin sidan eg fylte femten. Ingen anna. Bare Elin.

 

Eg smalt ytterdøra igjen etter meg då eg gjekk ut. Snøen knirka under beina mine, og lufta var så kald at det nesten gjorde vondt i halsen. Ein frisk vinterdag i Desember. Det hadde begynt å mørkne no, så eg kunne tydelig sjå at det falt litt snø ned frå himmelen der lyktestolpane lyste. Eg gjekk vidare nedover vegen til eg kom til det vesle vatnet. Det hadde fryst no, så endene var der ikkje. Stakkars, dei visste vell ikkje heilt kor dei skulle gjera av seg. Då eg var liten gjekk meg og mormor alltid ned her for å mate endene. Det huskar eg godt. Men då var eg veldig liten, så liten at eg nettopp hadde lært å gå, og visste ingenting om kva som skulle skje seinare. No gjekk eg litt fortare, for det begynte å bli kaldt og nervøsiteten steig høgare og høgare for kvart skritt eg tok.

 

Der sto ho. Elin. Med det lange, raude håret og ein lue på. Vinterjakka hennar var kvit, nett som snøen og ho hadde støvlettar på seg. Eg kunne sjå at ho frøys litt. Eg gjekk nærmare, og mitt hjarte dunka som bare det.

- Hei, sa ho og smilte.
- Hei, kjekt å sjå deg, sa eg.
- Kjekt å sjå deg og! Skal vi gå ned til det store vatnet og mate endene? Eg syns så synd i dei, så eg tok med litt brød. Det er ikkje mange som mater dei no om vinteren. Vi kan gå opp til meg etterpå, viss du vil?
- Klart det. Det ville eg meir enn noko anna.

Vi gjekk ned vegen til vi kom til vatnet. Det låg nokre endar og duppa opp og ned i vatnet. Såg ut som dei hadde det greitt. Vi gjekk heilt ned til vatnet, då ho drog opp ein liten pose med litt oppskore brød.

- Eg veit det er litt barnslig, men slik er eg. Vil du og mata?
- Eg syns det er koseleg eg. Gje meg litt brød då, sa eg.
Ho strakte ut handa og ga meg ein bit med brød mens ho smilte og lo litt.
- Eg trur meg og deg går godt ilag, sa ho. Då smelta eg innvendig.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst