Ein dag i livet som reklame-slave

Dette er en nynorsk novelle. Den inneholder mange virkemidler, og handler om en jente som står opp for seg selv. Hun slutter i jobben som modell.
Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2019.05.11
Tema

Eg sat ved det lekre IKEA-bordet og drakk eit glas næringsrik multivitaminjuice frå Tine. Kvifor? tenkte eg mens eg smilte til kameraet. Eg antok at smilet fekk meg til å sjå lykkeleg ut. For det var det dei ville. Det var det dei forventa. Ei glad jente som drakk den beste juicen. Eg fortsette med å posere med juicen. Kor lenge vil dette vare? Den fotografen er like langsam som ein snegle, tenkte eg oppgjeven. «Er vi ferdige snart?», spurde eg så pent eg kunne. «Snart», sa fotografen kaldt utan å røre ein muskel. Det hjelpte ikkje på humøret. Sjølv om det var vanskeleg å vere sur på ein dag som denne. Sola skein, himmelen var blå og fuglane kvitra, men eg følte meg som natta. Kald og mørk. Korleis hamna eg her? Det som ein gong var draumejobben hadde i dag gjort meg til ein slave. Ein reklame-slave. Smilet må ha forsvunne for fotografen ropa namnet mitt. «Amanda!», ropte han strengt. Tosk, tenkte eg. «Ja, Charlie?», svarte eg høfleg. «Smil.», eg gjorde slik han sa, som den slaven eg var.

Eit par hundre bileta seinare var eg endeleg ferdig. No skulle eg heim. Nokon regnskyer hadde dukka opp på himmelen, som om denne dagen ikkje var nok av ein regnsky. Det var som om eg vart sikta på av universet. Ugh, tenkte eg.

Eg hadde kome eit godt stykke unna studioet, då ein buss køyrde forbi. Det var nokon ungdommar i bussen som fekk auge på meg. Dei vart så oppglødd at eg måtte bringe fram det falske smilet. Dei peika og flirte. Ja, ja, det er meg, tenkte eg mens eg gav dei eit par stadfestande nikk. Bussen køyrde vekk og mitt triste ansikt kom frem.

Det tok meg 40 minutt å komme heim. Skulle ha tatt bussen. Sliten og med tung pust kom eg fram til huset mitt. Eit lite, men koseleg kvitt hus. Eg satte den harde og kalde nøkkelen inn i låsen. Like hard og kald som hjartet til Charlie, tenkte eg då eg opna inngangsdøra. Eg fekk ein varm velkomst av hunden min, Bob. Han hoppa på meg for å gje meg ein klem. «Hei, du», sa eg mens eg strauk handa mi over han. Eg gjekk vidare inn på kjøkenet, og han følgt etter meg.

På kjøkenet kokte eg opp litt vegansk, fettfri mat og tok det med til stova. Det var ikkje noko bra på tv. Sett det, sett det, kjeeeedeleg, sett det, tenkte eg då eg gjekk gjennom tv-kanalane. Eg skulle til å slå av tv-en då eit kjendisprogram kom på. Uuuu. «Samantha har bestemt seg for å slutte! Ho kjem til å øydeleggje alle våre karrierar.», det var ei jente som snakka til sin manager. Så skifta scenen seg til Samantha som prøvde å forsvare seg. «Eg vil berre ut av dette slaveriet. Eg vil leve mitt eige liv. Utan å måtte smile for kameraet heile tida.» Orda til Samantha gjekk på loop i hovudet mitt. Slaveri…leve mitt eige liv. Eg kjente meg igjen i Samantha sine ord.

Eg la frå meg bollen med ekstrem sunn mat, og sto brått opp frå den lekre sofaen. «Det er på tide å ta ansvar!», sa eg til meg sjølv, imens Bob stira på meg med skrekk i auga. Eg gjekk fort til gangen, tok på meg ytterjakka og skoa, også fauk eg ut døra. Eg spurta tilbake til studioet kor eg skulle slutte i den elendige jobben. Eg styrte livet mitt, ingen andre. Innan 25 minutt sto eg framfor døra til Charlie. Eg såg han snakke med manageren og assistenten min. Planen var å bryte opp samtala og skrike ut orda «eg sluttar», men då eg opna opp døra fekk eg ein overrasking. Eg var nærme nok til å høyre samtala, og det eg høyrde endra alt. Eg brast ut i tårer.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst