”Eg er så glad i deg!”

Vold i et kjærlighetsforhold.
Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2008.11.23

”Eg er så glad i deg”, sa han, med anger i stemmen. Det skal aldri skje igjen. Eg lovar deg det. Ho hadde litt medkjensle med han, ha hadde jo oppfordra han til det. Ho var villig til å tilgi han for denne gangen. Det var så lenge sia han hadde gjort det sist. Kanskje han verkeleg hadde forandra seg denne gangen? Ho tok imot blomstene han rakte til ho. 20 raude, flotte roser. Ho lova seg sjølv at dersom han så mykje som slo lekent til hennar, så skulle ho vere sterk og gå fra han.

 

”Ikkje slå!” skrik kvinna. Mannen hennar står valdeleg og stor for ho, med den gullforgylte lysestaka i den eine handa. Rommet er tussmørkt og dei lyse, fine gardinene er blitt trekt hardt om. Ein einaste stråle av lys treffer veggen innanfor. Lyset kjem frå veg-lampa ute, for natta har for lengst lagt seg.

 

Han begynte å slå ho då han ikkje fekk det som han ville. Ho hadde laga ein flott og delikat middag som sto ferdig på bordet då han kom frå jobb. Han hadde vore glad da ho hadde sagt at ho kunne ta oppvaska også. Alt hadde vore problemfritt heilt til ho ved halv-ti-tia hadde spurt om ho kunne sjå på yndlingsprogrammet sitt på TV. Det var alltid han som fekk bestemme kva som blei sett på på TV. Han var eineherskaren.

 

Slik som dette hadde skjedd eit par gonger før også. Ein gong hadde ho gått frå han, men då han kom krabbande på knea sine for å be om unnskyldning, hadde ho ikkje makta å avvise han. No var dei sambuande, dei hadde vore det i seks månader no, og dette var første gong han hadde slått ho etter at dei flytta saman.

 

Dei hadde vore kjærestar sidan ungdomsskulen. Alt hadde handla om dei. Han hadde vore den beste kosk i verda. Ho hadde fått sommarfuglar i magen kvar einaste gong han hadde sagt, ”eg er så glad i deg” til ho. Ikke det at han aldri sa det lenger. Han sa det no også, men det var ikkje så ofte som før.

 

No, når ho lå her på golvet var ho heilt hjelpeslaus. Mannen som ho hadde vore så glad i, sto no med eit glimt i auga som ho ikkje hadde sett før, det var ikkje av den gode type glimt. Ho såg seg rundt i det store, lyse rommet. Ho var livredd. Auga flakka. Kroppen skalv. Ho kunne se han var sint, sintare enn før. Eit sinne som han hadde klart å styre i ein lenger periode.

 

Ho skjønte eigentleg ikkje kva ho såg i denne typen. Han var lang, breidskuldra, godt trent og han hadde triumferande auge som kunne trollbinda ein, men han var ingen romantikar. Slett ikkje. Det hadde aldri skjedd at han hadde kommi med frukost på senga, eller at han hadde laga ein romantisk middag. Aldri. Han var berre snill når han fekk det som han ville. Ikkje elles. Det var han som bestemte alt. Gjekk ikkje alt etter hans pipe blei han rett og slett sutrete.

 

Han slog igjen, hardare denne gongen. Ho kom til å bli heilt blå og raud i morgo, om ho i det heile tatt overlevde natta fekk ho vere glad. Det ar ikkje noko ho kunne gjere med det. Han var mykje sterkare enn ho, sånn var det berre. Mørke skuggar smaug seg oppover dei pent panelte veggane i stua deira. Lysstripa som skalv på veggen trefte ein kropp som låg sammankrølla på golvet. Ho hadde besvimt etter mange harde slag. No vakna ho opp til eit tomt hus. Ho var glad han hadde gått ut ein tur. No hadde ho litt tid til å tenkje. Det første ho gjorde var å gå inn på det lille blå badet og titte inn i spegelflata som ga ho eit stygt syn. I den tannpastaflekkene spegelen såg ho eit meget bleikt audlet med blodraude merker. Ho tok av seg toppen og såg at ho hadde store lilla-blå merker på bryst og nedre rygg.

 

Fottrinn nerma seg utanfor døra. Han var på veg inn den store trefarga ytterdøra. Nøkkelen trefte låsen og ga eit lite ”klikk” då han åpna seg. No var han inne. Ho kunne høyre at han gjekk med forsiktige steg inn i stua. Då han såg at ho ikkje var der, gjekk han vidare rundt i leilegheiten. Varsamt ropte han på ho. Ho var heilt stille. Tenkjte på kva ho skulle gjera. Han sto utanfor døra hennar no, ho kunne føle pusten hans. ”unnskyld,” sa han trist, ”det sal aldri skje igjen. Eg lovar”. Ho lukka døra varsamt opp. Såg inn i dei fortvila auga til mannen som ho var så glad i. såg på buketten med flotte raude roser, som han kom beraanda på. Ho såg angeren som velta seg ut av han. Ho kjente ho blei mjuk. Ho hadde ei tilgivande sjel, av natur. Kva om han verkeleg hadde forandra seg!? Ho var villig til å gi han ein sjanse til. Berre ein. Om han så mykje som slo lekent til ho, skulle ho reagere. Ho lova seg sjølv dette. Ho tok imot blomstene som han rakte ho, gjekk ut på kjøkkenet. Sette blomstrane i ei raud og blå vase og hørte mannen hennar si ”Eg er så glad i deg!” ho mjukna meir og gjekk og kyssa han.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst