Analyse - Alle vi

Novelleanalyse av novellen "Alle vi" skrevet på nynorsk. Oppgaven fikk 5.
Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2020.12.10
Tema

Novella «alle vi» av forfattar og lyrikar Marit Kaldhol vart utgitt i novellesamlinga «alle vi» i 1993. Kaldhol er utdanna lærar, men debuterte som forfattar i 1983. Ho skriv mest for barn og unge, og novellene hennar blir kjenneteikna å ta opp tema som mobbing, utestenging og sorg.

Motivet i novella er ei jente som heter Lill Miriam, som tidlegare har gått på ballett. Ho blir mobba av dei andre jentene på balletten på grunn av storleiken hennar. I løpet av novella følger vi jentene og Lill Miriam på stranda, og mobbinga tar ein uventa veg. Lill Miriam blir tvinga ut i vatnet sjølv om ho ikkje kan symja, og novella enda med ein dramatisk slutt.

Tema i novella er vondskap og mobbing. I novella kjem det tydleg fram at Lill Miriam har vore utsett for mobbing ei lang stund. I teksten seier de blant annet «Lill Miriam er så gørrfeit at vi blir heilt kvalme av å sjå på alt flesket». Dette understrekar det faktum av kor slemme dei er med henne.

Novella handlar òg om det å stå utanfor eit fellesskap, og om å ikkje ta ansvar for sine eigne handlingar. Eit døme frå novella er at jentene pressar Lill Miriam til å gjera ting ho ikkje ønsker, og så spring frå henne utan å ta konsekvensane for det dei gjorde mot henne. Hovudpersonen i novella er Lill Miriam. Både Lill Miriam og mobbarane er statiske og forandrar seg ikkje igjennom forteljinga. Lill Miriam blir beskriven som overvektig og talentlaus, men dette er beskrive frå mobbaranes perspektiv og kan ikkje stolast på.Forholdet mellom Lill Miriam og mobbarane er konfliktfylt. Dette kan vi bekreft ved alle nedlatande kommentarar frå mobbarane, til dømes: «Vi orkar ikkje å sjå på det feite ansiktet».

Miljøet handlinga speler seg ut i er ein varm og herleg solskinsdag, rundt midten av nittitalet. Denne miljøskildringa er ein kontrast til den dystre handlinga som eigentleg går føre seg. Vi er også i eit ballett- og ungdomsmiljø som blir prega av sterk gruppementalitet og mobbing.

Novella startar med eit avsnitt der vi får inntrykk at Lill Miriam har vorte mobba tidlegare. Novella startar roleg, og vi blir kjent med forholdet til personane. Handlinga skjer i kronologisk rekkefølgje, ved unntak av innblikket i forholdet deira.

Spenninga stig når dei er på stranda og jentene skal dytta Lill Miriam i vatnet. Vendepunktet i novella kjem når jentene held hovudet til Lill Miriam under vatnet, og dytta ho langt ut i havet. Spenningstoppen er når ho sluttar å kjempa imot og sluttar å beveg på seg. Spenninga er sentral frå dei byrjar å dytta Lill Miriam ut i vatnet og til dei forlèt henne livlaus på stranda. Vi får ikkje veta korleis hovudpersonen tenker og føler. Synsvinkelen er skrive i personal synsvinkel frå ein av mobbarane. Dette kan vi sjå i forteljinga med setninga "Eg har ny badedrakt". Forteljinga er subjektiv fordi vi får berre sjå og høyra mobbaranes perspektiv.

Språket i teksten er direkte og skrive på ein ungdomleg måte. Det er korte og direkte setningar som gir eit alvorleg preg på teksten og handlinga. Det er brukt verkemiddel som kontrastar og gjentakingar. I teksten blir "balletten" gjentatt fleire gonger, og dette symboliserer og forsterkar inntrykket om utestenginga som går føre seg. Balletten blir brukt som eit fellesnemning for alle utanom Lill Miriam, som understrekar utestenginga ho blir utsett for. Kontrasten i novella er kontrasten mellom korleis jentene beskriv seg sjølv og handlinga dei utfører. I novella framstiller dei seg som perfekte, dei er fine og god på balletten, medan handlinga dei utfører er dystar og grufull. Novella har mange replikkar som gir eit realistisk og direkte preg. Vidare er novella skrive med ein open slutt som gir ein spennande avslutning på teksten.

Novellas overskrift "Alle vi" er i seg sjølv eit sterkt intrykk. Den symboliserer den utestenginga og gruppementaliteten som novella handlar om. I novella blir "alle vi" brukt på lik måte som «balletten» blir brukt. "Alle vi" blir brukt på ein negativ måte og forsterkar inntrykket om korleis ein som står utanfor fellesskapet har det. I novella får ein sterk medkjensle for hovudpersonen. Det er ein sterk tekst om eit svært viktig tema. I samfunnet vårt er det dessverre mange liknande historier som denne, og då er det viktig å setja lys på desse dystre historiene. Teksten reflekterer over korleis mobbing kan føregå, og kor stygge menneske kan vera mot kvarandre. Novella er skrive på ein måte som treffer dei unge, og måten bodskapen er framstilt på er sterkt og får lesaren til å tenka og reflektera over handlinga.

Kilder:

Kaldhol, Marit (1993). «Alle vi» frå novellesamlinga «Alle vi». Samlaget, «Marit O. Kaldhol» frå: https://samlaget.no/collections/marit-kaldhol (Lesedato 09.11.20)

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst