Sovjetunionen

Om du trenger fakta om Sovjetunionen etter 2. verdenskrig. Notater jeg laga for å øve til prøve.
Sjanger
Faktaoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2009.03.10

Leiarar i Sovjetunionen og Russland i den kalde krig

d. 1953 – Josef Stalin

1953-1964 – Nikita Khrusjtsjov

1964-1982 – Leonid Bresjnev

1982-1984 – Jurij Andropov

1984-1985 – Konstantin Tsjernenko

1985-1992 – Mikhail Gorbatsjov

 

Dei siste åra til Josef Stalin

- om lag 20 millionar sovjetborgarar drepne

- dei vestlege delane av landet låg i ruinar

- brukte enorme ressursar på å få landet på beina igjen

- forsvaret slukte enorme summar (fordi dei frykta USA og Vesten)

- Stalin vart kalla : ''vår kjære førar og lærar'', eller ''den store Stalin''

- hadde og fiendar, til trass for dei som forguda ham

- mange arresterte og avretta mistenkt for å styrte ham : slik sytte han for å ha taket på dei nærmaste mennene sine

- døydde brått i 1953, 73 år gamal

 

Nikita Krusjtsjov

- fekk makta etter Stalin

- lettare forhold i landet pga :

- journalistar og forfattarar fekk friare forhold

- millionar av politiske fangar vart sette fri

- Nikita to eit kraftig oppgjer med Stalin 1956

- forsatt forfattarar som vart arrestert, framleis ein diktatur

- materielt sett betre for folk, framleis betre i Vesten

- 1964 – Nikita felt av dei nærmaste medarbeidarane

- strengare forhold igjen, men ikkje så strengt som med Stalin

- Leonid Bresjnev overtok makta, døydde i 1982

- Jurij Andropov sat med makta i to år

- Konstantin Tsjernenko døydde etter eit år

- alle dei tre mennene var gamle og svake, og døydde

- gammalmannsvelde

- landet hadde store problem, blant anna for dei var innblanda i krigen i Afghanistan kor mange unge sovjetborgarar døydde.

 

Økonomisk krise og sosiale problem

- vanskeleg å skaffe dei varene folket ville ha, dei hadde pengar, men lite varer

- planøkonomi : det var laga mykje av det folk ikkje ville ha og lite av det dei ville ha

- ingen økonomisk konkurranse -> lita interesse for å gjere varene betre og billigare

- varene greidde seg dårleg i konkurranse med Vesten

- sakka enda meir ut ettersom dei andre fekk datateknologi

- dårlege sosiale forhold

- kolossale øydeleggingar på naturen

- lav levealder

- lita tru på ei framtid

- alkoholisme eit stort problem

 

Motsetnadene mellom folk

- bestod av 15 republikkar

- Russland størst, så Ukraina

- russare omtrent halvparten av befolkninga i unionen, mange budde i andre republikkar

- det va ikkje russarene i ulike land som måtte lære ulike språk, alle i unionen måtte lære russisk.

- unionen bestod av ei mengd ulike folkeslag, religionar og språk

- motsetnadene mellom folkegruppene som styremaktene prøvde å dysse ned

 

Reformene til Gorbatsjov

- Gorbatsjov mykje yngre enn tidlegare leiarar

- han var og klar over problema i Sovjetunionen

- ønskte å endre på problema

- ''glasnost'' : å vere open

- ville at folk skulle snakke fritt, sei kva dei meinte

- ''perestrojka'' : omforming

- han og medarbeidarane ville opne moglegheitene for meir privat intiativ

- kunne starte eigne små verksemder

- tok tak i andre problem og, som for eks alkoholisme

- prisen på vodka auka kraftig

 

Vanskane tårnar seg opp

- endringane i den økonomiske politikken var knapt merkande for folk flest

- glei inn i ei økonomisk krise, folk fekk det verre

- likevel : folk våga å klage og vise at dei var misnøgde, som dei rette mot Gorbatsjov

- streikar og uro speia seg

- motsetnadene mellom folkegrupper kom fram for alvorleg

- alvorlege konfliktar som kosta mange menneskeliv

- i 1990 stod ikkje kommunistpartiet i noko særstilling lengre

- det kunne bli skipa andre parti -> Sovjetunionen var i ferd med å bli demokrati

- sjølve unionen var i oppløysing

- i republikkane byrja ein å stille spørsmål om det var nødvendig med ein union

 

Kuppforsøket mot Gorbatsjov

- ein del som sat i viktige maktposisjonar ville ha att det gamle kommunistiske systemet

- prøvde eit kupp mot Gorbatsjov

- sommaren 1991 : Gorbatsjov på ferie med familien på feriestaden ved Stillehavet, fekk husarrest

- store hærstyrkar rulla inn i Moskva

- innbyggjarane demonstrerte i gatene mot kuppforsøket

- soldatane nekta å skyte demonstrantane

- kuppforsøket vart gitt opp

- då Gorbatsjov kom tilbake var det klart at hans tid som politikar og leiar var over

- Boris Jeltsin, gammal president i Russland, tok over, men Sovjetunionen vart dømd til døden

 

Oppløysinga

- Latvia, Estland og Litauen hadde i fleire år prøvd å rive seg ut frå unionen

- Gorbatsjov hadde ikkje akseptert dette

- det hadde kome blodige samanstøytar mellom befolkninga og sovjetisk soldatar

- etter kuppforsøket reiv dei seg laus

- den eine etter den andre republikken reiv seg laus

- juletider 1991 kunngjorde Jeltsin Russland, Ukraina og Kviterussland som sjølvstendige

- unionen -> 15 nye statar

 

Utviklinga etter av Sovjetunionen braut saman

- ikkje dans på roser etter kommunismen

- mange fekk det verre enn kva dei hadde hatt i det tidlegare Sovjetunionen

- næringslivet privatisert på rekordtid

- ei rekkje verksemder lagd ned -> arbeidsløyse auka kraftig, sosiale gode tekne bort (gamle folk tagg å gata fordi pensjonane var utan verdi)

- prisane steig i rekordfart, tok lang tid før folk fekk løn, kriminalitet auka

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst