Ungdomanes val

Ungdommer må ta viktige valg, som staker ut kursen for voksenlivet på ulike måter.
Sjanger
Essay
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2010.11.14

Vi ungdomar må gjere mange viktige val, akkurat som dei vaksne må. Det kan ofte vere vanskeleg, fordi mange val har store konsekvensar for framtida. Ofte er man ikkje sikker i dei vala ein skal ta, og det er lett å føle seg litt i villreie. Valet kan også ha konsekvensar for andre enn ein sjølv, og ein sitter gjerne igjen med dårleg samvittigheit om valet visar seg å være dårleg.

 

Eit av dei første store vala ungdom må ta, er kva for ein utdanning ein vil ha. Allereie når ein er rundt 15-16 år må ungdom bestemme seg for om man vil ta studiespesialiserande eller yrkesfagleg utdanning. Om ein vel feil risikerar ein å måtte begynne om igjen, og dermed ha følelsen av å ha kasta bort eit eller fleire år. Greitt, ungdommane får jo hjelp frå rådgivarar på skulen, og andre om dei spør. Men eg trur ungdom rett og slett er litt redde for å velje utdanning, fordi dei er redde for å velje feil. Det er jo eigentleg ganske tidleg å avgjere resten av utdanninga når du er 15 år, er det ikkje? Eg sjølv synast det er vanskeleg å vite kva eg vil studere etter vidaregåande, og det er totalt fjernt for meg å tenkje på kva eg skal jobbe som når eg blir stor.

 

Om noen du kjenner eller omgås med gjer noe ulovleg, kan det vere vanskeleg å vite kva ein skal gjere. Viss du fortel noen om det du veit kan det kanskje få konsekvensar for deg sjølv. Eller kanskje du har misforstått situasjonen og personen slettes ikkje har gjort noe gale likevel? I slike situasjonar kan det vere enklare å holde tett, og ikkje fortelje noen om kva ein veit. Her er eit eksempel: Du har ein god jobb som du er veldig nøyd med. Lønna er bra og du er veldig nøyd med kva du gjør og arbeidstidene dine. Så kommer det ein dag du finner ut at sjefen din gjer noe ulovleg. Om du fortel ein kollega om kva du veit, kan det hende kollegaen fortel kva du har sagt til sjefen din, og du risikerer å få sparken. Og kva om informasjonen du har, er feil? I slike situasjonar er det mykje enklare og ikkje seie noe, og berre late som ein ikkje veit noe. Men er det moralsk riktig?

 

Eit anna vanskeleg dilemma kan vere at ein opplever at noen blir mobba eller behandla urettferdig. Skal ein fortelje noen om det ein veit, eller berre late som ingenting? Det første ein tenkjer er sannsynlegvis at ein må fortelje noen om kva ein veit, så personen som ikkje blir behandla riktig får den hjelpa han eller hu treng. Men kva om det får konsekvensar for deg sjølv eller andre? Sjå for deg at personen som mobbar er ein viktig person som andre menneskjer er avhengig av, for eksempel ein flink fotballtrenar. Denne fotballtrenaren plager ein av spelarane på laget, men er likevel ein veldig viktig og god trenar for resten av laget. Om folk får vite at han plager ein av spelarane på laget, vil han sannsynlegvis miste jobben som fotballtrenar. Dette påverkar ikkje berre trenaren, men også heile laget som nå står utan trener. Kva om dei ikkje finn ein like god trenar, og endar med å spele ein skikkeleg dårleg sesong fordi dei manglar ein god trenar? I slike situasjonar er det ikkje alltid like lett å vite kva ein skal gjere.

 

Når ein er ungdom er det også viktig å velje riktige vener. Om ein ender opp i feil venegjeng kan det ha store konsekvensar for korleis personen utviklar seg til å bli. Det er jo nettopp i ungdomstida ein skal finne ut av kven ein er som person og ein skal forberede seg til å bli vaksen. Om man da opphald seg i et usunt miljø med for eksempel alkohol, dop og steling kan det vere vanskeleg å få eit riktig syn på slike ting. Gode vener er ein viktig del av ungdomstida, og om du vel vener som sviktar deg, pressar deg til ting eller rett og slett ikkje behandlar deg bra, kan synet ditt på vener endre seg. Kanskje endar du opp med å ikkje stole på menneskjer, eller kanskje det blir vanskeleg for deg å sleppe menneskjer innpå deg seinare i livet.

 

Sett bort i frå dei eksemplane eg har nemnt ovanfor, vil du kvar einaste dag komme borti store og små val du må ta. Det er ikkje alltid like lett å vite kva ein skal velje. Men viss du tar eit val som er moralsk riktig, og som du veit du kan vere stolt av seinare, trur eg du har ein god sjanse til å gjere eit godt val.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst