Noreg for Nordmenn

Ein stil om å være litt annerledes.

Karakter: 5+

Sjanger
Essay
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2002.05.22
Tema
Rasisme

Eg sit framfor vindauget i stova. Tel bilar som passerer blokka eg bur i. Fører nøyaktig statistikk over kor mange bilar av kvart merke, og modell som passerer. Det kunne ha blitt ei bra veke, og VW var soleklart på topp. 239 bilar der 89 av dei var Golf og 78 Passat. Flest blå og grå. Gjennomsnittet av passerande bilar denne veka vart berre trekt ned av den "forbanna" søndagen. Det hadde sikkert vorte rekord om ikkje den hadde vore til.

 

Det går ei eldre dame nede i gata. Dei bleike lysstrålane frå gatelyktene blir reflektert i det kvite andletet. Håret er tydelegvis farga til ein mørk brunfarge. Tydelege furer er rissa inn i det gamle og ikkje minst herja andletet. På skuldera hennar har det ein gong vore ei elskande hand. Men den er borte no. Vart påkøyrd av ein svenskregistrert bil for nokre år tilbake. Eg går ut frå at bilen var stolen av utlendingar.

 

Lengre nede i gata kjem ein svart mann frå eit eller anna land utanfor Europa. (Sikkert Pakistan). Han går med ei hand nede i lomma og ei heng slapt ned langs sida hans. Som ein tynn bære-pose frå Rema 1000, utan innhald.

 

No til dags kjem det invandrarar til Noreg heile tida. Med fly og ubåtar og eg veit ikkje kva. Dei er frå Pakistan, Zulu, Kenya eller kva no dei landa heiter. Svarte som sot. Kjem her for å utnytta skattesystemet og voldta damene våre. Akkurat slik som så mange andre her i landet gjer. Men når dei er norske, så gjer det ingen ting, for det er deira eige heimland.

 

Kvar gong ein utlending går ut av ein norsk butikk, så pip alarmen. Utan unntak skjer det, skal me tru tabloidavisene. Og det gjer eg jo så gjerne. Høyrde ein gong om ein pakistanar som vart stoppa av ei vakt. Under jakka hans var det ein videospelar og 2 datamaskinar. Makan til å vera frekk! Det ville ikkje ein real nordmann ha gjort.

 

Nede på vegen er dama i ferd med å gå forbi blokka mi. Innvandraren ser eg ikkje. Han er kamuflert av den mørke natta, og utnyttar vel sjansen til å urinera på huset til ein nordmann. (Han nyt vel kvar dråpe!) Og eg veit at han er der ute framleis. Jaktar på byttet sitt. Hoppar frå skugge til skugge. Pønskar ut korleis han kan gå til åtak utan at den andre merkar noko.

 

Det står tydeleg for meg at innvandrarar ikkje eig samfunnsånd. Stel alt dei kjem over. Til og med bilar.

BMW kabrioleen som Kari og Ola Nordmann har kjøpt kontant på ein dyr butikk. "Krusar" rundt på feil side av vegen i 190 km i timen, utan og verta tatt. Viss f.eks. ein norsk politikar hadde gjort det samme, hadde han "angra" bittert og aldri gjort det igjen. Og når dei ein av "dei nye landsmennene", som det heiter på fint, er så uheldig at dei krasjar bilen til Kari og Ola, så klagar dei attpåtil på det norske helsevesenet: "Oss behandle verdig dorlig", seier dei kansje på norsk-pakistansk dialekt. Som om det er noko betre der dei kjem frå.

 

Zulu-krigaren er snart oppe ved sida av den eldre dama. Eine armen planta i lomma. Har han ein revolver? Eg veit ikkje. Kan hende. Ser ikkje så mykje frå min synsvinkel. Han bøyer nakken og gjer seg klar til åtak. Men han går ikkje til åtak. Går berre forbi slik som vanlege norske folk plar gjera. Eg trur eg ser syner!

Den gamle grip om stokken (med is-brodd) og gir seg til å slå laus på mannen. Han fell i bakken, men gamla gir seg ikkje.

 

"2 dager etter"

Sit og les i avisa. Då ser eg det. "Einarma Somalier slått ned på open gate! Les meir meir om hendinga side 5". (VG)

 

"Somalieren som vart slått ned igår, mista den eine armen av ei landmine for 2 år sidan. Men denne gongen var det blind vald som ramma mannen. Han har store smerter i armen og har kutt i magen som minner mykje om knivstikk. Kjelder innanfor politiet seier at "gjerningsmannen" skal vera ei norsk dame i 60-70 års alderen. Politiet står nesten utan spor i saken".

 

Tenkjer. På innvandrarar. Ein sjuk tanke går gjennom hovudet mitt. "Kansje eg tok feil når det gjaldt utlendingar?" Eg legg tanken frå meg nesten før den er laga. "Faen ta dei alle saman!" Ubrukelege er dei alle!

 

Eg skrur på tv’n. Der står Otto Jespersen med "ei utstrakt hand til alle innvandrarar. Nyheter for nye landsmenn." Ler til eg dett tilbake i sofaen og får eit digert hoste-anfall p.g.a mangel på luft. Stakkars "brune jævlar"!

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst