Svartedauden

Drøfting om svartedauden, var det bare negative følger av svartedauden.
Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2020.10.07
Tema

I denne artikkelen skal eg ta for meg svartedauden i seinmellomalderen, eg vert å gjere greie for kva svartedauden var, og drøfte om årsakene og konsekvensane av pesten som både Europa og Noreg fekk av den. 

Svartedauden, også kalla den sorte daud, var den store byllepesten som herja i Europa og Asia på midten av 1300-tallet, epidemien markerte byrjinga på seinmellomalderen. Den vert regna som ein av dei verste pandemiane i historia. Den sorte daud var ein katastrofe som skapa enorm frykt blant europearane. (Larsen, Øyvind. Sml.snl.no, 2014) 

Pest vert spreidd via dyr og difor blei det anteke at Smittestoffet var bakterien Yersinia Pestis som blei tilverka frå Kina til Europa gjennom dei populære handelsrutene mellom Asia og Europa som følgje av lopper, desse loppene blei ifølgje teorien overført frå rottene og daude menneske som var blitt smitta. Det var loppene som overførte sjukdommen frå rottene til menneska. Europa hadde tett befolkning på dette tidspunktet, noko som gjerde Europa spesielt sårbar for epidemiar. Innan to år spreidde pesten seg frå Middelhavet til Vest-Europa og vidare til Skandinavia. (Norgeshistorie.no, 2019. Svartedauden)

I seinmiddelalderen var svartedauden det første utbrotet av pest, og mest sannsynleg det som tok flest liv. Pesten var svært alvorleg og smittsam, noko som førte til daude på berre nokon få dagar. I Mellomalderen hadde ikkje lækjarane antibiotika, og difor blei situasjonen ein total krise. Det blei anteke at meir enn halvparten av befolkninga i Noreg daude, og at om lag 60% av Europas befolkning daude ut. Svartedauden førte til både sosiale, politiske, økonomiske og kulturelle endringar. (Aastorp, Harald. Forsking.no, 2004)

Pesten førte til at befolkninga staup, noko som igjen førte til økonomisk nedgang, matmangel, og svekka banda til føydalherrane. Kyrkja blei hardt råka, årsakene til dette var at prestane måtte hjelpe og pleie dei sjuke, og difor daude dei sjølv. Samstundes blei aristokratiet svekka som følgje av svartedauden. 

Kyrkja blei hardt råka av pesten, men sett frå eit anna perspektiv blei kyrkjas åndelege makt styrka av den forferdelege krisen. I mørke tider var det kyrkja det truande folk vende seg til. 

Sjølv om pesten tok mange liv, og mange mista sine næraste blei det betre levevilkår for bøndene. Bøndene kunne altså leve eit enklare liv etter pesten samanlikna med då dei levde under høgmellomalderen då befolkninga hadde vakse mykje og levevilkåra for bøndene var tronge med eit strengt føydalt system. Det var vasallane som kontrollerte bøndene før svartedauden. I seinmiddelalderen blei det rikeleg med jord, den dårlegaste jorda blei forlate, altså øydegardane. Tiden etter svartedauden var prega av at færre måtte konkurrere om dei same ressursane. For bøndene var det lettare å forhandle med jordeigarar når det gjaldt leigepris, sidan etterspurnaden av jord gjekk ned. Folk flytta til dei meir sentrale strøken, og resultatet av dei betre kårane var at det blei vanleg å halde husdyr. Meir mat sikra eit betre og meir variert kost mellom bøndene.  

Bøndene fekk det altså betre etter pesten, men adelen i motsetnad til bøndene, fekk det vanskeleg og utfordrande. Befolkningsnedgangen førte til at adelen ikkje klarte å få inn like mykje landskyld som før, det blei heilt umogeleg med så lite folk. Dei velståande godseigarar gjekk konkurs, sidan arbeidsstyrken var redusert, steig prisen på arbeidskraft også. Det svekka føydalismen, men nokre stader i Europa klarte adelen trass alt å oppretthalde makta si og skatteinntektene med militære styrkar og samarbeid. (Cappelendamm.no, 2009. problemstilling: konsekvensar av pesten)

Når det gjeld kunst, satt svartedauden sitt preg på den. Mange av kunstnarane byrja å bruke daude som eit tema i kunsten sin. Daudsdans som var ein kjend sjanger blei eit populært allegorisk utrykk for makta til dauden, som blei framstilt som skjelett og lik. 

Norge fekk også mange konsekvensar av svartedauden. Landet opplevde som sagt stor befolkningsnedgang under pesten, det svekka landet og førte til at dei gjekk inn i union med Danmark og deretter Sverige. Kyrkjene stod tomme på grunn av enorm mangel på menneske i tillegg til det var dei fleste som kunne skrive daude. Konsekvensane av det igjen var tap av makt og innverknad. Men dei bøndene som overlevde pesten fekk det betre, sidan det blei meir tomt jord og mat som følgje av mykje fruktbar jord. Det var meir dei med mykje makt og innverknad som fekk mange negative konsekvensar, på grunn av låge skatteinntekter.  

Politisk sett stod Norge veldig svakt, kongemakta klarte seg i berre nokre få år til, og dernest var landet nøydd til å gå i union med Danmark. I unionen fekk ikkje Norge mykje makt, det stod veldig svakt. Dette var ein viktig faktor som førte til at Norge mista sin sjølvstende på 1600-tallet. 

Som sagt var svartedauden ein byllepest som råka Europa i seinmellomalderen, dette var ein konsekvens av globalisering. Europa fekk både positive og negative konsekvensar av svartedauden. Kongemakta og andre som sat med makt fekk mange negative konsekvensar som følgje av pesten, mens bøndene som overlevde fekk det betre på grunn av mykje fruktbar jord. Svartedauden sat sitt preg på både kunsten og litteraturen som framleis er populær i dag. Viss pesten ikkje hadde kome til Europa hadde verdsdelen mogelegvis framleis vore overbefolka, difor kan ein seie at Svartedauden ikkje berre fekk negative følgjer, men også positive. 

Dersom svartedauden hadde råka Europa i dag, trur eg ikkje det hadde fått så mange konsekvensar grunna antibiotika, teknologi og alle dei andre medisinar som finst i dag. Dessutan er det mange andre sjukdommar i dag som er mykje meir truande enn svartedauden, til dømes Rabies. (Fhi.no, 2019. Rabies- veileder for helsepersonell)  

 

Kilder:

Lokalhistoriewiki.no (2016) Svartedauden. Henta 17.11.2019, frå: https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Svartedauden 

Forsking.no (2019) Svartedauden enda verre enn antatt. Henta 17.11.2019, frå: https://forskning.no/historie-pest-bakterier/svartedauden-enda-verre-enn-antatt/1047487

Orning, H. Norgeshistorie.no (2019). Svartedauden. Henta 17.11.2019 frå: https://www.norgeshistorie.no/senmiddelalder/mennesker/1001-Svartedauden.html 

Spilde, I. Forskning.no (2015) Svartedauden kom til Europa mange ganger. Henta 17.11.2019 frå: https://forskning.no/historie-pest/svartedauden-kom-til-europa-mange-ganger/510448 

Larsen, Ø. Sml.snl.no (2014) Svartedauden. Henta 17.11.2019 frå: https://sml.snl.no/svartedauden 

Fhi.no (2019) Rabies- Veileder for helsepersonell. Henta 20.11.2019 frå: https://www.fhi.no/nettpub/smittevernveilederen/sykdommer-a-a/rabies---veileder-for-helsepersonel/

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst