Kvifor er god hygiene viktig?

Denne teksten handler om hygiene.
Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2020.03.18
Tema

Ikkje alle menneske er like gode til å vaska seg og passa på å ha god hygiene. Berre på 1700-talet byrja det å verta ein vane å vaska seg og dusja. Det er enno mange menneske som ikkje vaskar seg kvar dag og ikkje har noko god personleg hygiene , som faktisk er viktig å ha. Kvifor er god hygiene viktig? 

God hygiene førebyggjer sjukdomar 

Dårleg hygiene er potensielt døyeleg. I 1330 åra, daude millionar av menneske i Europa. Dei var spesielt utsett for smitta på grunn av dårleg hygiene og overfylte bo forhold. Å vaska hendene grundig med såpa og vatn førebyggjer spreiing av sjukdomar. Vi omgjev oss med fleire skadelege mikroorganismar og bakteriar. Mange sjukdomar og infeksjonar vert overført frå menneske til menneske via henda. Difor er det viktig å verna seg sjølv og ha god hand hygiene for å hindera at virus og bakteriar vert spreidd unaudsynt. Det er også difor lura og ikkje bruka handflata når du nysar eller hostar. 

Samfunnshygiene 

Mange menneske sveittar mykje. Nokre sveittar meir enn andre, og då er det vanskelegare å unngå lukta av menneske og kropp. Er du plaga av dette, kan god hygiene hjelpa. Det hjelper å vaska seg ofte. Det kan òg hjelpa å tenkja på kva for stoff du kjøper kleda dine i. Ull er eit stoff som held deg varm, det vert ikkje sveittelukt og du kan bruka tøyet igjen utan at du vaskar det. 

Trygg mat 

Du skal alltid vaska henda godt med lunka vatn og såpa før du et. Då vert du kvitt bakteriane i staden for å smitta dei over på maten. Vi har veldig mange bakteriar på hendene og under ringen eller klokka di kan det vera fleire bakteriar enn menneske i Europa. Ein vaska kjøkkenkniven og skjære brettet ofte, og ein burde halda kjøkkenbenken rein. 

I denne fagartikkelen har eg lært masse om hygiene. Eg var ikkje klår over at det fanst så mange bakteriar på menneskekroppen og andre ting vi brukar kvar einaste dag. Eg har lært betre om kva hygiene er og kvifor det er viktig og ha god hygiene. 

 

Kilder:

https://ndla.no/subjects/subject:37/topic:1:186646/topic:1:186193/resource:1:6676

https://ndla.no/subjects/subject:24/topic:1:183731/topic:1:184448/resource:1:4033

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst