"Dagbok 26.april 1993" (T. Obrestad)

Nynorsk analyse av novellen "Dagbok 26.april 1993" av Tor Obrestad.

Karakter: 5/4

Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2004.03.29

 Tor Obrestad blei fødd i Hå på Jæren 12. februar 1938. Han debuterte i 1966 med Kollisjon (dikt) og Vind (noveller). Obrestad hausta mange lovord for biografien om Kielland, som blei ein av dei største salssuksessane i 1996. I 1993 gav han ut novellesamlinga ”Forsøk på å halda fast i tida. ”Dagbok 26. april 1993” er henta herfrå.

                                                                               

Novella tek oss med til Langøya, ein varm vårdag i april. Familiefaren har kome heim frå arbeidet og tenkjer på kor lukkeleg han er. Han har ein kjærleg familie og livet ser lyst ut. Kona og barna dreg til stranda, og han dreg for å handla i Tofte. Då han høyrer sirener frå ein ambulanse, forstår han med ein gong at noko er gale, og idyllen blir broten. Då han blir fortald om gassulykka, blir han redd for at det skal ha skjedd noko med familien, og blir enda meir uroleg når radioen oppfordrar folk å halda seg innandørs. Han spring til bilen og tar seg ned til stranda, der han, til si lette, finn kona og barna i tryggleik.

 

Merksemda er retta mot familiefaren som bur ein stad utanfor Tofte på Langøya. Familien er det kjæraste han har, og bare sjå dei gjer han lukkeleg. Det vakre april-vêret set han i ein god stemning: ”Dette er å leve i ”paradis” ein slik vårdag.” Å kjøra tante Elin til Apoteket, så ho slepp og ta bussen, og venta på henne medan hu får medisinane, er ikkje noko offer når ein er så glad inne i seg. Det ser ut som han tek ansvar heime, handlar bl.a. i butikken. Han har ei indre ro, og slappar av i det varme vêret, ”rullar bedageleg ned mot fjorden, døsig og fredeleg i ettermiddagssola.”

                                                                             

Me får eit innblikk i kjenslene og tankane til familiefaren, og kan sjå han som eit samansatt individ. Me kjem svært nær hovedpersonen, og får ein betre forståing av han. Han lever i ein idyllisk drømmeverden og det virkar som han har gløymd mange av dei problema livet kan innehalda. Då gassulykka hendar blir han uroleg for ungane. Redsla tek overhand og då han tek bilen til Stranda for å finna ungane, kjem reaksjonen, tankane på situasjonen og på framtida. ”Kva er ute av kontroll, kva slags samfunn har dette blitt?” Her erkjenner han at det ikkje berre er eit privat og heimleg problem men at livet er vevd inn i større sammanhenger også sammenhenger som er vanskelige og truande. Den sikre og rolege personen han før var har gått over til å ble full av bekymringar. Han blir no ein dynamisk og medviten person. Barna er den største bekymringa han har, og det verkar som om han er redd for at han ikkje ska leva opp til barnas krav, ”kva har eg å gi desse barna framover?”

 

I bygdesamfunnet er det roleg og fredeleg, og miljøet avspeglar mykje av familiefarens sinnsstemning og gjør det lettare for oss som lesar å forstå hans karakter. På bygda har han nok blitt litt skjerma for den harde røyndomen, som ein bl.a. finn i storbyar. Då han dreg ut til Tofte og sirenene bryt idyllen, kjem me med ein gong inn i eit meir hektisk miljø med høg tempo, folk går ikkje lenger, men spring omkring.

 

Teksten har eit miljøkritisk tema. Den kritiserar indirekte den stadig aukande forureininga av naturen. Våren der det spirar og gror, er til skilnad med på å symbolisere eit håp. Barna knyt ein òg til våren, og som barn er verda ofte utan problem. Sirenene er med på å bryta denne idyllen og skapar ein kontrast. Til vanleg har menneska på denne tettstaden små problem som t.d. kan ordnas på apoteket, og nå plutseleg vert heile samfunnet trua av denne dødelege gassen. Novelle sitt tema synest å vera og ta betre vare på naturen og det kjære du. Du veit aldri når ting kan gå gale og det trygge forsvinn.

 

 Med overskriften til novella ”Dagbok 26. april 1993”, dannar eg eit bilde av ein typisk dagboktekst. Dagboktekster er som regel skrive i fortid, mens denne teksten er skreve i nåtid. Teksten er kronologisk oppbygd, altså har den ei naturleg tidsrekkjefølgje. Forfattaren har valt ein personal jeg-synsvinkel. Høgdepunktet i denne novella er når Familiefaren forstår at noko er gale og får høyre om gassulykka. Deretter følgjer eit vendepunkt der hovedpersonen forstår at verden ikkje er så trygg som han før trudde.

 

Novella har ein open slutt. På den eine sia finn han familien sin og slik sett går det godt, men på den andre sia har jo trygselen åpenberra seg og ting vil kanskje ikkje vera slik det var frametter. Forfattaren sparar oss for dei detaljane som er opplagte. Han har på det ytre plan gitt oss ei skildring av ei dramatisk, men slett ikkje utruleg hending. På ein fin måte får han fram spenninga og kontrasten mellom idyllen og det ukjende og farlege. På det indre plan gjev han eit tankevekkande bilde på dei miljøproblema som me står midt oppe i, og som krev løysning.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst