Filmen eg har skrive filmmelding om heiter "My Girl". Den er produsert i 1991 i Florida, USA. Sjangeren er dramakomedie. Hovudrollene er spela av Anna Chlumsky, Macauly Culkin, Jamie Lee Curtis og Dan Aykrod.
Handlinga foregår rundt 60- talet. Musikken og kleda dei går med, syner dette ganske tydeleg. Filmen handlar om Vada (Anna Chlumsky), ei søt og sjarmerande jente i byrjinga av tenåra. Mor hennar døydde like etter ho vart født. Ho bur i lag med far sin, onkelen og bestemora. Far hennar (Dan Aykroyd) driv eit byrå i kjellaren, der han pleier døde menneske før dei skal gravleggjast. Vada’ s bestevenn er Thomas J (Macauly Culkin). På fritida syklar dei rundt i nabolaget, badar eller fiskar. Saman diskuterer dei meininga med livet. Vada forstår ikkje kva som gjer livet så verdifullt, for folk skal jo berre døy likevel. Grunnen til dette er at ho lever med døden så tett innpå seg. Ho er dagleg vitne til alle lika som vert trilla inn i kjellaren. Difor trur ho at ho sjølv snart skal døy.