Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Me er ein nasjon

Me er ein nasjon

Kåseri om noe av det som er typisk norsk. Muligens en del nynorskfeil.

Sjanger
Kåseri
Språkform
Annet
Lastet opp
24.11.2007


Før 150 år sia var det typisk norsk at ein nordmann budde på bygda med kona og sju barn. Kona var ein versmeister i seg sjølv, og var ikkje noko anna enn god og rund. Tynne koner, hadde nokre høyrt om det før? Ho gikk med bunad og bar bøtter med mjølk fram og tilbake frå stallen kvar einaste dag. Ein ordentlig kraftkone i motsetning til alle konene i dag. Det einaste dei er flink til er å sjå på kaloriinnhaldet til ein tyggegummi, og bortsett frå det, bry seg om seg sjølv. Ungane va alle i mellom to og ti år, og heite enten Ola, Kari eller Truls. Nokon gonger kunne foreldra verkelig slå til med eit namn som Synnøve, men for dei fleste blei det namnet før langt til å huske. Ola Nordmann sjølv var ein ordentlig ”mannemann”. Han var god med øksa, og høgde ned trær rett som det var, han kunne også sløye ein fisk med berre henda. Ola Nordmann var med andre ord, ein primitiv huleboar, men det virket som om nordmenn flest på den tida var fornøgd med det.


 

I dag er det norske folket ein meir eller mindre oppløyst folkegruppe som sømmer i oljepengar vi knapt nok klarar å bruke opp. Typisk norsk er å ikkje ville være med i EU fordi vi ”ikkje har råd”, men likevel donere fleire millionar pengar i året til organisasjonar og land i nød. Det er som om nordmenn trur at land vil setje mykje meir pris for pengar som ikkje komer frå eit EU – land. Men nok ein gong er nordmenn like dumme som sauar, kva før eit land er det eigentleg som bryr seg om kven dei får pengane frå, så lenge dei får pengar? Ein nordmann vil ikkje føle seg knytte til noe så bindande som EU, men likevel abonnerar og kjøpar nesten ein million menneskjer ”Se og Hør” kvar uke.

 

Eit par gonger har Noreg hatt undersøkingar der dei lurer på om nordmenn har forandra meining i samanheng med EU, og sjølvsagt har vi jo ikkje det, kva er det politikarane trur om oss? Har dei gløymt at det også er typisk norsk å halde på det ”gode gamle” i samfunnet?

 

Det ”gode gamle” i Noreg bringer oss jo eit til anna tema, nemlig skiturar. Når påsken kommer er det så idyllisk med snø og appelsin at dei fleste ikkje klarer å unngå den såkalla ”gode gamle skituren”. Nok ein gong visar det seg at nordmenn er ein oppskrytt folkegruppe. Den originale appelsinen og kvikklunsjen er blitt bytta ut med pølser og hamburgarar som vår feite befolkning drar med seg over sju fjelltoppar og gjennom eit par grottar. Men skuffingar er det fleir av. Nå visar det seg at dei fleste nordmenn ikkje går meir enn utafor døra, før dei kastar skia i frå seg og opnar ryggsekken full av pølser som dei gjerne har grilla før dei går ut. Det er jo like greitt. Når nordmenn faktisk står i skibakkane visar det seg at dei fleste ikkje er født med ski på beina likevel. Når dagens sunne småungar endeleg har fått med seg ræva opp på toppen, detter dei på kjeften og sklir ned igjen. Der ligger dei til foreldra komer å hentar dei. Foreldra, som berre har drukken kaffi på heile ”skituren”. Det er i allfall godt å tenkje på at vi framleis har våre gode gamle skiheltar som reddar Noregs ære. Men ikkje skjønn eg kva dei mein når dei seier ”skiheltar”. Bjørn Dæhlie og Thomas Alsgaard har begge lagt opp. Oddvar Brå har jo knekt sin siste skistav for lenge sia.  

 

Den norske jula er jo sjølvsagt ein klasse før seg sjølv. Me har for lengs drete i dei klassiske glasskulane på juletreet. Nu står Noregs flagg i toppen av juletreet. Den gode gamle nissen sett framleis på låven og ventar på julegrauten sin, trur me i allfall. Men dei fleste som har levd ei stund veit at utstyrt i plastmaske og skinnande polyesterskjegg koser han seg på dei fleste matvareforretningar. Typisk norsk er å seie at me ikkje trur på julenissen, men me trur jo på han likevel, i tilfelle han finnes. Me er kanskje veras rikaste land, men gratis pakkar seier vi ikkje nei takk til! Det at jula er eit tysk fenomen er ikkje viktig før oss nordmenn, alt som feirast i Noreg kan jo likevel være norsk. Når eg blir femti trur sikkert halvparten av den tidas småungar at Halloween er eit norsk fenomen, og at det bare er USA som har tatt etter oss. Vi veit jo alle at Luciadagen er ein norsk tradisjon som omfattar ei lita jente med namn Lucia, som gav bollar og brus til alle mammaene og pappaene på jobben. Det er jo ikkje sannheta, men me kan jo berre la folk tru det. Det er nemlig sånn at typisk norsk også er å tru at alle tradisjonar som Noreg feirar har sitt utspring frå nettopp Noreg. Eg trur ikkje ein gong at me har nokon ekte norske tradisjonar som me feirar, bortsett frå 17. Mai og Olsok, men den er det jo ikkje nokon som feirar same kva. Det er nemleg typisk norsk å ikkje feira våre eigene tradisjonar.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil