Rudolf Nilsen (1901-1929) var ein av dei fremste norske arbeidsdiktarane. Sjølv om han ofte skreiv politiske dikt, som regel om arbeidarane sin klassekamp på 20-talet, skreiv han og upolitiske og romantiske dikt. Spesielt meininga med livet er ofte knytt opp til dikta hans, slik som diktet Hverdagen frå 1929, frå diktsamlinga med same namn. Han ynskte og, at fleire skulle engasjera seg i politikken.
Ofte er dikta hans aggressive, med eit klart bodskap. Det er så regel ikkje så vanskeleg å finna motiva i dikta hans, men temaet ligg ofte djupare enn ein skulle tru. Men om ein har lest nokre dikt av Rudolf Nilsen, lærer ein lettare å finne teamet. For ofte er det same som gjentek seg, berre utforma på ein ny utspekulert måte.
Diktet har ein enkel tittel og er bygt opp av 4 strofer med 4 vers i kvar. Strofene har taktfast rytme (tung – lett) og dei har balladerim (0a0a 0b0b 0c0c 0d0d). Diktet er eit typisk tradisjonelt dikt, noko som var vanleg på denne tida då det vart skreve.