Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Må det vera slik?

Må det vera slik?

Om familieoppløsning.

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Tema
Familie


"Og no skal det vera slik??", glefsa Marie etter mora og reiste seg sint frå stolen og gjekk sint ut av døra. "Marie då! Kva er det som er så galt med det?!?", ropa mora etter henne. "Kva er det som er så galt med det?", stoppa Marie og repeterte for seg sjølv. Ho snudde seg og sa at ho kunne gå og tenkje over det sjølv! Anne rista på hovudet og byrja å gå mot Marie. Marie derimot sette kursen mot trappa og gjekk nedover med mor like i hælane. "Kva er det for noko? Kan du ikkje ...". Anne blei avbroten av ein telefon. "Eg skal snakka med deg etterpå, Marie", sa ho før ho tok opp telefonrøyret. Marie kunne høyre at ho hadde det gildt i telefonen, og ho blei heilt kvalm av mora! Ho var då 38 år, ikkje ein tenåring! Marie gjekk inn på romet sitt og sette seg på senga si med den vesle bamsen sin. "Mor sa at... Å.. korleis skal eg takla det? Du er den beste eg har, Bamb, men eg treng mor og far òg! Saman under same hus!". Marie klemte bamsen sin inntil seg.

 


Ikkje lenge etter kom Karine og sette seg ved sida av Marie. "Kva er det?", sa ho med ein tynn, liten stemme og såg spørjande på Marie. Dette ville iallfall ikkje Karine takle! "Om ikkje så lenge, så kan det vere at vi ikkje bur i same hus, Karine! Far skal flytte..", sa Marie. "Skal vi flytte??", spurte Karine og hoppa av senga og jubla som om dei alle skulle det. Marie kunne berre sitje der og tenkje på at det ikkje var slik. "Nei, ikkje denne gongen, men kanskje berre ein av oss!", sa ho. "Berre ein av oss? Kvifor det? Vi er jo søsken, og då skal vi jo bu i same hus!". Karine såg på Marie. "Eg veit ikkje kvifor det vil skje! Eg skulle ønskje vi alle kunne bu saman!", svara Marie. "Hmm..", svara Karine berre.

 

"Korleis gjekk det i barnehagen då?", spurte Marie litt meir oppmuntrande. Ho ville ikkje snakka meir om det med foreldra deira nå. Eigentleg ville ho ikkje snakke om det i det heile teke! "Eg teikna ein teikning! Vil du sjå? Det er av heile familien vår!", sa ho og hoppa av senga for å henta teikninga. "Karine.. eg vil sjå den, men ikkje akkurat no!", sa ho unnskyldane. "Eg må gjera leksene mine, veit du! Gå og lek med Marte! Ho lurer sikkert fælt på kvar du er!", sa Marie og smilte. Karine svarte med eit smil og nikka. "Ha det", sa ho før ho før ho sprang ut døra.

 

Marie var sjølv seksten år medan Karine og Marte var snart fire. Korleis kunne foreldra gå frå kvarandre sånn? Tenk om Marie måtte flytta! Då mista ho jo alle venene, og søskena kom ho ikkje til å sjå så mykje til. Iallfall ikkje så ofte som no! Marie la seg nedpå og lukka auga sine. Ho drøymde om at heile familien var saman ute i hagen og hadde det gøy. Ho visste at det sannsynlegvis ikkje kom til å skje, men ho kunne ikkje la vere! Korleis skulle det gå?. Korleis skulle ho få hjelp i matte dersom ho budde ikkje budde med far? Måtte ho ta husarbeidet dersom ho budde med far? Og enda verre var det med dei yngre syskena hennar! Verst var det for Karine og Marte, dei var ennå ikkje fire år! Ho tenkte på så mykje at ho nesten sprakk. "Dette vil ikkje gå!", sa ho til seg sjølv før ho sovna med tårer i augo.

 

"Marie?", spurte Anne forsiktig. "Marie, har du sovna? Klokka er berre åtte". Marie reiste seg og såg på klokka. Hadde ho sove så lenge? Det var jo ikkje det som var meininga. "Kva er det?", spurte Marie mora. Anne lukka døra og gjekk inn i rommet. "Då eg skulle leggje Karine, sa ho at far skal flytte. Ho sa det var du som sa det". Marie nikka. "Ja, var det ikkje det du sa til meg?", spurte ho og la seg nedpå igjen. "Jo.. men er du lei for det?", spurte Anne. "Om eg er!", ropte Marie og reiste seg opp. "Kva som feiler dykk eigentleg? For 18 år sidan var de vel stupforelska i kvarandre. No vil de gå frå kvarandre! Kva er det som feilar dagens foreldre? Kvifor skjer det så ofte no, mens mormor og morfar og farmor og farfar bur jo saman! Og det har dei gjort i over 50 år!", glefsa Marie sint. "Ja, ja, ja! Eg veit det, men det er berre slikt som skjer no for tida! I det siste har det ikkje gått så bra mellom meg og far! Og det må du berre forstå!", sa Anne med ein skarp stemme. "OK. Korleis då?", spurte Marie bestemt. "Vel..", byrja ho. "Vel..", repeterte Marie. "Kan du ikkje oppføra deg litt normalt, Marie?". Marie nikka vondskapsfull. "Mm," sa ho, "Eg kan det når du og far oppfører dykk normalt i ein familie. Sei meg.. då du og far gifta dykk, lovte det ikkje kvarandre noko?". Marie kunne sjå at mor blei irriterte. "Noko med at de skulle halde saman til døden skiller av? Eg og søskena mine treng dykk! I same hus! Korleis kan de gjera noko slikt mot oss?", sa Marie. Anne reiste seg frå senga. "No snakkar vi ikkje meir om det, er det forstått?", sa Anne bestemt. "Nei vel, "Miss.. Skilsmisser"!", sa Marie sint. Anne gjekk. Åleine sat Marie på romet hennar. "Heldigvis skal du bu saman med meg, Bamb, og det er bra! Men eg vil bu med syskena mine og! Jada, du har nok forstått det for lenge sidan, men.. det hjelp ikkje!", sa Marie til bamsen sin.

 

Vekene etterpå gjekk fort. Ho kunne ikkje tru det den dagen far ikkje lenger budde heime her. Marie budde endå heime med mor. Men det var ikkje heilt det same, Rune og Vidar hadde flytta til far. Det var Marte som ikkje ville at Marie skulle flytta, ho var så glad i ho! Ho la seg ned i senga og tok opp dagboka. Så byrja ho å skrive, "Denne veka har vore den verste i mitt liv. Rune og Vidar har flytta saman med far. Dei har flytta halvannan mil herifrå, til ei som hadde to born sjølv. Kjære Dagbok, eg har ein draum. Det er at far flyttar tilbake. Eg håpar at han finn ut at å flytta til ei annan, det er det dummaste han har gjort i sitt liv! Og veit du kva? Det gjekk opp for meg no, at eg er eit skilsmissebarn! Det er heilt grusomt! Eg kunne skreve mykje meir, men no ropar mor på meg. Det er kveldsmat, og etterpå trur eg eg skal ut.". Marie la frå seg dagboka på nattbordet og stod opp. Ho såg seg i speglet før ho gjekk opp i stova. Der var det dekt på til fire. Ikkje til sju som før. Marie blei verande heime. Etter at Marte og Karine hadde lagt seg, snakka ho med mor. "Mor?", sa ho roleg. "Ja, Marie, kva er det?, svarte mor. "Eg saknar far og brødrene mine. Eg føler meg så einsam no. Eg har jo Marte og Karine, men dei er jo ikkje så gamle! Men dersom eg hadde budd med Rune og Vidar, hadde eg likevel sakna Marte og Karine! Eg snakka jo med Rune og Vidar tidlegare i kveld, og dei sa at dei sakna oss her heime! Det var heilt pest å bu der dei bur no..", sa Marie. "Ja, ja, Marie! Eg skjønar, men sånn er det berre no! Det er ikkje så mykje å gjera med det no lenger. Gjort er gjort! Slik er det no, og slik kjem det til å vera!", svarte Anne. "Må det?", spurte Marie. Anne snudde på hovudet og venta ei stund. "Ja, akkurat no må det vera slik!"


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil