Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Eksotiske pensjonistar

Eksotiske pensjonistar

Eit kåseri om norske pensjonistar i Spania.

Karakter: 5- (pga. at eg bomma litt på oppgava)

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
01.06.2007


At det dei siste åra har blitt meir og meir populært å reise til utlandet, er dei fleste klar over. Alle er på jakt etter noko nytt og meir spennande enn den raudmåla hytta på fjellet. Den hytta der fårikål og potetball har blitt til i alle dei år. Folk no til dags er på jakt etter noko meir. Noko eksotisk.


Eit populært reisemål er t.d. Spania. Litt kulturforskjel har vi, men det har blitt mindre og mindre med åra. Ikkje berre er det stadig fleire unge som reiser dit. Spania har òg blitt pensjonistane sitt land. Dit reiser dei fleste gamle, så snart dei er pensjonert. Eg trur det er mest for å sleppe unna barnebarna sine. Det gjorde iallefall mine besteforeldre. Eg må seie at eg forstår dei eigentleg ganske godt. Varme, solrike dagar, og slaraffenliv kvar einaste dag kan vel ingen takke nei til. Men så er det eit faktum at Spania nermast blir innvadert av rike, rynkette wanna-be spanjolar, som susar rundt i sine nye mercedesar. Alle har luksuvillaer, med basseng, og eigen bassengmann. For å imponere kveldens kelner, på den utvalgte, og merk deg; dyre restauranten, tek alle omfattande spanskkurs ein gong i veka. Dei fleste endar opp med å sitte igjen med to ”setningar”, noko lignande, ”Regninga, takk” eller ”Ein øl”. Bestemora mi var då heller litt smartare. Ho lærte seg spansk over eit dataspel. Rett nok var spelet laga for barn, men ho kan iallefall meir enn dei som tek dyre kurs. Ho kan endåtil spørje om kva tid toget kjem, men eg er ikkje sikker på om dei har tog i Spania. Eg har iallefall aldri sett eit i levande live, berre jernbanespora.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil