Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Brevandring

Brevandring

En novelle om en dramatisk tur på en isbre jeg skrev som forbredelse til tentamen 8. klasse.

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
30.05.2007
Tema
Ulykker


Susanne humpa opp og ned i den mjuke hestevogna. Det skulderlange håret med den raud og blå stripete lua på toppen dingla fram og tilbake, og dei grøne auga skein av iver. Dei var på veg opp den smale og humpete kjerrevegen til Briksdalsbreen i Stryn kommune. Himmelen var blå, sola skein og det var eit perfekt vær til å gå på brevandring. Ho gleda seg kjempe mykje. Ho blei trekt ut som ein av to til å få ein dag på Jostedalsbreen saman med Trond. Trond hadde gått mykje på Jostedalsbreen og var godt kjend. Den andre som blei trekt ut var Espen. Begge var kollegaene hennar. Dei jobba saman som klimaforskarar i Bergen. Susanne såg bort på Espen. Det brune, korte håret glinsa i sola og kinna var blitt raud av den småkalde lufta. Han gleda seg minst like mykje som Susanne og kanskje endå meir. Han såg utover dei djupe, snøfylte dalane. Dei berømte fossefalla var blitt til is som såg ut som diamantar der dei reflekterte sola.

 

- Dette er den kjende brearmen  til Jostedalsbreen på vestsida, sa Trond da hesten stoppa etter eit kvarter med hestekøyring.


 

- Så vakkert! Utbraut Susanne, då ho såg den krystallklare brearmen som slyngte seg ned gjennom dalen. Den såg ut som ein blå diamant der den glinsa i sola og gjenspegla seg i den klare himmelen.

Klimaforskarane hoppa ut av vogna og gjekk saman bort til brearmen. Skoa med piggar gjorde at det laga einslags hamrelyd då dei gjekk på den harde grusvegen. Isen som reflekterte sola gjorde at dei måtte ta på seg solbriller. Trond gav Espen og Susanne eit svart belte kvar som dei festa eit langt tau i.

Då alle hadde festa seg til tauet byrja dei å gå. Den flotte isen stod som ein vegg framfor dei og den glinsa vakkert i sola. Det var ganske varmt sjølv om det berre var midten av februar. Solen sendte varme stråler rett i ryggen og det var rett før sveitten sildra frå panna deira.

 

Trond gjekk først. Han viste dei korleis dei skulle feste dei svarte skoa i isen og Espen og Susanne prøvde å etterlikne. Dette kom til å bli kjempe kjekt, tenkte dei.

 

Då dei hadde gått i omkring ein time kom dei opp på ryggen av Jostedalsbreen. Etter den bratte stigninga var det godt med ein litt flatare strekning. Her var det ein utruleg flott utsikt. Dei kunne sjå ned til Stryn sentrum, dei flotte fjella i Sogn og Fjordane og dei mange fjordane som slynga seg som åler mellom dalane. Den skyfrie himmelen og sola som skein gjorde alt heilt perfekt. Dei gjekk innover krystallisen. Skoa boret seg inn i isen som glinsa som ein diamant i sola. Utanom Trond si stemme som snakka om isbreen var det heilt stille.

 

- Ingen har lov til å gå heilt her oppe utan ein ekspert, forklarte Trond og strøk handa gjennom det svarte håret. – Det kan vera sprekkar i isen, så vi må vera svært forsiktig.

 

No hadde dei gått i tre timar. Enda følte Susanne at ho kunne gå minst dobbelt så langt. Alt var så vakkert. Isen, sola, utsikten. Noe vakrare hadde ho aldri sett! Brått stoppa Espen opp.

 – Eg må berre ta av meg jakka, sa han og trakk ned glidelåsen på den nye Bergans jakka og la den i sekken av same merket.

- Vær forsiktig, der er ein sprekk, sa Trond og peikte ned mot ein sprekk ved sida av Espen.

 

Susanne såg ut over Sogn og Fjordane. Ho hadde aldri sett noko vakrare enn dei vestlandske fjordane mellom høge fjell og djupe dalar. Ho hadde budd i Bergen i tre år no, men ho hadde berre vert på Austlandet i feriane, og aldri hatt tid til å sjå seg noko om på Vestlandet før no. Fjella som var dekte med snø stod som vakre prinsesser i solskinnet.

 

 Tankane blei brått avbrutt då ho kjende at det rykte i tauet. Ho snudde seg rundt og såg at Trond klamra seg fast i isen og haldt tauet stramt i handa. Kvar var Espen?

 

- Hjelp meg! Ropte Espen si stemme frå sprekken i isen. Espen hadde sklidd då han tok av seg jakka og falt ned i den.

 

- Susanne! Kom bort her og hjelp meg! Ropte Trond. – Vi må få han opp igjen!

Susanne skynda seg bort til Trond. Panikken vaks i henne, mens ho drog nyttelaust i tauet av alle hennes kreftar.

 

- Prøv å grav skoa ned i isen så ikkje du og fell ned, sa Trond. Susanne trampa føtene ned i isen så godt ho kunne, mens ho fortsette å dra i tauet. Å, så tung han var, men det var ikkje så rart. Han var jo sikkert to meter høg og hadde mykje musklar og vog sikkert over 100 kg.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil