Det er vanskelig å fatte at eit menneske ikkje kan sjå det, når eit anna menneske elskar det av heile sitt hjarte. Det er vanskelig å fatte at kjærleiken til ein anna person ikkje lyser ut av kroppen på den som elskar. Men slik kan det være. Så hjartelaus er kjærleiken.
Fie satt på senga. Klokka var tre. Ho tenkte på minuttet igjen. Minuttet då ho satt på stolen sin, ved pulten sin, på plassen sin, på skolen. Minuttet då ho visste at noko var gale. Minuttet då ho hørte læraren si at den ho elska ikkje var noko å elske meir. Minuttet då livet, ikkje var verdt noko meir. Det minuttet tenkte Fie på no. Ho ville ikkje tenke på det, men greidde heller ikkje la vere. Å elska nokon, tenkte Fie, å elska nokon. Var det eigentleg noko poeng? Det virka som at i dei fleste tilfeller var det nyttelaust uansett. Og ville grunnen til at Fies hjarte kjentes ut som det var sprengt i tusen biter, i det heile tatt brydd seg?