Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > VIN - Very Important Norwegians

VIN - Very Important Norwegians

Teksten handler om hvor redde nordmenn er for innvandrere.

Skrevet i 9. klasse

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
21.04.2007

Noreg er det beste landet å bu i, men ikkje sei det til nokon. Tenk så keisamt det hadde vori om alle visste det. Da ville jo folk budd over heile Noreg og stakkars alle dei velståande menneska hadde bare fått et par kvadratkilometer kvar å vralte seg på. Ingen land kan måle seg opp imot vakre, kalde Noreg. Vi er best i alt; handel, sport, miljø, tabloid og ikkje minst ernæring med Grandiosa i spissen! Så for å hindre eksplosjonsarta befolkningsvekst konstruerer Noreg til tider stunt som eit skyhøgt energiforbruk og umenneskeleg slakt av pattedyret kval.

 

Mange har opp igjennom åra tenkt at det ville vore fint å erobre verda og å ha Jens Stoltenberg eller Carl I.Hagen som verdsherska. Vi kunne lært bort norske folkeskikkar og sydd bunader til heile gjengen. Denne draumen har dessverre blitt forkasta av Stortinget gong etter gong. Ikkje fordi det ikkje er mogleg, men på grunn av frykta for overbefolkning i Noreg.

 

Eg skjønner absolutt ikkje kvifor det har vori så populært å dra på sånn utanlandsferie. Ingen kan si med handa på hjertet at dei heller vil surfe på ei strand i Hawaii enn å stå på ski i Jotunheimen! Er det varmen ein søker har ein ingenting å klaga på. Det blir jo nesten 25 grader om sommaren. Bade kan ein gjøre heile året uansett om du er viking, norsk eller pakistanar. Eit svar på spørsmålet er kanskje at nordmenn drar på ferie for å forstå kor godt dei har det heime.

 

Vi hadde ein liten krise for eit par år sia da FN utnemnde oss som beste landet å bu i 3 år på rad. Det kom et par 100.000 flyktningar før vår kjære Erna Solberg sette ned foten og hindra kva som kunne ha blitt ein katastrofe. Etter dette var det ikkje ein nordmann som kunne kalle Erna ego eller rasistisk. Ho behandlar alle nordmenn likt.

 

Vi nordmenn er uendeleg glade i landet vårt og vil helst behalde det for oss sjølv. Dessverre kjem desse utlendingane raskare enn lynet og overtek med alle sine tradisjonar og språk, men vi forsikrar dykk om at kampen om eit reinare Noreg ikkje er i nærleiken av over.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil