I dag finnar du nesten ikkje ein einaste ungdom som ikkje har mobiltelefon. Det vesle massefunksjonsapparatet har blitt allemannseige, og brukast kvar dag av millionar av menneskjer verden over.
Mobiltelefonen hjelper oss å ha kontakt med kvarandre på alle mulige slags måtar. Den gjer at folk kan få tak i deg kor enn du skulle vere, og gjer det enklare for oss å skaffe oss nye venner. Tør vi ikkje ringe kan vi rett og slett sende ei melding. Den hjelper oss å vere sosial.
Eller gjør den eigentleg det? Kanskje den har gjort oss meir usosial og avgrensa enn nokosinne? Snart kjenner vi vennene våre bare gjennom tekstmeldingar. Trenger vi verkelig denne elektroniske tingen for å ha kontakt med venner og familie? Sjølvsagt når det gjelder de som bor langt borte, men eg synes vi bruker den meir enn nødvendig. Synes folk det passer seg i sosiale hendingar å sitte å prate i telefonen eller skrive meldingar? På fester, i bryllaup og selskap. Burde man ikkje skru den av og heller fokusere på å ha kontakt med folka som er fysisk tilstede?