Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Joanne Kathleen Rowling

Joanne Kathleen Rowling

Biografi om J.K. Rowling som eg skreiv som ein del av ein større oppgåve for ein stund sida.

Karakter: 6

Sjanger
Biografi
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
13.03.2007


Oppvekst:

Joanne Kathleen Rowling (JKR) er født 31. juli 1965 i bygda Chipping Sodbury i nærleiken av Bristol, England. Etter nesten 2 år fekk ho ei syster, Di. Familien budde i Chipping Sodbury, som er grunnen til at JKR likar rare namn på stadar, fram til ho blei 9 år, då dei flytta til ei lita landsbygd i nærleiken av Chepstow, Sør Wales. I denne bygda ligg det eit fjell med eit slott på toppen, som kan vere grunnen til at ho fekk ideen om korleis Hogwarts er ut.

 

I barndommen likte JKR at nokon las for ho, og det gjorde mora gjerne for ho. For ho likte veldig godt å lese. Og det tok ikkje lang tid før faren las mykje han og. Bestefedrane til JKR betydde mykje for ho i oppveksten. Ernie eigde eit supermarknad, og der fekk JKR og systera leike etter stengetid. Stantley, hennes andre bestefar, var ein draumar, og hadde eit stort problem med å skilje verkelegheit frå fantasi.

JKR fekk mellomnamnet hennes, Kathleen, frå den eine bestemora hennes, som ho forguda. Den andre bestemora hennes var utruleg glad i hundar, og kan likne på Aunt Marge, Harrys ”tante” som vi møter i 3. boka.


 

JKR hadde fleire dyr i oppveksten. To hundar ved namn Thumper og Misty, to marsvin og mange tropefiskar. Fiskane var ein stor hobby då, og ho likar framleis desse fiskane.

 

Foreldra til JKR er begge oppvekse på bya, og dei møtte kvarandre for første gong på toget frå Kings Cross stasjon i London til ein skule i Skottland, og det var kjærleik med første blikk. Dei gifta seg då dei var 19, og fekk JKR då dei var 20.

 

<bilde>

 

Det at foreldra var frå bya, var grunnen til at dei flytta til ei mindre bygd då JKR var 9 år. Familien budde då i eit lite ved sida av kyrkja då dei budde i Wales. Huset var opphavleg det gamle skulehuset i bygda. JKR har alltid likt kyrkjegardar, sidan dei er, i følgje ho, så fine namne kjelder. I nærleiken av huset låg det ei elv, der JKR likte veldig godt å gå på oppdagningsferd mellom rullesteinane.

 

Skuletida:

De første skulen JKR gjekk på, låg i utkanten av Bristol. Dette var ein så kalla open skule, og ho likte seg veldig godt der. Den andre skulen låg i Tutshill. Der elevane blei plassert etter kor flinke dei var. JKR blei plassert med dei ”dumme” etter berre ein lita samtale med læraren hennes. JKR likte då ikkje denne læraren, og læraren likte ikkje JKR heller. Denne personen er grunnlaget for eliksir læraren på Hogwarts, Severus Snape.

 

JKR likte seg godt på Secondary School, som ho byrja på då ho var 11 år. Der likte ho engelsklæraren sin veldig godt, og det er den einaste læraren ho framleis har kontakt med.

 

Siste året på denne skulen blei ho kjent med Sean Harris, som etter kvart blei hennes beste ven. Han hadde ein turkis Ford Anglia, som betydde fridom for JKR. Sean liknar veldig mykje på Ron Weasley. Og bilen måtte og vere med, så den fløyg Harry og Ron til Hogwarts andre året.

 

JKR hata praktiske fag som sløyd, fordi ho ikkje fekk det til. Ho var og elendig i alle typar sport, sjølv om ho likte gym. Ho hata hockey meir enn alt innan sport, men ho likte dans og symjing. JKR kunne heller ikkje fordra skuleuniformene dei måtte gå med. Brun og gul, noko ho ikkje brukar lengre.

 

Bokfrelst barndom:

JKR har alltid ynskja å bli forfattar, og allereie då ho var 6 år skreiv ho si første bok. Den handla om ein kanin som heit Kanin og det same heit boka og. Den gongen trudde ho at boka kom til å bli utgjeve, noko ho i seinare tid ikkje har trudd på lengre. Ho meiner at ho var arrogant og innbilsk i barndommen.

 

JKR bekymra seg mykje i barndommen, men pleidde å framstå som sjølvsikker for folk. Då ho var i 11-12 års alderen, kunne ho minne om Hermione Granger, ein av Harrys venar. Fordi ho følgje alltid at ho måtte prestere noko. Ho var utruleg glad for at ho hadde venar i tenåra, for då fekk mora diagnosen Multipel Sklerose, og då hadde ho nokon som kunne støtte ho.

 

Som lita elska ho å lese Noddy bøkene av Richard Scarry, med mora hennes. Og då ho var 8 las ho Silkesvarten, og rundt denne tida las ho og Småfrøkner av Louisa May Alcott. Sjølv om yndlingsboka var The Little White Horse av Elizabeth Goudge, noko som har hatt innverknad på Harry Potter bøkene. Den fekk blant anna JKR til å ramse opp all maten dei eter på Hogwarts.

 

<bilde>
Då ho var 11-12 år las ho Stolthet og Fordom av Jane Austen. JKR las, og les framleis alt ho kjem over. Ho les til og med bakpå toalettpapirposane om det ikkje er noko anna å lese når ho er på toalettet.

 

No les JKR helst romanar og biografiar, og den forfattaren som har hatt størst innverknad på ho var Jessica Mitford, som skreiv boka Hons and Rebels, som JKR las for første gong då ho var 14 år. Mitford blei JKRs store idol, sidan ho rømte heimefrå og kjempa i den spanske borgarkrigen. Noko JKR syns var utruleg modig gjort. JKRs første dotter blei oppkalla etter denne forfattaren, Jessica.

 

Teater har og hatt ein stor betyding for JKR. Særleg Kong Lear og Vintereventyret av Shakespeare. Ho likar og kino, og yndlings skodespelarane hennes er Michael Caine og Dustin Hoffmann.

 

Karrieren:

Etter at JKR var ferdig med skulen, byrja ho å studere språk på Exeter universitetet, og eit av desse åra var ho i Paris, der ho undervisa i engelsk. Å byrje på eit universitet blei eit stort sjokk for JKR, for dei fleste var ikkje som ho, men til slutt fant ho venar som var som ho. JKR studerte språk, fordi foreldra hennes meinte at ho ville ha lettare for å få seg jobb seinare, men det har ho seinare angra på.

 

Etter at JKR var ferdig på universitetet gjorde ho noko enno ikkje har forstått kvifor ho gjorde. Ho gjekk eit to språkeleg sekretærkurs. Ho meiner framleis at ho ikkje passar som sekretær den dag i dag. Men det kom ein god ting utav dette kurset då, ho lærte seg å skrive på maskin. Dette har vore nyttig i forbindelse med å skrive bøker

 

<bilde>
Då ho var ferdig med dette kurset fett JKR seg ein jobb i Amnesty Internasjonal som vitskapeleg assistent. Der jobba ho med menneskerettane i den fransk talande delen av Afrika. Der var det representantar frå over 100 nasjonar i verda, og ho syns det var ein triveleg plass å jobbe på.

 

Då ho dreiv på med dette arbeidet budde ho i lag med fleire andre, og følte for å kome seg vekk. Så i lunsjpausar og ting som det, gjekk ho på pubar, kafear og ting som det, og satt der og skreiv. Det var fordi ho ikkje ville at folk skulle vite kva ho dreiv på med. Og det var helst dei lokale kafeane ho vitja. Det var slik livet med å skrive på kafear byrja for JKR.

 

Harry Potter:

JKR sin kjæraste flytta til Manchester etter ein stund, og ville at ho og skulle flytte etter. Så etter at ho hadde vore oppe hos han ein helg, for å sjå etter leilegheit, satt ho på toget frå Manchester til London. Då dukka det ein liten gut opp i hovudet hennes. Denne guten gjekk mot ho mellom seteradane. Som ein usynleg skikkelse som berre ho kunne sjå.

 

JKR hadde aldri følt ein slik spenning og begeistring før, og ho viste med ein gong at dette kom til å bli noko som kom til å bli kjempe morosamt å skrive om. Ho viste ikkje om det kom til å bli ei barnebok, for det einaste ho hadde i hovudet var denne guten, Harry Potter. Seinare på tog turen dukka og Ron, Nearley Headless Nick, Hagrid og Peeves opp. Men for første gong hadde ikkje JKR med seg penn og papir for å skrive på, så ho måtte konsentrere seg for seg om ideen for at den ikkje skulle forsvinne igjen. Dette viste seg å vere ein god ide med mange detaljar som velta innover ho.


 

Det første JKR konsentrerte seg om, var korleis Hogwarts School of Whitchcraft and Wizardry skulle vere. Det skulle vere ein plass som det var stor orden på, men det var og enorme farar der. Med barn som hadde evnar som gjekk over lærarane. Og staden måtte vere på ein avsidesliggande plass, og det tok ikkje lang tid før JKR fann ut at Hogwarts skulle ligge i Skottland.

 

Når ho var heime igjen, byrja ho å skrive ned alle detaljane i ei lita, billig notisblokk. Ho skreiv ei liste over faga ved skulen, som blei til slutt 7 stykkar. Så var det figurane sin tid, og så namna på dei, etter som dei passa til eit namn. Det største spørsmålet var kven Harry var, kvifor han var der, og kvifor foreldra hans var døde. Ho viste og at det kom til å bli 7 bøker i alt.

 

Det tok JKR heile 5 år å planlegge serien, og bestemme handliga for kvar av dei 7 bøkene, så ho kan vite når folk kjem og forsvinnar. Ho syns det føltes som om ho hadde mødt gamle venar. Ein av yndlingsfigurane hennes er Remus Lupin. Som er ein varulv. Han skal vise barn at vaksne og kan vere sjuke og ha eit eller fleire problem.

 

JKR har nesten fullstendige livshistorier på figurane hennes. Ho kan dessverre ikkje putte inn alle desse i bøkene, for då ville dei ha blitt større enn leksikon. Men ho prøver å få plass til den informasjonen vi trenger for å kunne forstå kven personane er, og korleis Harry kan sjå på dei.

 

Sirius Black er eit bra eksempel her. JKR har laga ein heil barndom til han, og denne har blitt avslørt litt av fleire gongar, mest i Føniksordenen, den 5. boka. JKR meiner at lesarane ikkje trenger å vite bakgrunnen på alle karakterane, men ho meiner at ho sjølv treng det, sidan det er ho som styrar karakterane rundt om i bøkene.

 

Trollmannssporten Quidditch blei funnen opp på ein morosam måte, syns JKR. Ho hadde ein kjempe stor krangel med kjærasten ho budde i lag med i Manchester, så ho styrta ut av huset og gjekk på den lokale puben. Der fann ho opp Quidditch.

 

Portugal:

Då JKR budde i Manchester jobba ho for handelskammeret der, men ho mista jobben nokre veker etter at ho hadde fått den. Ho byrja på universitetet der, men likte seg ikkje der. På denne tida døde og mora, og like etter var det nokon som braut seg inn i huset hennes. Der alle minna om mora blei tatt. Etter dette ville ho vekk frå Manchester, og hadde fantasiar om å undervise i utlandet. Ho tek med seg manuskriptet til Harry Potter bøkene og reiser til Oporto, Portugal. Der underviser ho for elevar frå 8 til 62 år. Dei fleste er tenåringar, men det er og nokre fortettingsfolk og husmødrer der.

 

Etter berre 6 månader i Portugal møter JKR mannen ho kjem til å gifte seg med. Han var journalist. Dei giftar seg, og får Jessica som er JKRs lykkelegaste augeblikk i hennes liv. På denne tida gjer ho og ferdig 3 av dei første kapitla i Harry Potter og De Vises Stein, og resten av det ho har skrive er berre kladd.

 

Det tek ikkje lang tid før JKR finn ut at ekteskapet hennes ikkje kjem til å fungere, så ho tek med seg Jessica tilbake til Storbritannia. Ho drar til systera si i Edinburgh for å vere der i jula, og føler at ho har det veldig bra der. Ho vil at Jessica skal vokse opp der, og ikkje i London, så ho flyttar dertil og får seg gode venar og føler at livet går veldig bra.

 

Ho vil fortsette med å undervise, men ho treng kompetanse i form av eit års pedagogisk seminar. På same tidspunkt finn ho ut av vist ho ikkje blir ferdig med den første boka no, kjem det aldri til å bli noko av det.

 

Kvar dag gjekk ho tur i parken med Jessica i vogna, og så snart ho sovna, drog JKR til ein kafé og skreiv. Heldigvis hadde svogeren hennes nettopp opna ein eigen kafé, Nicolson’s, der betjeninga lit henne sitje så lengje ho ville. Den første boka blei ferdig her.

 

Strevet med utgivinga:

JKR reinskreiv manuset til Harry Potter og De Vises Stein på ein manuell skrivemaskin. Ho hadde lese ein plass at den maksimale lengda på ei barnebok var på ca. 40 000 ord, og hennes var på heile 90 000. Ho blei skremt av dette, og prøvde difor å skrive boka med enkel linjeavstand, men det fungerte ikkje, så ho fekk det i retur og fekk beskjed om å skrive det med dobbel.

 

Ho sneik seg ofte inn på skulen der ho tok pedagogikk-kurs for å bruke pc-ane der. Som oftast skreiv ho med Jessica liggande med ein eller anna leike ved føttane hennes. Ho var livredd for at nokon skulle oppdage at ho brukte desse maskinane til andre ting enn utdanninga hennes.

 

Den første agenten som fekk JKR sitt manuskript tilsendt, sendte det heile i retur. Det same skjedde med det same forlaget ho sendte det til og. Så ho sendte manuset til enno ein agent, Christopher Little. Han likte manuset, og sendte eit brev til JKR om det. Som ho seier er det finaste brevet ho nokon gong har fått. Han hjelpte henne med å finne eit forlag, og det tok eit helt år før Bloomsbury til slutt sa ja. Etter å ha fått Jessica var dette utvilsamt det lykkelegaste augeblikket i livet hennes.

 

Eitt år seinare, i juli 1997, blei boka utgjeve. Så den dagen boka kom ut, gjekk ho rundt med eit eksemplar av boka under armen. Det var heilt spesielt for JKR å sjå boka hennes i ein bokhandlar for første gong. Ho fekk lyst til å ta ut eit eksemplar og signere det. Men ho turte ikkje å gjere det, ettersom ho ikkje hadde nokon kort eller noko som kunne bevise at det var ho. Dei første orda Jessica lærte seg var ”Harry” og ”Potter”. Og dei pleidde ho å rope ut i bokhandlarar, noko som førte til ein del morosame situasjonar.

 

Forlaget ho gav boka ut med, Bloomsbury, var veldig oppmuntrande og overraska då boka solte så godt som det gjorde. Etter ikkje så lenge kjøpte det amerikanske forlaget Scholastic rettane til den første boka til meir pengar enn nokon hadde førestilt seg. Ho blei utruleg sjokka av merksamheita boka fekk. Og når ho underviste på deltid og skreiv Harry Potter og Mysteriekammeret resten av tida følte ho seg lamma av merksamheita.

 

Eit nytt liv:

Det var ikkje lett for JKR å velje at ho skulle bli forfattar på heiltid. Ho hadde dottera Jessica å tenkje på, og så var det heller ingen som viste om dette kom til å vere noko som varte, eller berre gjekk over etter nokre månader. JKR tenkte at ho truleg ville klare å halde ut med dei pengane ho fekk for første boka i to år til som forfattar på heiltid, men ho ville sette lærarkarrieren sin på spill då.

 

Etter ein stund fekk JKR Smarties-prisen, og då byrja salet for alvor å auke, og ho fekk sin første royalty sjekk. Ho hadde ikkje rekna med å få nokre inntekter på den første boka, så ho blei ganske stolt når ho fekk vite kor mykje ho hadde klart å få for den. Men ein god start var det då ikkje, for ho fekk eit problem med å gjere ferdig den 2. boka. For den 2. boka er historisk sett den vanskelegaste boka å skrive. Men ho klarte å levere boka til avtalt frist, men det blei heile 6 veker med ein lang finpuss av den.


 

Harry Potter og Mysteriekammeret gjekk nesten rett på bestsellar listene, noko JKR sjølv syns var heilt utruleg. Alt dette skjedde utruleg fort, men det einaste JKR brydde seg om var at ho hadde skrive ei bok som ho var stolt av. Harry Potter og Fangen fra Azkaban var enno eit sjokk for ho. No sto barn og vaksne i kø utan for bokhandlarane for å kjøpe boka hennes. Men ho syns det kunne vere litt for mykje av det gode. Ho hadde i alle fall ikkje rekna med post frå fan og bilete i avisene. Og når ting stormar som verst med bøkene hennes, tenkjar ho at både barn og vaksne les boka hennes. Og dei likar det dei les.

 

Å ha fleire millionar fans rundt om i verda tek jo på, og for JKR. Ho var jo overlykkeleg over at ho hadde nok pengar til å leve som forfattar på heiltid, men ho kunne gjerne ha bytta nokre av pengane mot å få tid og ro til å skrive. Og når 4. boka, Ildbegeret, kom ut var det utruleg stort press. Det var plakatar og reklame over alt. Ho møtte til og med press frå seg sjølv. Av og til har ho lurt på om det var verdt det.

 

No til dags er JKR lykkeleg, forelska og gift med ein skotsk lege, Neil Murray. I 2003 fekk dei ein don, David. Både Jessica, David og Neil har fått den 5. boka tilegna seg. Desse personane gjer JKRs liv magisk. Draumen om å kunne skrive på heiltid er oppfylt. JKR meiner at livet hennes er blitt perfekt.

 

Då den 6. boka, Harry Potter and the Half-Blood Prince, kom ut 16. juli 2005 var det hysteri rundt om i heile verda. Folk sto i kø for å få kjøpt seg eit eksemplar, om natta. 00:00 GMT (altså 01:00 her) blei bokhandlarar opna, og folk storma inn. Folk hadde kledd seg ut, og nokre plassar rundt om i verda, til og med i Noreg, hadde bokhandlarane stelt i stand eit ”party” for dei som kom der om natta. Med mange ting som dei kunne bli underhaldt med. I tillegg blei det satt salgsrekord på denne boka. På det første døgnet blei det selt heile 6.9 millionar eksemplar.

 

Kjelder:

http://www.thedailyprophet.org/rowling/

http://www.thedailyprophet.org/archive/?id=984

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil