Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (609) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8053) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Den berbare radiosendaren

Den berbare radiosendaren

En dame på 70 år beskriver mobiltelefoner fra sitt synspunkt.

Sjanger
Essay
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
22.02.2007


Ein berbar radiosendar og mottakar, går også under namnet mobiltelefon, eller som ungdomane seier: mobil. Mobiltelefonen; er det eigentleg ein telefon? Eg synest at telefonpreget på mobilane byrjar å bli meir og meir borte for kvar mobil som blir laga. Før var telefonane store kassar som hang på veggen, men no er dei så vidare utvikla at ein kan knappast kjennar igjen ein telefon om ein ville.

 

I gamle dagar hadde vi ikkje så mange telefonar. Dei var meir for dei rike som måtte ha noko å vise fram til sine naboar og vener. No er telefonar, for ikkje å snakke om mobiltelefonar, heilt vanleg. Alle har dei, til og med 9 åringar har  mobiltelefon slik at dei kan ringe til foreldra og fortelje kvar dei har stokke av hen etter skolen.

 

Uansett, tilbake til gamle dagar. Eg kan hugse ein gong da eg var å vitja min besteven Gjertrud. Med ein gong eg kom inn døra til huset deira, blei eg så godt som overfalla av ho Gjertrud. Ho ville tala om den nye telefonen dei hadde kjøpt. Eg skulle få vete om alle funksjonane og alt den kunne gjere før eg drog heim den kvelden. Når eg ser tilbake på dette, så skulle eg gjerne ha vist fram min nye mobil som eg har no. Det var dottera mi som hadde kjøpt den åt meg til min 70 års dag. Det var visst ein sånn her Sony Ericsson M600i. Den er så smal at eg kunne hatt både to eller tre i lomma utan å kjent dei. Jau, berre ho Gjertrud hadde fått sett den, så hadde ho vel fått seg eit sjokk eller to. Den er nok mykje betre enn den gamle kassatelefonen dei hadde den gongen. Og den kan eg love deg ikkje går i nokon si lomme. No når eg snakkar om det, så kjem eg på at eg må vel ta meg ein tur innom ho Gjertrud på gamleheimen i den her veka. Mon tro om ho har fått med seg at Se og Hør ikkje er eit så påliteleg blad som dei vil ha det til. Veit du korleis eg fekk vete det? Jaudå, eg fekk ei melding på den nye Sony Ericsson M600i mobiltelefonen min. Det er der eg får all min informasjon om kjendislivet og om alt som hende i kongefamilien. Enten det har hendt eller ikkje, så får eg det med meg.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil