Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Fortel om sauen, og kvifor

Fortel om sauen, og kvifor

Alt du trenger å vite om sauen. Artig lesning!

Sjanger
Fortelling
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
16.02.2007
Tema
Dyr

Sauen er eit fint dyr. Den bur i skogen, saman med reven og laksen. Sist eg trefte ein sau, hadde ho gått ut av skogen, og bort til gjerdet, der me hadde ein fin samtale om korleis verda hadde vore utan George W. Bush som verdsdiktator. Sauen meinte at det at USA er ei supermakt er det største problemet, og at valsystemet deira gjer at kven som helst kan bli president, uansett kor idiot (eller sau) han er. Sauen hadde dessutan ein draum om å verte bystyrepolitikar. Eg svara at ho var ein dust, for ingen i FrP vil vel ha ein møkkete sau inn i bystyresalen. Då vart sauen lei seg og gjekk attende inn i skogen.

 

<bilde>

 

Då eg tok i bruk Internett for å finne ut meir om sauen, fann eg den fantastiske infosida sau.no. Der stod det at sauen er mat for blant anna ulven. Då leita eg opp sider om ulv, og eg fann blant anna den flotte infosida ulv.no. Der står det at ulven er eit ålreit dyr. Difor gjekk eg ut i skogen for å treffe ein ulv og sjå om han var så ålreit som det sto på Internett. Eg trefte ingen ulv i skogen, for han var skote av ein sauebonde. Det var trist.

 

Etter den triste hendinga med ulven, forska eg litt meir på Internett. Eg gjekk inn på Google, og søkte på det engelske ordet for sau. Der kom det opp ein side som heiter Uncyclopedia, om mogleg verdas mest brukte internett-leksikon. Der fann eg ut spanande vitskapelege faktum som at sauen har to bein som er lengre enn dei to andre beina. Dette er så sauen kan stå på fjell, om han vil det. Det stod og at finske sauar har utvikla ein eigen kamuflasjeull, så dei kan gjømme seg for dei finske markane. Men noe har jo Finland bytta mynt til Euro, så dei finske sauane får slutte med kamuflasjen sin.

 

 

Kjelder: www.sau.no, www.ulv.no, www.google.no, http://uncyclopedia.org/wiki/Sheep

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil