Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Hemntanken - ei drivkraft i mennesket?

Hemntanken - ei drivkraft i mennesket?

Tankar om kvifor me hemnar oss, og kva hemnen eigentleg er styrt av.

Sjanger
Essay
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
13.02.2007
Tema
Personlig


I boka ”Dødskammeret” av John Grisham vart to jødiske gutar drepne og faren deira gjort invalid i eit bombeattentat. Den ufyselege rasisten bak vart dømt til døden og etter ei tid gassa i hel. Sjølv om den gjenlevande faren fekk oppleva at den dømde faktisk angra, naut han likevel at mannen skulle drepast. Han trudde sjølv at han ville kjenna seg betre etterpå, sidan nokre av ugjerningane skulle rettferdiggjerast.

 

Ein rusa ungdom provoserer ein annan ved å flørta med dama. Guten tolererer det ikkje, tek tak i han og slår. Han får igjen. Slik held det fram til politiet kjem, og dei to gutane må bøta for handlingane sine. Ein arrestasjon, dom eller bot er òg ei form for hemn…

 

30. desember 2006 vart den tidlegare diktatoren Saddam Hussein avretta ved henging. For mange var det ein gledeleg dag. Auge for auge, tann for tann… Må òg bare få med at ein kort tid etter kunne høyra om korleis ei lita jente hjelpte sin litle bror å henga seg, barn ”lærer” fort!


 

Fattige og undertrykte menneske vert hersa med av dei rike og mektige. På grunn av korrupte dommarar har heller ikkje fattige eit skikkeleg rettsvern. Dei kan fråstelast si jord, mista si løn, verta voldtekne og drepne, samstundes som dei skuldige kan gå frie og franke. Slik urett burde vore hemna, men dei fattige si handlekraft er som regel ikkje stor nok. Skal fattige verta hemna fordi dei er fattige?

 

Eg kunne halde fram med å gje eksempel i det uendelege. Dei er å finna overalt, og i alle slags former. Somme er så besette av hemntanken at dei spekulerar ut fleire måtar å ramma alle som dei meiner har gjort eit feilgrep mot dei. Menneska har vore opptekne av å hemna seg i alle tider, og ingen kan seia at me fortsett ikkje er det. Dersom nokon gjer deg vondt –vil du ikkje ta igjen? ”Hemnen er søt”, eller kva? Kvar einskild tenkjer ulikt, men eg tippar at mange ville likt å sjå fienden lida. Er hemnen då ein naturleg reaksjonsmåte?

 

Hemntanken sit langt inne, og er utan tvil ein del av oss. Dersom du på ein eller annan måte har blitt snylta, banka eller liknande, seier eit instinkt at dette skal rettferdiggjerast. Du skuldar på ein måte gjengjeld. ”Ha, der fekk du din dustemikkel” er nok ein tanke som har vore innom alle og einkvar.

 

Tenk på korleis refleksen i kneet sørgjer for å sparka ut foten når den vert utsett for eit slag. På same måte trur eg at det kan oppstå ei slik form for hemn. Eg trur at somme menneske automatisk slår igjen etter sjølv å ha blitt slegne, dette utan å tenkja seg om. Sjølvsagt er det ikkje alle som ”slår igjen”, men alle vil gi ei eller anna form for gjengjeld. Å svara med eit voldeleg blikk, ein stygg kommentar, eller bare å gå i protest vil eg òg kalla for ein slags hemn. Det er ikkje til å leggja skjul på at hemntanken ikkje er særleg kontrollert.

 

Av og til kan ein kjenna seg så sint eller skuffa at ein kjenner gråten i halsen. I slike situasjonar dominerer frustrasjonen, og det kan vera veldig vanskeleg å vita kva ein skal ta seg til. Hemn kan sjå ut til å vera den einaste utvegen. Eg vil tru at psykisk sjuke har lettare for å nå dette punktet, og kanskje enda lenger, og at dei difor raskare vert fortvila og, på grunn av det handlar eller tenkjer annleis enn oss friske menneske.

 

Med dette i bakhovudet kan eg konstatera at hemn er styrt av kjensler, ikkje fornuft. For dersom me hadde brukt fornuft, sunn fornuft vel og merke, burde ein kunne redusert hemna si kraft mykje. Men når denne krafta til tider vert styrt av ukontrollerte kjensler, er det ikkje alltid like lett. Eg seier ikkje at me menneske har null kontroll over kjenslene våre, og at me sjølv ikkje kan velja om me skal hemna oss eller ei. Poenget er at kjenslene kan verta så sterke at fornufta ikkje lenger rår over dei. Men stort sett kan me ,med disiplinert fornuft, bestemma over handlingane våre! Men om du derimot ”søkjer” hemn, er eg einig med James Bond: ”grav ei grav for to!”

 

Nå litt bort ifrå all den uvissheita. Det går an å gå seg vill inni der! Faktorar som kultur og miljø spelar utvilsamt inn på hemntanken vår. I islendingesogene les me om korleis folket var plikta til hemn. Eg tenkjer spesielt på blodhemnen; drap skulle gjengjeldast med nytt drap. Det ville vore feigt og ikkje minst ærelaust å ikkje ta hemn. Denne levemåten vart ført vidare i generasjonar, og barna vart oppseda og ikkje minst oppfordra til å hemna seg. Med andre ord vil dette seia at omgivnadane har stor tyding for kor vidt hemn er utbreidd. Den hemnen som er beskriven i islendingesogene er langt ifrå kva som hadde vorte tolerert i dag. Å drepa er å gå over streken, og er i dag sjølvsagt ulovleg. Omgivnadane har altså også mykje å seia for kva grad av hemn som vert akseptert i samfunnet. Det vil seia at hemnen kan vera bestemt, eller i det minste sterkt påverka, av omgivnadane.

 

Tv-serien Hotell Cæsar, og mange av dei andre såpeseriane, er også blant omgivnadane til mange. Seriane byggjer utan tvil på hemn og intrigar. Utruskap, løgner og bedrageri er bare litt av kva me får møta. Dramaet får det å møta vondt med vondt til å framstå som normalt, og dette ”lærer” folket av. Alle dei små barna som sit og ser på serien, vert definitivt påverka, og nokon svelgjer alt rått.

 

Er hemn også bestemt av alder? Hm.., bestemt og bestemt. Alderen kan i alle fall avgjera kva slags hemn som vert utført. Ein fire år gammal gut har ,som alle veit, ikkje like utvikla hjerne som ein 60-åring. Det må bety at dei ikkje tenkjer likt, og at hemnen må skje i ulike former. Fireåringen vil kanskje setja i å skrika og slå vilt, medan 60-åringen vil fylla den andre parten med negativitet. Barn har også heilt andre perspektiv, og vil vera ferdige med ei sak etter kort tid. Eldre kan dvela på gamle hendingar i lange tider, og hemnen kan vera mykje sterkare.

 

Heilt i byrjinga av teksten, las du om korleis hemna førekom i ”Dødskammeret”. I boka får forfattaren fram alle partane sine synspunkt, men tanken bak kjem likevel tydeleg fram. ”Hemn over forbrytarar kan rettferdiggjerast, men avretting er ei nedverdigande form for gjengjelding”. Dersom ein høyrer dette, er det ikkje rart om ein vert forvirra. I si tyding er formuleringa for så vidt god, men for hjernar i utviklingsfasen kan det vera vanskeleg å forstå. - Akkurat som heile hemnen. Generelt sett, er hemntanken ”eit stort spørsmål”. Ein kunne filosofert og spekulert i det uendelege. Nye spørsmål ville stadig ha dukka opp, samt at dei gamle ville stått igjen utan svar.

 

Av god grunn er hemn eit negativt lada ord for dei fleste av oss. Konflikten i Midt-Austen er eit lite hyggeleg eksempel på korleis stadige gjengjeldsauksjonar og kravet om hemn stadig låser konflikten fastare. Makt og truslar har aldri virka på annan måte enn at hemntanken blomstrar. Men når alt til ei kvar tid skal gjengjeldast, kva gjer det oss til?

 

Me driv ikkje lenger med blodhemn, men me er definitivt ikkje ferdige med hemntanken. Eg vil ikkje seia at hemn er drivkrafta til menneske, i alle fall ikkje i bevisstheita. Men verda hadde vorte ein betre stad å bu dersom folk byrja å fokusera på det som er positivt, i staden for å streva med det som er negativt. Shakespeare sa at hemnen burde vera grenselaus, men eg bøyer meg heller for det faktum at gleda over å tilgi er søtare enn gleda over hemn.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil