Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Turistar

Turistar

Et kåseri om turister. Feel free to use it!

Nynorsk innlevering, og mitt første kåseri.

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
09.02.2007

Kva er det med dei turistane eigentleg? Dei kjem til Noreg med kamera og bagasje og bobilar og alt som kan tenkjast. Det finnes mange variantar av turistane. Du har til dømes dei sinte og arrogante, dei naive, dei rare, og dei tyske. Dei sistnemnde er alt ovanfor. Dei trur dei eiger landet den dag i dag, difor har dei all makt og all rett når dei kjem innom landet. For å seie det slik, det blir som om eg fortsatte å bruke eit hus eg solte for eivigheiter sidan, og det er noko me berre ikkje gjer.

 

Turistar frå Noreg som reiser til Danmark eller syden er heller ikkje noko å skryte av. Da reiser dei til store familiestader, drikk seg dritings og blander inn andre ukjende personar i deira eige mislykka kjærleiksliv og fortel alle om dei sjuhundreogførtisju intrigane og trekantdramaene dei var innblanda i sist veke. Dei har ein oppførsel utan like.

 

Nordmenn er den typen turistar eg liker å kalle naive. Dei trur på alt, for alt dei veit kunne eg like godt ha vore halvt asiat og halvt apekatt om eg fortalde dei det.

 

Om eg bare hadde visst kva som trekkjer turistar inn til landet vårt, kunne eg kanskje ha forstått dei, men det gjer eg ikkje. Ikkje er det landskapet, det er jo heilt likt som til dømes i New Zealand! Ikkje er det veret, det regner og bles året rundt. Eg ville reist til kysten i USA. Der har dei eit litt meir spanande vertilbod, med flotte orkanar og tornadoar og steikande sol.

 

Ikkje er det folka. Vestlendingane er sure og negative, austlendingane er arrogante og blærete, nordlendingane er sære, trønderane er uforståelege og sørlendingane er dumme og naive. Ingen av dei nemnde er heller politisk korrekte, stilfulle eller økonomiske. Kva gjenstår? Vi har jo eit par oppfinningar. Wow, ein bete metall som er bøyd i mange rare retninger kaller vi binders. Kvifor kallar vi det binders? Og kva er det med den ostehøvelen? Den virker jo ikkje ein gang! No kan vi jo berre kjøpe ferdigpakka skiveost, nesten utan hull i!

 

Men no datt eg litt av tema, eg skulle jo snakka om turistar, ikkje norske attraksjonar og oppfinningar. Det finnes mange typar turistar, men eg må innrømme at eg forstår meg ikkje på dei.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil