Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (609) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8053) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Reisa i det uendelige

Reisa i det uendelige

Et innblikk i fremtiden.

Karakter: 5+ (VK1)

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
29.01.2007


Eg spring fort, veldig fort. Dei får ikkje tak i meg, eg er jo kretsmeister i langdistanse. Dei får ikkje tak i meg. Eg berre veit det. Dei røykjer, dei har alt for dårleg kondis til det.

 

Plutseleg er alt forandra. Frå skog og kratt, er eg no blant mange slags rare gummitre. Eller kva er det? Det liknar på gummitre. Og alt er stille. Heilt stille. Ingen roping, eller hoiing. Ingen som roper: ”KNUUT! Kom elles, skal vi banke deg helselaus!”

 

Men kva er det eg eigentleg har gjort dei? Eg har ikkje peiling. Eg hugsar ingenting frå før dette løpet starta. Men noko eg veit, er at eg ikkje vil hamne i kløa deira. Det er den store gjengen på skulen, med Hans, Petter, Trygve og alle dei andre store gutane. Eg vil IKKJE i kløa deira. Dei kan banke meg helselaus, og snart er det jo eit nytt kretsmeistarskap. Det må eg vere med på, eg vil vise endå ein gong at eg er best. Best i å springe langt.

 

Blant alle desse gummitrea, er det ingen lyd. Det er som om dei isolerar meg mot alt utanfrå. Det er ei god kjensle.


 

Men med eit høyrer eg eit stort brak, og pusting og pesing. Eg snur meg, og der står det eit dyr framfor meg, som ser ut som eit stort verdsromudyr! Kva skal eg gjere? Springe min veg? Om eg spring frå det udyret der, då er eg ein sikker kretsmeister! Det er så stort, med digre bein, som sikkert tek 3 meter i eit steg. Og det trur eg nesten er ein underdriving. Det verkar som om eg har reist tilbake i tid, til dinosaurane.

 

Med eit ser eg at dette udyret et jo planter! Det er ein dinosaur planteeter! Det er ein iguanodon. Dei har eg sett på TV, på sånne program der dei har rekonstruert dinosaurar.

 

Då kjenner eg at eg pustar igjen. Eg må ha haldt pusten, for no gispar eg etter pust.

 

Så plutseleg, er det folk rundt meg! Og det er annleis rundt meg. Igjen! No er det nesten som til vanleg. Grantre og små kratt, men det er folk i dyreskinn. Kor er eg no? Steinalderen?

 

Plutseleg begynner den eine å prate til meg, trur eg. Eg forstår ingenting. Kva er det han seier? Vil han ete meg? Invitere meg inn? No er eg redd. Eg har jo lært at desse menneska ikkje var veldig sosialiserte. Ikkje etter det som er i dag. Eller, det blir vel i framtida.

 

Dette er forvirrande. Kva skal eg gjere? Det ser ut som om han ventar eit svar. Eg prøver å seie noko, men eg forstår ikkje sjølv kva eg seier! Eg pratar som han! Han smilar breitt etter at eg har svart. Kva har eg sagt?

 

Han viftar med armen, eller vinkar på meg. Vil han at eg skal følgje han? Eg gjer det.

 

Han tek meg med inn i ei hole. Her var det veldig mørkt, eg ser ingenting. Han tenner ein fakkel. Og med eit ser eg! Eg ser mange holemåleri. Eg vil ta bilete! Men, kameraet mitt er borte! Eg hadde det i lomma, det er eg sikker på. Eg merkar at eg ikkje har mine klede på. Det er dyreskinn, akkurat som desse steinalder folka rundt meg. Eg kjenner etter, det var veldig mjukt skinn. Og behageleg å gå i.

 

Med eit, er eg tilbake i notida. Eller, er det notida? Eg ser mange rare bilar og bygningar rundt meg. Det er ikkje notida. Kva er det? Det er heilt nytt. Eg budde på bygda, men dette er ikkje ei bygd. Kanskje eg er i Oslo?

 

Eg går fordi ein kiosk. Der er det avisar! Eg ser det er avisa til bygda mi. Er verkeleg dette Valdres? Eg ser etter datoen, og det er 14 November 2106! Det er hundre år fram i tid. 100 år. Kva er det som eigentleg har skjedd på denne tida?

 

Bygningane er høge, veldig høge. Dei er sikkert over 400 m høge. Alle bygningane. Og alle er like. Eller nesten i alle fall. Er det slik det skal bli i framtida? Og November? Det er minst 15 grader ute. Dette er sikkert fordi vi slapp ut så mykje CO2 i våre dagar. Kvifor kunne vi ikkje stoppe det? Eller i det minste redusert det? Det er heller ikkje snø her, ingenting. Og sola tittar fram. Det er jo ikkje sånn det skal vere i November! Eg stoppar ein flokk med ungdommar. Dei er alle lettkledde, shorts eller skjørt.

”Savner dykk ikkje snøen?”, ”Snø?”, spør den eine av dei.

”Veit dykk ikkje kva snø er?”

”Ehm… Eg trur eg har høyrd bestemora mi prate om det, men ikkje sett eller kjent på det sjølv”, sa den eine. Han var kledd i svart og blå shorts, med ein lys t-skjorte.

”Snø. Det er jo berre kvitt og kaldt? Eller?” Spurte ei av jentene.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil