Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > "Endestasjon" av Tormod Skagestad

"Endestasjon" av Tormod Skagestad

Dikttolkning av "Endestasjon".

Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
11.01.2007


Livet går fort. Ein må gripe sjansane, for ein kan ikkje hoppe av på ein stad som er forbikjøyrd. Ein opplever opp– og nedturer, og det kan vere tungt. Men for dei fleste er livet ein god reise. Ikkje veit ein når reisa er slutt. Vil ein ha ei kjensle av at ein ikkje har levd livet slik ein ønskte i det det siste andedraget blir trekt? Da er det for seint. Du er venta på ein annan stad – utan at vi veit kvar. Diktet ”Endestasjon” berører mykje av dette.

 

”Endestasjon” er skrevi av Tormod Skagestad. Diktet er ifrå samlinga ”Havdøgn” som vart gitt ut i 1965. Tormod Skagestad vart fødd i 1920 i Krødsherad. 45 år gammal fekk han jobb som teatersjef ved Det Norske Teateret i Oslo, kor han var aktiv til 1979.

 

”Endestasjon” er ei skildring av ei togreise. Den syner korleis toget med alle sine kupéar stanser ved perrongane. Med rykk og hogg. Men diktet handler om så mykje meir enn berre ei togreise som endar ved ein endestasjon. Dette diktet tar for seg livets togreise. Reisa menneske gjer på slutten. Ei togreise kor ein kan sjå attende på tida føre. 


 

Diktet skildrar dei siste minuttane av eit menneskeliv. Korleis livet ebbar ut, tankane flyg og alt stilnar. Korleis menneskekroppen på slutten av eit liv sakte, men sikkert blir dårligare. Bremsene til livet set inn og senkjer farta. ”Bles ut den siste dampen”. Tar sine siste andedrag. For det nærmer seg slutt. Han skildrar; ”Vognene tømmest for reisande nå: med koffertar, pakker og byltar.” Dette syner korleis kvart rom inne i deg tømmer seg for sin balast gjennom livet. Pakker ut alle dine opplevingar. Og lemnar dei igjen, før kroppen sovnar inn.

 

Han skildrar sorgen ved klagande måkeskrik, barn som gret og at mot starrgrass og klinter går havet grått som bly under den låge himmelen. Mest som om havet svartnar og stilnar, og legg seg i ro.

 

Dei står alle med andleta vende same veg. Ventande ved det store havet med kvar sine livshistoriar. For alle skal døy og koma til same staden. Det er inga veg tilbake. Livet dei har levd bærer dei ennå med seg, men i det dei døyr vil alt vera gløymt.

 

Han skildrar ”Slaget mot svillene med skiftande klang etter landskapet der dei brusa fram under høge sirener, forbi stader dei gjerne skulle gått av på”. Eg trur han syner den høge pulsen for å leva livet. Det kan óg ha skiftande intensitet. Som ung vil ein oppleva, oppnå sine mål og kome seg fram. Men det kan gå for fort. Kva om ein går forbi dei små tinga i livet som tyder så mykje? Som å ta seg tid til å kjenne gleda over små hendingar som han videre har skrevi; ”gått inn i ein skog, eller ut på ei blommeeng”. Og kanskje ikkje alltid haste framover som det raskaste lokomotivet. Ein kan kjenne at ein har valt dei tryggje utvegane heile livet. Aldri kome ut av spora som alltid går rett fram, berre svingar da dei må. Aldri gått av på stadar ein skulle ynskt å ha opplevd. Da vil ein angre på dei ugjorte hendingane, i det varmen i kroppen stilner.

 

”Satt nokon og tenkte: vi reiser for fort! Korleis kan glimt av et ukjent andlet på ein stasjon fylle hjarta som med uboteleg sorg?” Om ein da tenkjer at toget går for fort – at livet går for fort, da er det for seint. Sorgen kan bli stor når ein ser eit lykkeleg andlet på ein stasjon, og tenkjer ”kva om eg kunne vera ung som han og velje om igjen? Senkje farta på toget, ikkje haste framover.” Tida går seint i dei tidlege periodane i liva våre. I kupéane. ”Tida gikk seint i kupéane, - så spela dei kort, døsa av, åt og drakk”. Frå barn til tenåringer. Til ungdom. Til unge vaksne. I dei periodane ønskjer ein å bli eldre. Lengtar stadig framover i livet. Og ein kan sløyse med tida til ein synes ein er vaksen. Men kva gjer man når man er blitt vaksen? Da kjenner ein det som at tida går for fort. Ønskjer at pulsen omkring livet kunne senkjes. Ein kan sitje att med ei kjensle av at tida som ung gikk seint, men at sjølve livet har gått for fort.

 

Så kjem ein fram til endestasjonen. Toget stansar. Der ebbar livet ut. Mange kan ha ei kjensle av at reisa deira ikkje har starta. Men det er for seint. For der står dei alle med andleta vende same veg, og ventar ved havet. Ventar på at dei skal trekkje kvart sitt siste andedrag. Ventar på at ljoset i kvar og ein av kupéane vil slokne. Heilt til ventetida ved havet er over.    

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil