Ein kan spørje seg sjølv kva som er årsakene til at det er så mykje kriminalitet og vald i samfunnet i dag og kva som får menneske til å gjere uakseptable handlingar. Det er nok mange teoriar på dette og eg trur nok ikkje det fins berre eit korrekt svar, det er nok mange grunnar bak handlingane!
Det er mange ulike former for kriminalitet, og dei mest skremmande er vel blind vald, fysiske overgrep som til dømes voldtekt, og grove innbrudd – også mens det er folk tilstades i huset. Eg trur at den største grunnen til dette er at det er ein større grunnleggjande mangel på respekt for menneskelege verdiar og ein større egoisme som samfunnet har bidratt til. I større byar og tettstadar lever vi tettare inn på folk vi ikkje kjenner og manglar ofte dei viktige nettverka som fans der før. Eg tykkjer også at det er meir fokus på grupper og ikkje enkeltmenneska, at alle er unike og har ein verdi.
Informasjon og filmar som inneheld grov vald er så mykje lettare tilgjengelig senkar terskelen for kva som er akseptabelt, sjølv om ein blir fortalt at ”det er berre film”! Eg er heilt sikker på at til og med små ungar får tilgang til dette. I eit samfunn i stadig forandring, der ting skjer raskare og vi blir stadig fleire – vert det stadig vanskeligare å få kontroll.