Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Regn i Hiroshima - analyse

Regn i Hiroshima - analyse

Analyse av "Regn i Hiroshima".

Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Bokmål
Lastet opp
10.07.2000


"Regn i Hiroshima" vart skrive av den norske forfattaren Tarjei Vesaas (1897-1970). Tarjei Vesaas er nok mest kjend for dei store romanane sine, som t.d. "Isslottet". Diktet er henta frå diktsamlinga "Leiken og Lynet" som Vesaas gav ut i 1947. Vesaas skriv på ein veldig spesiell måte, slik at det nokon gongar kan vere vanskeleg å forstå kva han eigentleg meiner. Romanen "Isslottet" var skriven på ein så spesiell måte at ein måtte setje seg grundig inn i handlinga for å forstå kva bodskapet var. På same måte er det med dette diktet. Dette diket er vel eigentleg ganske typisk for Vesaas si dikting.

 

Diktet vart skrive i etterkrigstida. Krigen hadde avslørt kynisme og brutalitet, men også vist at menneska eigde ein indre motstandskraft, offervilje og evne til truskap. Atombomba over Hiroshima varsla nye og uante farar. Dette vart då mykje av bakgrunnen for diktinga for denne tida. Vesaas levandegjorde dei vonde si irrasjonelle makt.

 

Det er eit svært alvorleg dikt som også er ganske trist. Det tek for seg ei alvorleg hending, som sjokkerte heile jordas befolkning.

 

I 1945 slapp amerikanarane ned ei atombombe over den japanske byen Hiroshima. Den gongen var det svært få, omtrent ingen som visste om kva konsekvensar ei slik atombombe kunne ha på miljøet. Så det var nok ikkje dette Vesaas ville fram til i diktet. Men alle visste at ei atombombe var ein trussel om å utrydde alle menneske på jorda. Motivet til diktet er altså bombinga av Hiroshima, og dei konsekvensane den hadde. Men det kjem ikkje direkte fram i diktet.

 

Vesaas har brukt ein del verkemiddel i teksten for at den skal gje ein viss effekt til lesaren. Måten diktet er sett opp på er litt spesiell. Vesaas seier ikkje handlinga direkte, han brukar knappe, halvferdige setningar, som til saman gjev eit veldig godt inntrykk. Lesaren må studere diktet nøye for å verkeleg forstå det, og det er det som gjer diktet så bra. Diktet er også delt inn i strofer, men dei er ikkje regelmessige. Strofene har ikkje enderim, men ein merkar likevel tydeleg ein viss musikalsk verknad ved samklangen i diktet. Det merkar ein spesielt mellom dei lyse vokalane i diktet.

 

Diktet inneheld ingen forfattar som talar direkte til lesaren. Men det har ei indre røyst, som studerer det som skjer og som føler den vil vere ein del av det.

 

Diktet er også rikt på språklege bilete, som t.d. metaforar:
"ein knyttneve mot himmelen"
"stigande milevide slør"
"sløret vart dråpar tett i tett"
Desse er metaforane gjev oss ei sterk samanlikning og gjer teksten rikare.

 

Motivet i diktet er som sagt bombinga i Hiroshima, og temaet er løfta ut av denne situasjonen.
"I det ho lyfte handa
for å ta tekanna
kom eit blindande ljos -"
Slik opnar diktet, vi finn altså ut at det er ei kvinne som held på med noko så kvardagsleg som å ta opp ei tekanne. Men når ein kjem til "kom eit blindande ljos" forstår vi straks at det er noko som skjer. Når ein så går vidare til neste strofe, får vi straks vite litt meir, men kva som har skjedd veit vi ennå ikkje.
"var ikkje meir
alt var borte
dei var borte"
Med dette forstår vi at ikkje berre vart 15 000 menneske drepne eller såra av atombomba, men også kvinna som var med i byringa av diktet. Vi får ikkje vite noko meir om denne kvinna seinare i diktet, og vi får heller ikkje vite akkurat kva som hende med denne kvinna. Men det er heller ikkje naudsynt, det Vesaas vil fram til her, er å skildre den tragiske hendinga og at livet rett før ulykka var heilt normalt. Ei einsleg bombe øydela alt. Les vi litt til i diktet finn vi ut at alle dei drepne ikkje berre er døde, men at dei også har gått over til ei heilt anna form: "omlaga til damp og sky". Med linja "gåtefullt, oppstigande og stumt" sitt vi igjen med ei kjensle att dette er noko gåtefullt, noko uverkeleg, noko som ein aldri kunne trudd skulle skje. Ordet "oppstigande" vil sei til oss at dei stig oppover, rettare sagt, dei forsvinn frå oss, og med hjelp av ordet "stumt" skjedde dette stillferdig, alt var stilt.

 

Vesaas gjer atomsprenginga om til eit bilete der jorda blir ei handlande kraft:
"Men jorda slo høgt og vilt
ein knyttneve mot himmelen
ved mishandling"
Det kjem her tydeleg fram at jorda er blitt mishandla og sender atomsoppen som eit knyttneve slag til himmelen.

 

"- ved det attlevande veit
verda rundt
men orkar ikkje fatte:
Hiroshima -"
Dei som er att på jorda, veit kva som er skjedd med den vesle byen Hiroshima, men ingen av dei orkar å fatte det. Det var ei alt for tragisk hending.

 

I neste strofe endrar diktet karakter, det får ein meir undrande tone.
"Stigande milevide slør,"
Dampen som steig opp vart til eit slør som breier seg utover.
"dei var i det,
gått attende til ei urform"
Menneskja som vart drepne, var i dette sløret og gjekk over i ei urform. Det verkar som om Vesaas undrar seg over korleis dei kan vere ein del av dette og det evige liv. Når ein kjem til den siste linja i denne strofa og den første linja i den neste strofa, kjem vi til to ganske viktige setningar i diktet "Vera eit grann av dette"

 

"Vera i det bortdragande -"
Vi kan tolke det som om røysta i diktet ønskjer å vere død, den ønskjer å vere ein den del av det sløret som fer bort.
Vidare nedover i strofa vert dråpane som ein del av det evige liv.
"Sløret vart dropar tett i tett
i dropens evige skapnad
utan byrjing eller slutt"
Dråpane inngår som ein del av det evige krinsløpet der livet går attende til jorda.

 

"Dei fall,
svalande, utalde,
i tungt regn nedover -"
Slik sluttar diktet. Dei døde menneskja var ikkje lenger menneske, men hadde gått over i ei anna form. Dei fall ned på Hiroshima som tungt regn.

 

Når ein er ferdig med å lese diktet, sit ein igjen med mange spørsmål og nesten ingen svar. Ein må lese gjennom diktet fleire gongar, før ein kan greie å forstå det. Det er eit veldig spesielt dikt, og Vesaas har sett det opp på ein veldig spesiell måte. Måten han har sett dette diktet på, er at døden er som ein del av det gåtefulle, evige krinsløpet. Temaet i diktet vert altså ei undring av det evige krinsløpet og kva det vil sei å eksistere i ein anna form, altså som ein del av jorda sjølv. I dag fortel dette diktet oss korleis denne hendinga opptok folk i verda. Eg vil ikkje påstå at dette diktet er mindre aktuelt no enn det var då det vart skrive. Vi har den same spenninga mellom stormaktene i dag og, som t.d. USA og Russland. Atombomba er blitt ein ny stor trussel, som uroar mange menneske over heile verda.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil