Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > "Den grøne kommoden" av Selma Lønning Aarø

"Den grøne kommoden" av Selma Lønning Aarø

Analyse av novellen "Den grøne kommoden" av Selma Lønning Aarø.

Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
04.12.2006


Novella "Den grøne kommoden" blei skreve av forfattaren Selma Lønning Aarø i 1995. Ho er fødd på Stord i 1972, har mellomfag i teatervitskap og grunnfag i media, og er for tida fast spaltist i Dagbladet laurdagsutgåve. Ho debuterte i 1995 med "Den endelege historien", som vann Cappelen` s konkurranse for beste debutroman. Hennar andre roman; "Spekulum", kom ut i 1996. Og i 1999 kom romanen "Bebudelse". Selma Lønning Aarø har redigert tre årgangar av Cappelen debutantantologi Signaler - alle saman med Nils-Øyvind Haagensen. Lønning Aarøs roman, "Vill ni åka mera?" som kom i 2003, har vorte betegna som hennar gjennombrot som forfattar. Med denne romanen blei ho også nominert til Brageprisen.

 

I tillegg til at ho har skreve desse romanane har ho også vore med på tre barne- og ungdomsantologiar. Det kan verke som om at ho nyttar mykje bilete når ho skriv, særleg der tema er kjensler. Ho skrive med ein innsikt og ein åpenhet overfor menneskelege skuggesider som imponerer. Med sine humoristiske betraktninger borer Selma dypt i dei mange klassiske scener som ektepar og kjærester spiller ut for kvarandre dagleg. Ho skrive veldig mykje om folk som ikkje har det så bra, sjølv om ho har det bra med både mann og barn. Ho skrive ein veldig interessant tekst, med mykje finurleg humor og ironi. Novelle blei skriven i 1995, det var same året Selma debuterte med «Den endelege historien».Historia startar med eit kort samandrag frå tida dei har hatt saman.


Forteljinga begynner in medias res, altså rett på, med denne setninga: Kven snakkar om kjærleik?

 

Kven snakkar om kjærleik?

Ikkje eg.

Eg snakkar om valet mellom ei jente og ein grøn kommode.

 I eit år har ho måla munnen raud for hans skuld.

No seier ho at det er slutt. Ho har ikkje lyst på han lenger. Han er meir som ein god ven. Ho seier det roleg, som om ho vil konstatere at straum avgifta er gått opp. Ho set seg demonstrativt på den grøne kommoden. Ho ventar på at han skal seia noko. Be om orsaking for det heile, som om det var han skuld. Det er ikkje lett å be om orsaking fordi ein ikkje lenger er attraktiv nok. Han lar det vera. Det som er viktig no er den grøne kommoden. Ho får ikkje ta me seg den grøne kommoden.

 

 Handling går i enkle trekk ut på at eit kjærleiksforhold nettopp har tatt slutt. Jenta i historia seier at ho vil ut av forholdet mellom anna fordi ho ikkje ser på guten som anna enn ein ven, og at ho har vore utru fleire gonger. Guten i novella høyrer alt ho seier, men reagerer ikkje slik vi ventar. Han er meir oppteken av ein grøn kommode, som vi får ei kjensle av er viktig for han. Kommoden kjøpte dei ein gang som felles eige på fretex, men vi får vete at guten har gøymt minner i den og har alle tinga sine i den, han har og ein ring i den som han ha tenkt å gi jenta, kva slags ring står der ikkje, kanskje ein truloving ring?!?! Han føler rett og slett at tinga hans høyrer heime i den kommoden, og derfor kan ho ikkje ta den med seg. Det er guten som er hovudpersonen i denne novella, det er has tankar som blir referert her i novellen. Novelle blir fortalt kronologisk. Høgdepunktet er då han gjer uttrykk for at kommoden er mykje viktigare for han enn det jenta er.

 

Vendepunktet må verre når jenta «gir opp» kommoden å det er eit klimaks då jenta "gir opp"kommoden. Eg synst i allefall det.

 

Det er vel mest handlinga som pregar mest framstillinga mest.

 

Lav stiltone, korte setningar gjere at teksten er enkel å lese.

 

Eg får eit inntrykk av at det er guten som er forteljar. Novella er skreve som eit tankereferat, det er ikkje nokon direkte talar som kjem fram, så der er personal synsvinkel, 1 person-synsvinkel, forfattaren oppnår at det er enkelt for lesaren å forstå novellen. Får fram enkelt kven som er hovudpersonen å at det er han som fortel forteljinga. Eg forstår det slik at det er guten som fortel heile historia.

 

På måten jenta verte framstilt her i denne novellen er ho både kald å kjenslelaus og er ei sann skikkeleg møkka dame. Einaste så blir sagt av henne er at ho vil ut av forholdet å har vore utru MANGE gangar som det står her i novellen. Men når han bare seie han vil ha kommoden å bryr seg ikkje noe spesielt at ho gjere det slutt så blir ho både lei seg å fortvila å tar til tårene. I novellen blir ho framstilt som falsk når tårene kjem fram. Men det kan jo hende ho verkeleg her lei seg for det som skjer, å er faktisk glad i guten.

 

Guten vert derimot framstilt som sjølve hovudpersonen, Å engelen sidan det er ho som vil ut av forholdet. Det er han som får alle tankane i novella, og det er hans side vi høyrer. Han kan virke litt kald og kjenslelaus han og sida einaste han tenkje på er den grøne kommoden. Begge personane er dei same gjennom heile handlinga. Vi får verken sjå eller høyre om forbetringar eller forverringar av karakterane. Personane er konfliktfylte, jenta vil ut av forholdet å guten bryr seg ikkje noe spesielt.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil