Boka handlar om verdas byrjing og fram til det trede tidevervet.
I starten er det berre ein: ”Iluvatar”, eller ”Eru”, ”den eine”. Han skaper ainuane, som er fødde av tankane hans. Han gjev dei kvar sitt tonemønster, som dei framfører saman som eit stort kvad. Etter kvart byrjar den største av ainuane, Melkor, å synga utanom kvadet. Han vil herska og styra over ting sjølve, og ut ifrå mislyden hans, veks alt det vonde. Når kvadet er ferdig, viser Eru kva dei har gjort: Midt uti tomrommet, heng det no ei kule.
Dette er Arda, og her får ainuane tilbod om å stiga ned. Mange av dei gjer dette, og dei er i to ulike ordenar: Valaane, som er dei mektigaste, og maiane, tenarar av valaane. Her skal dei skapa ein fager plass til Iluvatars’ born, men Melkor som har gjort krav på arda, og øydelegg alt som dei andre lagar til. Til slutt, går valaane til krig mot Melkor, og dei tek han til fange. Dette hender rett etter att Iluvatars’ førstefødde born, alvane, har vakna.