Sumaren i år var eg og venninna mi Therese på ferie i Thailand. Me drog avgarde på ein mandag morgon, klokka åtte, fulle av eventyrlyst! Eg og ho Therese hadde gleda oss lenge til denne turen, og til alt det kule me skulle finna på! Me drog saman med tanta til Therese, ho Sylvia. Ho skulle treffe nokre gamle skulevener, og lurde derfor på om me ville vere med, noka me sjølvsagt ville!
Flyturen var veldig lang, den vara i heile tretten timar . Då me endeleg kom fram til den frodige øya Phuket i Thailand, var me alle glade for å sleppe ut av det overfylte og varme flyet!! Det første som kom imot oss då me gjekk ut av flyet, var den enorme varmen. Det var som ein varmeovn sto rett imot oss. Etter masse tull på flyplassen, fekk me endeleg satt oss på bussen som skulle kjøre oss til hotellet!
Hotellet vi budde på var kjempeflott, og eg og ho Therese hadde rom rett ut mot bassenget! Det første vi gjorde var å hoppe uti bassenget for å avkjøle kroppen. Resten av den dagen satt me berre ved bassenget og slappa av! Vi fant ut at det var lurt og slappe av denne dagen, for allerede dagen etter skulle me ut på eventyr!
Dagen etter befant me oss på ein båt som skulle ta oss ti l den vakre øya Phi- Phi! På båtturen ut dit, traff me to andre ungdomar på vår alder, som heitte Thomas og Andreas. Dei skulle ut og snorkele ved eit kjent korallrev ved Phi- Phi, og dei spurde om me ville vera med! Gutane virka greie nok dei, så me sa ja! Me gjekk og kjøpte oss dykkarutstyr og blei med gutane. Etter at me hadde lært oss teknikken og fått vite korleis me skulle gjera om me fekk trøbbel uder vatnet, blei vi ganske gode etter kvart. Thomas og Andreas var ganske erfarne, og dykka ganske langt nedover, mens eg og Therese heldt oss på overflata og så på dei vakre og fargerike småfiskane. Etter ein vellykka dag med masse moro, bestemte me oss for å treffe gutane dagen etter også. Og slik fortsatte det, me var saman dag etter dag, og fant på mykje spennande og koseleg saman. Den eine dagen kunne vi dra på slangeshow, mens den neste kunne me berre liggje på stranda og slappe av og bade.