Frode som skulle ha seg ei kjærast

Nynorsk eventyr om Frode som skal ha seg kjæreste.
Sjanger
Eventyr
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2006.10.30

Det var ein gong ein kar som het Frode. Namnet hadde han fått av mor si og han tykte godt om det. Frode var ein oppegåande mann i sine beste år med både hjernen og helsa i behald. Han hadde ei flott stilling på advokatkontoret ”Jensen, Hansen & sønene deira”, der han var den mest ettertrakta advokaten og tente både skog og grøne dalar. Likevel var ikkje Frode lykkeleg. Han mangla nemleg ei som han kunne dele alle disse pengane med, ei kjærast. Men det var ikkje lett for Frode å få seg ei kjærast. For sjølv om han vanka på dei mest populære utestedane i byen og sjølv om han spanderte rikeleg med drinkar, fant han aldri nokon som ville ha eit forhold med han. Han var rett og slett einsam.

 

Så ein dag etter langt om lenge kom advokat venen til Frode inn på kontoret hans. Han hadde sett kor einsam Frode var og ville kome med litt hjelp i denne triste stund.

”God dag, god dag”, sa venen, ”er det her du sit og sturar?”

”Jau”, svara Frode, ”eg er så frykteleg einsam. Ingen vil ha meg.”

”Å, ta no ikkje slik på veg, eg kjem med gode nyheiter att deg.”

Frode kikka opp på venen sin og venta spent på kva han ville seie.

”Jau, for det er slik”, heldt han fram, ”at eg veit om ei dame som du kan leve livet ditt saman med. Ho heiter for Reidun og er ei lekkerbisk. Også er ho smart i tillegg, ho er forskar på Blindern. Vil du ha hennar?”

 

Å jau, det ville Frode, og slik gjekk det til at Frode skulle på date med Reidun.

Da han fyrst så ho vart han heit i ansiktet for ho var så vakker, men det varte berre til dei prata med kvarandre. For det hadde seg slik at enn kva han sa, så var ho så smart at ho tok seg til å rette på det. Og som mannfolk flest, kunne ikkje Frode leve saman med ei dame som er smartare enn han sjølv. Så sjølv om ho var både vakker og ven, takka han høfleg for daten og reiste heim att.

Neste dag var Frode like ulykkeleg når han kom på jobben. Venen til Frode såg dette og ville igjen hjelpe til.

”God dag, god dag”, sa venen, ”sit du her og sturar no igjen?”

”Jau”, sukka Frode, ”Reidun var mykje smartare enn meg, og det kan eg ikkje leve med”.

”Det forstår eg. Men no kjem eg med gode nyheiter att deg. Eg kjenner enda ei dame som du kan leve med. Ho er ei snerten dame og heiter for Hege. Ho jobbar som telefonseljar og er både pratsam og sosial, så eg trur du vil like hennar. Kva seier du?”

 

Jau, Frode takka ja, han, og la i veg for å møte Hege på date. Han ble varm om bringa når han så kor nydeleg ho var, men heller ikkje denne gongen varte varmen. Når ho fyrst hadde begynt å prate, fikk ikkje Frode sagt eit ord. Han gjekk med på å kjøpe både skrapelodd og trådlaus internett av hennar for å stilne ho, men ho berre held fram i sju lange og sju brede. Ho var så pratsam og masete at Frode, som alle andre mannfolk, ikkje kunne tenkje seg å vere i hus med hennar lenger enn 5 minuttar. Dermed takka han for daten og reiste heim sjølv om ho hadde ei vakker utsjånad.

 

Neste morgon var Frode enda meir nedfor enn han nokosinne hadde vore. Igjen så advokat venen hans dette og ville kome med hjelp.

”God dag, god dag”, sa venen, ”det var fælt som du skulle sture da”.

”Jau, men det er med god vett. Hege var så pratsam at ho vart masete. Eg fikk ikkje mælt eit ord, og eg kan ikkje leve med slik ei gnåling.”

”Jau, der gjorde du rett”, sa venen nikkande, ”da har eg inga andre damer du kan leve saman med, bortsett frå ho Gunn. Men ho er berre ei sekretær og ikkje så ven som ein skulle ønskje. Vil du ha ho likevel?”

 

Etter mykje om og men gjekk Frode med på å date Gunn. Han hadde jo ikkje andre alternativ, så kvifor ikkje?

Da han så ho vart han verken heit i ansiktet eller varm om bringa, men han let tale med ho likevel. Og det var det enda godt han gjorde. Det hadde seg nemleg slik at når Frode kom i prat med ho Gunn, så vart han både heit og varm på heile kroppen. Så vakker og ven var ho på innsida at han vart forelska med ein gong. Og dessutan var ho ei sekretær som veit korleis ein skal varte opp sjefen sin, eller i dette tilfellet, mannen sin. Noko som er særdeles viktig for Frode, og alle andre mannfolk. Attpåtil hadde Frode slik ein flaks at ho Gunn vart forelska i han og.

”No er du min, og eg er din”, sa Frode, også fikk han henne og som seg hør og bør levde dei lykkeleg alle sine dagar.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst