Over verdas gløymde del svevar ei vakker svale
kikkar ned på elende
der alle har det gale
er det ingen andre som ser?
Leitar etter smular balnt søppel med rumlande magar
svolten dag og natt
i stor kontrast frå dei rikes hagar
er det ingen andre som vil sjå?
tusenvis som er sjuke og lider utan medisin
ingen lyspunkt alt er svart
ei mor gret over tapet av sonen sin
er det ingen andre som kan sjå?
seglar gjennom lufta, ser born som tiggar
sniffar lim for å gløyme
med framtid kun som uteliggar
er det ingen andre som tør sjå?
gjennom tjukt og tynt kjempar dei svake i lag
mistar aldri håpet
drøymer om ein betre dag
kan du høyra ropet?