Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Soga om Gunnlaug Ormstunge - referat

Soga om Gunnlaug Ormstunge - referat

Referat av Soga om Gunnlaug Ormstunge

Sjanger
Anmeldelse (bok, film...)
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
07.07.2000

Først i soga møter vi Torstein, sonen til Egil Skallagrimson og kona hans Jofrid. Dei bur på Borg i Borgarfjorden, og der har dei det godt. Tidleg i soga har Torstein ein draum der han ser ei svane som sot på husmønet. Da kjem to store ørnar frå kvar sin kant, og dei byrjar å slåss om svana til dei begge døyr. Da kjem det ein falk og set seg ned ved sida av svana, og sidan flyg dei saman bort.

 

Ein mann tyder draumen til Torstein slik at Torstein skal få ei fager dotter, å to menn vil slost om henne med døden som følgje for begge. Så vil ein tredje mann kome og be om ho, og han vil ho bli gift med.

 

Snart får Torstein ei dotter, men han bestemmer at ho skal bli sette bort. Men Jofrid vil det annleis og får sette dottera bort til Torgjerd som er systera til Torstein. Torstein ser dottera si at etter nokon år, og no synast han at ho er så vakker, at han vil ha ho tilbake. Ho heiter Helga, og Torstein kallar ho Helga den Fagre.

 

På Gilsbakke bur Illuge Svarte og kona Ingebjørg. Dei har ein son som heiter Gunnlaug Ormstunge. Tidlig i livet vil Gunnlaug reise ut i verda, men Illuge liker dette dårleg. Gunnlaug har også eit godt auge til Helga, og han blir lovt av Torstein å få ho, men han må love å skikke seg godt på reisa si. Han må også love å kome tilbake om tre år, elles blir Helga gifta bort til ein annan.

 

Gunnlaug dreg no til Lade og besøker jarlen og kongen. Saman med ein mann som heiter Torkjell dreg han derifrå til England, der Gunnlaug legg fram eit kvad for kongen, og han liker det han får høyre. Som gåve får Gunnlaug ei flott kappe av kongen. I England møter også Gunnlaug, Tororm og hans menn. Tororm er ein stor ransmann og viking, og Gunnlaug låner bort pengar til Tororm som han ikkje får igjen. Det går til holmgang mellom Tororm og Gunnlaug, og Tororm døyr. Da blir kongen fornøgd med Gunnlaug og gir han ein gullring. Gunnlaug dreg no til Dublin, og kved for kongen der, og vidare til Orknøyene. Der frå dreg Gunnlaug no til Sverige, og der møter han ein mann som heiter Ravn hos svenskekongen, Olav.

 

Ravn og Gunnlaug blir uvenner om kven av dei som kved best for kongen. Ravn dreg da til Island for å finne det punktet der Gunnlaug er svak, nemleg Helga. Han meiner at fristen til Gunnlaug har gått ut, og han vil gifte seg med Helga. Gunnlaug blir forseinka og klarer ikkje å kome heim til avtala tid. Han blir sint da han får høyre at Ravn vil gifte seg med Helga. Helga er også dårleg fornøgd med at ho må gifte seg med Ravn, særleg no etter at Gunnlaug kjem heim og snakkar med ho.

 

Gunnlaug vil ha Helga, og han byr nå Ravn på holmgang på Island, noko som endar uavgjort. Det blir da forbod mot all holmgang på Island, men Gunnlaug og Ravn vil avgjere dette, og det blir en ny holmgang, denne gong i Noreg. Denne kampen i Noreg endar med at både Ravn og Gunnlaug døyr. Folk synest dette var trist, og særleg var Helga lei seg, for no hadde ho mista han ho var mest glad i, nemleg Gunnlaug Ormstunge. Torstein gifta no Helga bort til ein annan kar som heiter Torkjell Hallkjellson. Sjølv om Helga saknar Gunnlaug, lever dei eit godt liv saman, og Torkjell skjøner at ho saknar Gunnlaug. Alt hadde da gått som i draumen til Torstein. Soga endar med at Helga blir sjuk og døyr, og det blir eit stor sakn etter ho.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil