Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Møte med ein engel

Møte med ein engel

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
18.09.2006
Tema
Sjekking


I dag skulle endeleg Jan kome heim igjen. Mari hadde lengta etter han i tri lange veker no, og no skulle ho få sjå han igjen. Ho sat i bilen på veg til flyplassen. Det var ein solskinsdag, og nesten ingen skyer på himmelen. Berre ein mild sommarbris bles gjennom lufta, og danna i Mari sine auge ei perfekt ramme for denne dagen. Ingenting kunne øydeleggje humøret hennar no!

 

Jan arbeidde på ein oljeplattform i Nordsjøen, og arbeidde oftast i tri veker i strekk, deretter hadde han tri veker fritt. Mari gledde seg like mykje til var gong han skulle kome heim. Ho kjende seg nett som ein tenåring som har oppdaga kjærleiken for fyrste gong. Ho og Jan hadde vore eit par i over to år no, men likevel var ho like forelska som før. Jan var perfekt for henne. Han var så snill, så morosam, så omtenksam, så kjekk… Ho kunne haldt fram med dei positive orda i eit døgn. Og det beste var at han kjende det like eins.

 

Mari kikka ut vindauget. Der raste åkrar, enger og dyr forbi. Dette var ein stad ho kunne budd. Dei hadde snakka om det, ho og Jan. Om å flytte til landet og kanskje drive eit lite småbruk, med nokre få sauer, høns og kanskje ein hest. Ut på landet, men likevel ikkje for øyde. Det hadde vore så romantisk! Men det måtte vente til etter bryllaupet, uansett. Tenk, ho skulle gifte seg! Mari, vesle Mari som alltid hadde vore ei sky, lita mus som ingen la merke til. Men no hadde det altså endra seg. Ho var så lukkeleg. Dei hadde planlagt bryllaupet saman, det var ikkje mykje igjen no. Berre ein månad til! Mari var nærast i ein lykkerus.


 

Men det var eit lite skår i gleda. Mari og Jan hadde hatt ein liten krangel rett før Jan reiste. Det var berre ein liten bagatell, eigentleg, ein sånn liten diskusjon som alle par hadde. Ho hadde prøvd å slå det ifrå seg, det gjorde jo ikkje noko. Men var det verkeleg utan betydning? Mari kjende seg ikkje heilt overbevist. Ho hadde vel overreagert som vanleg, men likevel… Det var noko der som ikkje heilt stemde. Jan hadde vore på kino ein kveld saman med ein venn, sa han, men Mari hadde sett vennen på byen same kvelden. Ho syntest det var rart, men Jan forklarde det heile med at filmen var ferdig, og han var på veg heim. Men kvar var Jan då? Ho burde ikkje vere så mistenksam, ho visste det, og skauv alle desse ubehagelige tankane frå seg. Ho skulle seie unnskyld når han kom.

 

Jan sat og tenkte på denne andre kvinna. Han angra intenst på det han hadde gjort. Han elska jo Mari! Det hadde vore så spanande, men etter kvart hadde han innsett at det var heilt feil, og skamma seg for at han kunne oppføre seg slik. Mari hadde reagert på den gongen han var på kino, men han hadde loge for henne. Ho trudde han ikkje, han såg det. Men ho gav seg, og han reiste. Dette hadde plaga han sidan då. Jan hadde bestemt seg for å forklare alt når han kom heim. Han skulle seie unnskyld når han kom. Kanskje ville ho tilgi han, kanskje ikkje. Jan grudde seg. Ein time igjen. Han var nervøs.

 

Kvar var han? Mari greidde ikkje sitje roleg. Ho var så glad og oppglødd, men no steig irritasjonen fram. Kvifor måtte det alltid vere på sånn? At dei aldri kunne kome på tida! Ein kvinnestemme snakka i høgtalaren. Mari fekk med seg deler av det ho sa, men det var nok. Mari vart sitjande heilt roleg for seg sjølv, med gråtande menneske rundt seg. Ho kikka ut vindauget. Det regna.

 

Mari vakna av eit sterkt lys. Heile romet var bada i eit kvitt lys. Ho snudde seg rundt. Der sto Jan, gjennomskinleg og lysande. Mari myste mot han. Leppene forma eit ord som ho så vidt klarte tyde. ”Unnskyld.” Ho reiste seg opp og strakte handa mot han. ”Det er ikkje din feil”, sa ho. ”Det var feil i det elektriske anlegget, det var ikkje…” Stemmen hennar forsvann. Skikkelsen framfor henne rørte seg. Han rista på hovudet. Mari skjønte ingenting. ”Nei, unnskyld”, kviskra han, med trykk på unnskyld. ”Eg elskar deg.” Like etter forsvann han, og lét etter seg eit mjukt, skimrande lys som låg som eit teppe over romet. Mari kjende ei tåre trille nedover kinnet. Ho la seg ned på puta, og kviskra nyttelaust ut i mørkret: ”Eg elska deg òg.” Som om det hjelpte.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil