1) Denne teikninga viser korleis Jorda er bygd opp.
2) Når to havbotnplater glir frå kvarandre, vert det ei sprekk mellom desse platene. Sprekka vert fylt med lava som dannar ei havbotnplate og lagar ei undersjøisk fjellrekkje som me kallar midthavsrygg.
Når to kontinentplater kolliderer, vil kantane deira verta fjellfaldingar. I tillegg til faldingane vil dei to delane av jordskorpa verta skuva over kvarandre. Sand, grus og leire som elvar har ført ned i havet er også med i faldingane og overskuvingane.
3)
4) Ei kjelde som sprutar varmt vatn vert kalla ein geysir, oppkalla etter ei stor kjelde på Island som heiter Geysir. Ein går ut frå at Geysir oppstod under eit jordskjelv på 1400-talet.
5) Året 1816 vert kalla ”året utan sommar”, fordi det kom frost og snø om sommaren og øydela avlingane i delar av Europa og Skandinavia. Dette førte til at folk svalt, og kornprisane i England og Tyskland steig enormt.
Forskarar trur at grunnen til at det var så kaldt dette året, var at vulkanen Tambora hadde eit kraftig utbrot 10. april 1815. Svovel, oske og støv som kom ut av vulkanen under utbrotet, vart ført rundt Jorda av luftstraumane. No vart Sola hindra i å varma opp Jorda like mykje som vanleg.
6) Vesuv er ein vulkan sør for Napoli. Norddelen er ein halvsirkelforma rest av eit forhistorisk krater, Monte Somma som ligg 1132 moh. Den sørlige delen er ei yngre vulkankjegle som stadig har endra seg. Vesuv hadde sitt fyrste, kjente utbrot i 79 e.Kr., då byane Pompeii, Herculaneum og Stabiae vart øydelagde. Seinare store utbrot har vore i 1631, 1730, 1794, 1850, 1858, 1868, 1872 (etter dette utbrotet var toppen av kjegla 1301 moh.), 1906, 1929, 1944 (1186 m).
7) Dette er eit kart som viser korleis jordplatene er forma og korleis dei rører seg.
8) Dette kartet viser stader på Jorda med vulkansk aktivitet.
9) Dette kartet viser jordskjelv-område på Jorda.
Eg har funne ut at jordskjelva og vulkanane for det meste ligg ved eller på grensene mellom jordplatene.
Rennande vatn
1) Ein v-dal er ein dal som er forma av rennande vatn. V-dalen har form som ein V.
Ein u-dal er eigentleg ein v-dal som har vorte slipt ned av isen. Somme stader u-dalane forma som ein v-dal, og det er fordi fjellet er veldig hardt, og isen har ikkje greidd å slipa det ned.
2) Ein foss er ein del av ei elv der vatnet dett meir eller mindre fritt frå eit høgare til eit lågare plan. Viss elva går i stryk, vert fallhøgda fordelt over ein lenger strekning. Ved foten av fossen vert terrenget ofte uthult til ein stor kulp.