Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > På julehandel i byen.

På julehandel i byen.

Sjanger
Fortelling
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
17.06.2000
Tema
Jul

Bestemora mi er ei rar dame, kanskje sprø vil nokon seie. Mor er redd for kva som kjem til å skje bestemor: ”Den dama er nesten farleg” plar ho å seie. Eg vil heller seie at bestemor er ei kul dame, som kjører Harley Davidson motorsykkel og er på fest kvar helg.

 

Bestemor og eg er ganske gode veninner, så dette året vart eg invitert med ho og den nye typen hennar, Bernt, på julehandel I byen. At Bernt er 20 år yngre enn bestemor, spelar visst ingen rolle for bestemor, ”Vi er lykklege saman, kva meir kan vi ønske oss?” plar bestemor å seie når folk sender snåle blikk etter dei. Eg for min del syns det er greit. Bernt var eigentleg typen til Tante Reidun, men då han såg bestemor, var det bare kjærleik med første blikk sa han. Tante reidun snakkar ikkje lenger med bestemor, for dette er andre gongen bestemor stjel typen hennar. Den forrige gongen var det Olav, han som no er typen min, vi har vert saman i snart eit år no, eg bryr meg ikkje om at han er 14 år eldre enn meg. Tante Reidun er heldigvis ikkje sur på meg for ho er kome over Olav seiar ho.

 

Bestemor kom å henta meg på ein tysdag etter skuletid på Harleyen sin. Så kjørte vi til byen. Bernt og eg sat i sidevogna, det var litt trangt, men det var heldigvis ikkje så langt til byen.

 

Då vi kom til byen var det tid for julehandel. Bernt og eg gjekk rundt og kikka på kva vi skulle gi til bestemor, men vi fann ingenting som passa. Overalt kor vi spurte viste dei oss bare ”vanlege” bestemor-ting som bøker og ting til kjøkkenet, noko som absolutt ikkje passa til mi bestemor, for ho sit aldri stille, og ikkje lagar ho mat heller. Det er det Bernt som gjer. Til slutt blei vi enige om at han kunne gi ho ein ny MC hjel, ”Ein knallgul, slik at eg lyser opp” som bestemor plar seie.

 

Kva eg skulle kjøpe til bestemor var ikkje vanskleg å finna ut. No var eg lei av at bestemor alltid lånte mine rollerblades, så no tenkte eg at eg kunne kjøpe eit par rollerblades til ho, helst eit som er gode å trikse med.

 

Kva bestemor kjøpte til meg luarar eg veldig på. I fjor fwekk eg ei eksospotte, året før det fekk eg ein hjelm, så eg luarar veldig på kva det blir I år……

 

Etter alle innkjøpa var gjort gjek me på Mc Donalds. Me kjøpte Happymeal, for bestemor er alltid så spent på kva som er overaskinga oppi eska. Denne gangen var det eit Batmann-hovud som kunne trillast på små hjul.

 

Vegen heim tok bare 30 min, til vanleg tar det 45 min, men bestemor fann ut at ho ville kapp-kjøre med ei av venninene hennar i MC klubben. Selvfølgeleg vann bestemor…..

 

Slik er det altså å vere med bestemor til byen, lurar på kva vi skal finne på neste gon vi er saman, bestemor, Bernt og eg…

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil