Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Gutane som skulle ut for å fri

Gutane som skulle ut for å fri

Eventyr.

Sjanger
Eventyr
Språkform
Bokmål
Lastet opp
17.06.2000
Tema
Sjekking

Det var ein gong for lenge sidan ei fattig enke som budde ute I skogen, ein stad vestanfor sol og austanfor måne. Ho hadde tre søner som ho sytte for. Då sønene var store nok, sendte enka dei ut til byen for å finne seg koner.

 

Først var det den eldste sonen, Per, som skulle prøve lykka. Han pakka nista og gjekk mot byen. Då møtte han plutseleg ein liten nisse, nissen såg både utslitt og svolten ut og spurde Per: ”Vil du dele ein matbit med ein svolten stakkar?” Per rista på hovudet sitt, ”Nei, det har eg ikkje tid til for no skal eg ut og fri.” Så lo han og gjekk vidare.

 

Litt seinare møtte han ein gris som hadde brukke eit bein. Grisen grynta til han ”Kan du hjelpe meg å spjelke beinet mitt?” Per byrja å le: ”Nei, no skal eg ut og fri så eg har ikkje tid”

 

Då han kom til byen, møtte han ei jente som var like vakker som den vakkraste blomen. Rundt henne stod det fleire gutar som ville fri. Også Per prøvde seg, men fekk det same svaret som dei andre. Ho ville ikkje gifta seg med nokon av dei. Så Per måtte gå heim igjen utan noko kone.

 

Den neste som ville prøva seg var Pål, men med han skjedde det like eins så med Per. Han møtte nissen, men ville ikkje dele nista med han. Og han møtte grisen, men ville ikkje spjelke beinet hans. Og jenta ville ikkje ha Pål heller.

 

Den siste som ville prøva seg var Oskeladden, då byrja dei andre og le, men Oskeladden brydde seg ikkje. Han pakka nista og for avgårde.

 

Då han kom til nissen, spurde nissen som før: ”Vil du dele matbit med ein stakkar?” Oskeladden syntest synd på grisen og gav han heile nista si. Som takk gav nissen han ein stein, ”viss du gir denne til nokon og spør om noko etterpå vil den du spør alltid svare ja” forklarte nissen. Oskeladden takka og gjekk vidare.

 

Etter ei stund kom han til grisen, grisen såg opp på Oskeladden og spurde: ”Kan du hjelpe meg å spjelke beinet mitt?” Oskeladden syntest synd på grisen og hjalp han å spjelke beinet. Som takk for hjelpa gav grisen han ein mosedott. ”Vask deg med denne, og andletet ditt vil skinne som gull, slik at jenta du likar ikkje klarer å motstå deg.” Oskeladden gjorde som grisen sa og vaska andletet sitt med mosedotten. Og straks etter han hadde vaska seg begynte andletet han å skinne som gull og han blei strålande vakker.

 

Då han kom til byen, fekk han brått auge på den vakraste jenta han nokon gong hadde sett. Ho hadde ei hæraske med friarar rundt seg. Oskeladden gjekk straks bort, gav ho stein og spurte om hu ville gifta seg med han. Jenta såg på guten med det strålande ansiktet og svarte høgt og tydeleg JA.

 

Og så blei det arrangert bryllaup, og dersom dei ikkje er døde så lever dei nok lykkeleg den dag I dag.

 

Snipp, snapp, snute så var eventyret ute.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil