Spynorsk...?

Ein artikkel som drøfter om vi bør ha nynorsk i skulen.
Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2006.06.05

Nynorsk, det andre skriftspråket i Noreg, vart innførd i 1907. Debattane, sidemålsmotstand og nynorskmotstand var den gong sterk, med sjølveste Bjørnstjerne Bjørnson og riksmålsforbundet i spissen. Hundre år seinare hatar framleis ein stor del av elevane nynorsk og vil ha det fjerna. I valkampen brente Unge Høgre-ledarar nynorsk ordlister og kalla dei ”Spynorsk mordliste”. Kvifor er det så stor motstand mot nynorsk? Bør vi ha ei valfri sidemålsordning der elevane sjølv får velja om dei vil ha sidemål eller ikkje? Kva er årsaka til at mange elevar tykkjer at sidemål er eit keisamt fag?

 

Nynorsk er ein samnemnar for alle dei norske dialektane over heile Noreg, mens bokmål har sitt opphav i dansk. Difor kan vi seie at nynorsk har tatt utgangspunkt i dei måtane vi snakkar på og korleis vi skriv. Likevel er bokmål det målet som blir mest brukt i dag – både i media og skule. Nynorsk er lite brukt i riksmedia, og det er ikkje fordi det skortar på toppkvalifiserte, gode journalistar som kan skrive det. Det er fordi mange av dei er tvinga til å skrive bokmål!

 

Nynorsk blir ofte sett på som eit vestlandsspråk og elevane seier at dei aldri vil får bruk for nynorsk. Sjølv om det er over ein halv million menneske som nyttar nynorsk og like mange arbeidsplassar som krev at du kan og forstår nynorsk. Kven kan eigentlig føresjå kor du kjem til å bu og arbeide seinare i livet?

 

Unge Høgre meiner at det bør være valfritt sidemål i skulen. ”Det er betre å lære eitt mål godt enn to dårleg,” seier dei. Med det meiner dei at sidemålsundervisninga gjer at elevane blir dårlegare i hovudmålet sitt. Forskinga tyder derimot på at ein blir betre i språk av å læra fleire språk.

 

Kva er årsaka til all motstanden mot nynorsk? Kvifor har vi nynorskundervisning i skulen? Skal vi ha sidemål, eller bør det være valfritt? Kva kan gjerast for at språket blir meir akseptert i Noreg?

 

Ivar Aasen: ”Skriftformen skal kun være en”

 

Ivar Aasen (1813-1896) var den som gjorde det språkvitskaplege arbeidet som skulle til for å etablere eit norsk skriftspråk med norske dialektar som normgrunnlag. På 1800-talet tala den norske overklassen dansk. Vi kunne difor ikkje byggje det norske skriftmålet på det mest prestisjefylte talemålet i landet: Det var ikkje norsk! Aasen gjekk difor inn for å laga eit norsk skriftmål som var tufta på alle målføra. Eit viktig prinsipp for Aasen var at ”skriftformen skal kun være een,” som han sjølv skreiv. Han la ut på innsamlingsferder over heile Noreg. Dei stadene han ikkje var innom hadde han gode kunnskapar om målføra. Nynorsken er med andre ord tufta på målføre frå heile Noreg, og er difor ein samnemnar for alle dei norske dialektane. Det er viktig å merke seg at de norske dialektane har utvikla seg frå gamalnorsk, og difor syner nynorsk samanheng mellom eldre norsk språk og slik vi talar i dag.

 

<bilde>

Kart over innsamlingsferdene til Ivar Aasen

 

I dag er nynorsk er ein viktig del av norsk språk og kultur. Når ein lærar nynorsk får man ikkje bare grunnleggjande lese- og skrivekunnskapar: ein lærar også om dialektane og dei to skriftspråka våre. Samtidig får ein kunnskap om språk og litteraturhistorie. Vi får med andre ord felleskunnskap om norsk kultur ved å kunne begge sidemåla. Dette er naudsynt kunnskap for å skjøna og deltaka fullt ut i det norske samfunnet. Nynorskopplæring tuftar på dialektar og gamalnorsk, og er difor heilt avgjerande for å kalle norskfaget for norsk!

 

Då Noreg fekk to offisielle skriftspråk oppstod det motstand mot nynorsken. I dag har vi framleis ein slik motstand og ein stillingskrig mellom ”nynorskfolk” og ”anti-nynorskfolk”.

 

Vestlandspråk?

Mange sidemålsmotstandarar spør kvifor vi lærar nynorsk. Dei seier at dei skjønner nynorsk og kan om historia, men kvifor må de læra å skriva det? Kulturen (sjå førre avsnitt) er ein viktig årsak. Mange vil seie at språket er den viktigaste berebjelken i kulturen vår. Språket vårt er ein del av oss, ein del av identiteten vår som norske. Difor må vi kunne båe dei norske språka for å kjenne heile kulturen og landet vårt!

 

Over ein halv million menneske nyttar nynorsk. Språket for større og større innpass i byane: no finst det skuleklassar med nynorsk hovudmål både i Oslo, Berge, Trondheim og Tromsø. Ein nynorskbrukar har krav på å verta forstått og ikkje verta nedvurdert på grunn av språket sitt. Nynorskbrukarar har same rett som bokmålsbrukarar til å få brev og liknande frå det offentlege og lærebøker på språket sitt. For å sikre jamstellinga mellom nynorsk og bokmål, må nynorsk vera ålmennkunnskap. Vi trenger med andre ord nynorsk i skulen for at nynorskbrukarar skal få halde på sine rettighetar. Det vil vere diskriminering å stille ut nokon frå samfunnet på grunn av språket deira. Sidemålsopplæringa tryggjer rettane til nynorskbrukarane!

 

Nokon vil også påstå at nynorsk er eit vestlandspråk, av di det blir mest brukt på vestlandet. Men jamvel om bokmål er mest brukt i Trøndelag og Nord-Noreg, betyr ikkje det at bokmål er eit trønderspråk. Det same gjelder for Vestlandet. For 50 år sidan skreiv bare 30% av rogalendingane nynorsk, var bokmål då eit vestlandsspråk? Altså - Korleis skriftmål eit folk skriv har ingenting med talemålet å gjera. Nynorskbrukarar finst i alle fylke i landet og er sams for alle dialektane i Noreg. Det er eit språk for heile landet!

 

Ein annen viktig årsak til at vi har sidemål, er at det gjev oss fridom til å velja. Skulen skal gje oss kunnskap til å handla i samfunnet og til å ta sjølvstendig val. Eit slikt viktig val, er kva språk ein vil nytta resten av livet. Når du har lært både bokmål og nynorsk, har du fridom til å velja sjølv kva språk du vil nytta. Når ein kan begge språka, har ein eit godt grunnlag til å ta det valet som er riktig for seg sjølv.

 

Det er betre å læra eitt mål godt enn to dårleg

Unge Høgre meiner at vi bør ha valfritt sidemål. Dei vil altså at kvar enkelt elev sjølv skal få velja om ein vil ha sidemål eller ikkje. Ein elev som da meine at ein ikkje vil ha bruk for sidemålet sitt seinare i livet, eller som slit med hovudmålet sitt, skal da få velja bort sidemålet. Dei meiner med andre ord at sidemålsundervisninga gjer elevane dårlegare i hovudmålet sitt. ”Det er betre å lære eitt mål godt, enn to dårleg,” seier dei.

 

Det er ingenting som tyder på at ein blir betre i hovudmål av å ikkje ha nynorsk. Forskinga tyder derimot på at ein blir betre i språk av å læra fleire språk. Dessutan blir ein ikkje flinkare av å fjerne det som er vanskeleg. Skal vi fjerne matte og tysk frå skulen også nu, fordi det er vanskeleg?

 

Dei som argumenterer for valfritt sidemål, seier også at det er mange elevar som slit med hovudmålet. Difor bør man kutta ut sidemålet, slik at dei får konsentrere seg om eit mål. Etterrøkingar viser derimot at vidaregåandeelevar i Noreg er ikkje dårlegare enn jamaldringane i Europa til å skrive å lese. Kvifor skal vi då gjere unntak for dei? Dessutan skal man lære seg å skrive i hovudmålet på barnetrinnet. Når ein byrjar på ålmennfag skal ein kunne å skrive på hovudmålet sitt.

 

Eit anna argument for å ha valfritt sidemål, er at det er det blir særs vanskelig for dei med lese- og skrivevanskar. Dette er feil! Dei som har lese- og skrivevanskar får fritak frå sidemålsundervisninga. Det får også dei som har norsk som andrespråk.

 

Fritak frå sidemålet vil også gi konsekvensar. Det vil bli uråd å oppretthalde nynorsken si stilling som offisielt språk i heile landet. Utan sidemålsopplæring vil ikkje mållova kunna praktiserast lenger. Elevar med nynorsk som hovudmål vil ikkje få sine rettar innfridd.

 

Sidemålsundervisning i skulen

Mange elevar seier at nynorsk er keisamt. Undersøkingar viser at bare 3,11 % av elevane vil ha obligatorisk sidemål. Dei seier at sidemål er keisamt, vanskeleg, tvang og at dei ikkje lærer noko. Dessutan så skjønner vi jo einannan sjølv om eg har nynorsk og du bokmål. Kvifor skal vi då ha undervisning i begge måla?

 

Det første argumentet kan virke litt merkeleg. Skal elevane sleppe sidemål av di dei meiner det er keisamt. Meiner dei som nyttar dette argumentet at alt som elevane tykkjer er keisamt skal fjernast frå læreplana? Det er mogleg å undervisa godt i sidemål, og det er mogleg å undervisa dårlig i sidemål, nett som i andre fag. Kvifor skal det då være eit argument til å fjerne sidemål?

 

Ein vanleg fordom er at nynorsk er vanskeleg. Undersøkingar syner at elevar er betre i nynorsk enn dei trur sjølve. Dei trur på førehand at nynorsk er vanskeleg og då kjennast det mykje vanskelegare når ein set i gang. Karakterstatistikken viser at karakterane i norsk hovudmål og sidemål er om lag like gode. Tross av dette er tykkjer mange elevar at nynorsk er vanskeleg og at dei ikkje meistrar det. Dette har med fordommar til språket å gjera, og at sidemålsundervisninga ikkje gjer elevane trygge på språket. Ein stil full av raude strekar gjer ikkje akkurat ein elev mykje sjølvtillit!

 

”Elevane liker ikkje sidemål og lærer ingenting likevel,” seier motstandarane til sidemål. Det er ikkje heilt sant at elevane ikkje lærer noko i sidemål, karaktersnittet er som sagt bra. Men undervisninga i sidemål er ikkje upåklageleg! Det har ikkje vorte gjort noko systematiske arbeid for å betra sidemålsundervisninga. Den praktiserast etter puggemetoden med tørr grammatikk, mens framandspråk som engelsk og fransk har gått bort frå denne gamle metoden. Eit anna problem med sidemålsundervisninga kan være at haldninga til både elevane og lærarane er negativ. Dette gjer at motivasjonen blir dårleg og faget keisamt. Skal våre fordommar få øydelegge kva vi lærer på skulen?

 

Lite nynorsk i media

Den lovande nynorskforfattaren Olaug Nilsen fekk tilbod om å vere spaltist i Dagbladet. Men avisa trekte tilbodet då ha sette som vilkår å skrive på nynorsk. Dette er eit vanleg eksempel i media. I dag er mange nynorske journalistar som er tvinga til å skrive bokmål, for å få arbeid i riksavisene og vekeblad.

 

Mange vil seie at dette er undertrykking av dei som skriv nynorsk. Dagbladet og VG er ikkje lokalaviser for Oslo, men landsdekkande aviser som menneske over heile landet les. Ein trekvart million menneske som les desse avisene har nynorsk som hovudmål. Bør ikkje dei få lese noko på sitt hovudmål, på same måte som dei som skriv bokmål får det?

 

Ei meiningsmåling som vart gjort i år viser at 40 prosent av folket vil at VG og Dagbladet brukar meir nynorsk på redaksjonell plass. Så at det ikkje er stor nok etterspørsel etter nynorsk i avisene, er ikkje eit argument. 

 

Nynorsk og sidemål er eit omstridt tema i dagens samfunn. Fordommane til nynorsk er mange; det er keisamt, vanskeleg og eit vestlandsspråk. At vi i dagleglivet sjeldan møtar nynorsk i media og liknande gjer ikkje at vi blir betre kjent med nynorsk og fordommane mindre. Elevane misslikar faget i skulen og ser ikkje noko meining i å læra det.

 

For at vi skal få mindre fordommar og bli meir vant til nynorsk, er kanskje første bod at det må bli meir utbredt i media. Omgås vi med nynorsk kvar dag, blir det kanskje enklare å lære det på skolen. Vi vil også få den oppfatninga av at ein får bruk for nynorsk i kvardagen.

 

Elevane slit altså med motivasjonen for å lære sidemålet sitt, og har dårleg sjølvtillitt i faget. Sidemålsundervisninga heng att i puggeskolen frå femtitalet. Men det er ikkje uråd å laga betre pedagogikk. Vi har forbetra pedagogikken i alt frå fysikk til engelsk – då er det mulig å gjere det i sidemål også! Elevar og lærarar må ha ei positiv haldning til sidemålet – ei haldning som media og samfunn kan påverke. Slagord som ”Spynorsk” og ”la dem raute nynorsk, bare vi slipper” hjelper oss neppe til å få ei betre haldning og innstilling til sidemål.


Kilde:

www.nynorsk.no/nmu/sidemal/

www.bt.no/meninger/debatt/article18465.ece

www.nesteklikk.no/20060202/81804.html

Tema 2 lærebok -. Kapitel om språkhistorie

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst