Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Ungdom og alkohol

Ungdom og alkohol

En artikkel på nynorsk hvor jeg drøfter hva som kan være årsaken til ungdoms økende alkoholforbruk.

Karakter: 5+

Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
23.05.2006
Tema
Alkohol


Ei undersøking gjort av SINTEF Helse på oppdrag frå Sosial- og helsedirektoratet viser at omkring 600 ungdommar i alderen 15-20 år i 2004 ble lagt inn på sjukehus med alkoholforgifting. Dette er ei auking på 25% sida 1999. Størst er aukinga blant 16-åringar fortel avdelingsredaktør Jens Guslund i Sosial- og Helsedirektoratet. Vidare fortel han at jenter i tenåra drikk meir enn fedrane deira gjorde da dei var på same alder. Korleis kan dette ha seg, da vi også veit at

- Det er forbode både å kjøpe og nyte alkohol for dei under 18 år

- Vidare veit vi at alkohol er involvert i over 70% av alle voldstilfeller i Noreg.

- Fyllekjøring er årsak til svært mange dødsulykker i Noreg, det rammar og altfor ofte uskuldige personar.

- Det er og ei kjennsgjerning at i ein stor del av overgrepssaker er ofte både offer og overgripar under påverking av alkohol.

 

Nokon meiner at aldersgrensa på alkohol bør ned, andre meiner at løysinga vil vere å sette grensa enda høgare, og flytte alt sal av rusbrus og øl til Vinmonopolet. Det var Kristeleg Folkeparti som fremma dette forslaget i sin valkamp for nokon år sia. Dei gjorde sitt dårlegaste val nokonsinne. Mange meiner deira fokus på rusbrus og øl gjorde utslaget, noko dei til ein viss grad har innrømma i ettertid. Fleirtalet av det norske folk ønskjar tydelegvis ikkje å bli styrt på denne måten. Spørsmålet er, kva kan vi gjere for å stoppe fyll blant ungdom? Og er dette problemet eigentleg så alvorleg som samfunnet skal ha det til?


 

Ein grunn til aukande alkoholdrikking blant ungdom, kan være rusbrus. Ikkje mange drikkar har opplevd like mykje kritikk som denne, og det er kanskje med god grunn? For 4-5 år sida ble det lansert ein alkoholhaldig drikk som smakar og ser ut som vanleg brus. Og kven er det som drikk mest brus i det norske samfunnet? Jo nettopp, ungdom. Sidan rusbrusen kom på markedet, auka alkoholinntaket blant ungdom med 10%. Denne drikken er tilpassa ungdom både i smak og utsjåande. Altså, ingen smart ting for det norske samfunn, som allereie sleit med faretruande høgt alkoholinntak blant ungdom.

 

Loven her i Noreg seier at personar under 18 år verken kan kjøpe eller innta nokon form for alkohol. Av alle lovar her i Noreg, er dette kanskje den som blir minst teken omsyn til. Ein 16-åring kan utan problem, gå til næraste butikk å kjøpe seg ein sixpack eller to. Det er altfor mange butikktilsette som ikkje sjekkar legitimasjon, og dette er et aukande problem. Med bakgrunn i dette fikk Securitas i oktober i oppgåve av Lier kommune å sjekke kor flinke butikkane faktisk er til å sjekke legitimasjon i deira kommune. Mistanka blei bekrefta. Hele 9 av 14 butikkar sjekka ikkje legitimasjon. Dette er urovekkande, og viser tydeleg kor lett det er å få tak i alkohol for ein mindreårig. Mange har også foreldre som ikkje ser på det som ein kriminell handling å kjøpe alkohol til eigne barn, dei meiner det er betre at dei kjøper det enn at barna skal skaffe seg sterkare saker det på andre måtar. Denne tankegangen meiner mange er farleg, ettersom ein forelder på denne måten godtar fyll blant ungdom. Eller er dette betre, ettersom ungdommen på denne måten ikkje skaffar det på andre og ulovlige måtar?

 

Mange hevdar det er for få fritidstilbod rundt omkring i Noreg. Her i Drammen er det ikkje mange tilbod for ungdom i helgene, og det er som oftast opp til dei sjølve å finne opphaldsstad for kvelden. Vennegjengen hamnar gjerne heime hos ein eller annan som er aleine heime, og dei kan stort sett gjere kva dei vil. Dermed er det fritt fram for å drikke alkohol, i motsetning til kva det ville vare om dei hadde vare på eit felles kulturhus med vaksne som ansvarshavande.

 

Etter eit ”vorspiel” heime hos ein av kameratane hamnar ungdommen gjerne i byen. Den vanlege staden å dra her i Drammen er gjerne Friendly’s, ein stad med 18-årsgrense. Tenåringar både over og under 18 samlast her, og kjem ein ikkje inn, er det vanleg å opphalde seg utanfor. Dette er eit stort problem, og politiet har kvar helg hendene fulle med å kjøre stupfulle ungdommar til sjukehuset, eller heim til godtruande foreldre. Dette kan Aslaug Henneseid, stadfeste. Ho seier dei får inn ungdom med promille helt opp i fire kvar helg. Ho er avdelingsleiar ved akuttmottaket på Buskerud Sjukehus. 

 

Kva er årsaka til denne utviklinga? Eg trur Jeppe junior drikk meir fordi Jeppe og Nille drikk meir. Eg trur ungdom drikk meir fordi tilkomsten er blitt større, og folk har eit meir avslappa forhald til alkohol nå enn tidlegare. Høgare aldersgrenser, strengare sals- og skjenkeavgjerder, og sal fra Vinmonopolet er gode tiltak, og hjelper heilt klart til med å halde alkoholinntaket innanfor ei viss grense. I tillegg til dette driver kommunar, skular, og organisasjonar aktiv og viktig førebygging. Men dette held ikkje, om foreldre ikkje begynner å følgje meir med. Dei aller fleste foreldre bryr seg om ungane sine, og vil dei kun det beste. Dermed må dei begynne å følgje meir med i ungdommene sine liv, og vere kritiske til kva tenåringen deira seier. Alkohol blant ungdom i dag luktar dessverre (ein del) naive foreldre lang veg.   

 

Kanskje er loven for streng? Går ein ut og spør ungdommen i dag om dette, vil dei mest sannsynleg svare ja umiddelbart. Dei meiner dei sjølv klarer å styre alkoholinntaket sitt, og at det kun er uskyldig helgemoro. Men for nokon er ikkje dette tilfellet. For nokon blir alkohol eit varig problem, på enten den eine eller den andre måten. For nokon blir avhengige. Og det er dei den norske loven må verne. Her meiner eg ordtaket ”ung og dum” kan brukast. Ein myndig 18-åring kan ta betre og gjennomtenkte val, enn ein 14-åring.

 

Kva kan vi gjere for å stoppe denne negative utviklinga? Eg meiner personleg det er gått for langt til at min generasjon gir opp drikkinga. Har ein smakt alkohol ein gong og hatt ei bra oppleving, er det 99% sjanse for at ein prøver på nytt. Eg trur heller staten bør fokusere på den kommande ungdomsgenerasjonen. Opprette fleire fritidstilbod og liknande, og opplyse enda meir om alkohol og skadevirkingane ved misbruk. Ei anna løysning kan vere strengare straffer. Møter ein 16-åring ein politimann i berusa tilstand og med ein øl i handa, gjør politimannen mest sannsynleg ikkje meir enn å helle ut ølen og dosere om kor farlig det er å drikke som mindreårig. Du vet etter dette at du kjem til å drikke igjen, bare prøve å skjule det litt betre.

Kort oppsummert, alkohol blant ungdom er eit aukande problem, som er vanskeleg å stoppe. Hadde det vare ei enkel løysing, hadde ho blitt gjennomført for lenge sia. Men det er ikkje det. Det er mange å ta omsyn til, og mange meiningar om kva som er riktig og galt. Som nemnt tidligare, trur eg Noreg bør fokusere meir på den kommande generasjonen og forebygging blant dei. Sånn som situasjonen er nå, trur eg vaksne når meir fram til ungdom ved å ha litt meir aksept og toleranse. Innsjå det! Ungdom drikk. Punktum.

 

Kilder brukt i denne stilen:

- http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=251248

- http://dt.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20051027/NYHET/110270508&SearchID=73228060055244

- http://www.varingen.no/05/50422/art53353.html

- http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=103247


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil