Den må tidleg krøkjast som god krok skal bli, heiter det, og då spør eg meg sjølv om ikkje alle eigentleg er krøkt, eller vert krøkt, på godt og vondt.
Du tenkjer nok at mora di og far din har gjeve deg grunnlaget for kva du er interessert i. kva for val du tek dagleg, og synet på framtida. Dei har kanskje stimulert deg med lagspel, kanskje også med ski eller motoriserte aktivitetar opp gjennom åra.
- Du har muliges og arva noko av deira livsstil!
Ikkje gjennom sjølve arvematerialet, men snarare gjennom livsstilen deira. No tenkjer du kanskje at ein skulle setje pris på det dei gjorde. At dei kjørte deg til trening kvar måndag, og følgde deg til skolebussen kvar morgon. Du er glad dei laga matpakke til deg før du drog på skulen og ordna til og med middag før du kom heim. Kanskje sette du ikkje pris nok på alt dette den gongen, fordi det vart ein vane. Men i dag takkar du vel dine foreldre for din eigen oppvekst og alle dei strenge tiltaka du vert utsett for. Vel, vi ser stadig menneske som lykkast i verda. Vi ser til dømes Ole Gunnar Solskjær på tv eller vi les om han i aviser. Vi dreg på konsertar og ser våre idolar spele.