Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Edvard Grieg (1843-1907)

Edvard Grieg (1843-1907)

Et sammendrag av komponisten Edvard Griegs liv.

Sjanger
Biografi
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
14.05.2006


Edvard Grieg vart fødd den 15. juni 1843 i Bergen. Familien hans var ein handelsfamilie og han hadde fire søsken. Allereie som lite barn var han særs opptatt av musikk og var spesielt betatt av pianoet. Det som Edvard var heldig med, var at i tillegg til å ha eit utruleg talent, hadde han Gesine Hagerup Grieg som mor, Bergens beste klaverlærer. Namnet Grieg hadde familien fått av Edvards oldefar Alexander Greig, som innvandra til Noreg frå Skottland i 1770-åra, han slo seg ned i Bergen som kjøpmann og skifta seinare etternamn frå Greig til Grieg. Broren til Edvard heitte John, han var den eldste i broren i familien og hadde då som annsvar å ta over familiebedrifta etter foreldra var døde. Dette gav Edvard ein mogelegheit til å utvikle evnene sine, for då slapp han opplæring om handel i heimen, og kunne då bli det han ville. Mora lærte han då opp på piano, og Edvard vart meir og meir begava innen musikken. Han likte dårleg å spele songar andre hadde laga, han likte mykje betre å sitte å improvisere på pianoet og finne på eigne melodiar. Han byrja å komponere allereie som niåring.


 

I 1853 når Edvard var ti år gamal, byrja han på Tanks Skule. Han likte seg dårleg der. Han var ein lite disiplinert gut og skulen hadde høge krav. Edvard var ein gut som skulka veldig mykje og ungjekk skulen så mykje han kunne. Han fortsette å komponere og spele så mykje han kunne. Familien til Edvard var veldig godt kjent med fiolinisten Ole Bull. Bulls bror var gift med tanta til Edvard, og var ein veldig kjend mann innen musikkmiljøet i Bergen. Då han kom på besøk til familien Grieg i 1858, fekk alle Grieg ungane spele kvar sitt instrument foran fiolinisten. Etter at Edvard hadde spelt ein av sine sjølvkomponerte songar vart Bull så imponert at han satt å diskuterte med foreldra til Edvard seinare, om å sende til Leipzig for å utvikle evnene sine. Etter ein lang diskusjon med foreldra kom dei fram til at dei skulle sende unge Grieg til Lepzig i Tyskland for å bli ein komponist.

 

Snart slutta Edvard på Tanks skule og skreiv seg inn på Felix Mendelsohns Musikkkonservatorium i Leipzig. Dette musikkkonservatoriumet var på denne tida sett på som europas beste og mest moderne konservatorium. Med det første tok det litt tid før Edvard klarte å vende seg til det uvanlege storbylivet, og hadde ein del språkvansker men det tok ikkje alt for lang tid før han følte seg heime der. Han hadde utruleg flinke lærerar i Leipzig, blant anna:

- Ignaz Moscheles i klaver

- Carl Reinecke i komposisjon

- Moritz Hauptmann

På skulen studerte Grieg for det meste musikken til Beethoven og Mozart men var også opptatt av andre dåtidas moderne komponistar. På fritida prøvde Grieg å innkludere seg sjølv i musikkmiljøet i Leipzig, han var blant anna på alle orkesterprøver i Gwandhaus, Leipzigs mest eksklusive konserthus. Sjølv om krava var høge og skulereglane var veldig strenge likte Grieg seg der utruleg godt.

 

I 1860 fekk unge Grieg ein liten nedtur i livet sitt, han fekk ein type tuberkolose som heitte pleuritt. Denne sjukdommen øydela den venstre lunga hans og fekk seinare til følge med at han blei skeiv i ryggen. I april 1862 var han endeleg ferdig med studiene sine på konservatoriet i Leipzig, og han fekk faktisk utrulegt gode karakterar. No skulle han ut i verda for å prøve seg som komponist. Grieg spelte sin aller første konsert 18. august 1861 i Karlshamn i Sverige. Han spelte ikkje i Bergen før eit år seinare, der framførte han sin eigen strykekvartett i d-moll (denne strykekvartetten er forsvunnen og ingen har funne han igjen).

 

Han flytta til København i Danmark i 1863 for å finne eit miljø som kunne gi mogelegheitar for å utvikle han som komponist. Når han budde i København menga han seg ofte med andre komponistar, han var blant anna ilag med Hornemann og Niels W. Gade. Gade var Edvard Griegs store mentor og idol. Under opphaldet i København skreiv Grieg sin einaste klaversonate og sin første fiolinsonatetok. Etter han skreiv dei, gav han eit eksemplar til Gade, Grieg ville høre hans meining. Gade skal tydelegvis ha blitt veldig imponert. Seinare under opphaldet i Danmark møtte Grieg den norske komponisten Rikard Nordraak, han var ein forfattar som var veldig opptatt av det norske i musikken. Grieg og Nordraak diskuterte ofte og lenge, og det tok ikkje lang tid før Grieg vart like entusiastisk for norsk musikk som Nordraak.

 

Edvard Grieg fann også kjærleik i København, men ikkje med kven som helst. Faktisk med si eiga kusine. Edvard var utruleg forelska i si kusine, Nina Hagerup. Dei hadde kjent kvarandre som barn, men når Nina var 8 år hadde familien hennar flyttta til København, dei mista då mykje kontakt. Nina hadde også talent innen musikken, ho hadde ei fantastisk stemme og var veldig god på piano. Jula 1864 vart dei hemmeleg forlova medan dei spelte Schumanns Vårsymfoni ilag. Når familiane deira fekk vite om dette vart det ikkje mottatt på ein positiv måte. Familiane engsta seg over det, og far til Edvard var redd dei ikkje skulle ha råd til å stifte familie. Som komponist kan løna vere veldig varierande og ikkje er noke godt økonomisk grunnlag for ein nyoppstarta familie. Mor til Nina vart illsint når ho fekk vite om forlovelsen, ho likte ikkje Edvard og hans musikk i det heile tatt. Ho skal ha uttalt seg slik: "Ikke er han noget, ikke kan han noget og han laver en musikk som ingen gidder høre på." Dette stoppa ikkje det nyforelska paret. I 1865 offentleggjorde dei forlovelsen. Under bryllaupet 11. juni 1867 var ingen fra familien Hagerup eller Grieg til stade, berre Edvard og Nina.

 

No som Edvard var blitt opptatt av den norske identiteten i musikken bestemte han og Nina seg for å flytte til Kristiania for å skape eit heilt nytt norsk musikkmiljø. Dette blei ei hard tid for det nygifta paret, det var vanskelegt å etablere eit heilt nytt musikkmiljø og passe på at dei fekk råd til vatn og brød. Edvard tok då fleire jobbar, han hadde fleire dirigentjobbar, der han jobba for blant anna Det Philharmoniske Selskab, han tok også fleire jobbar som klaverlærar. Det nygifta paret hadde ganske dårleg råd på denne tida og Edvard hadde lite tid til komponering av nye songar.

 

10. april 1868 fekk Edvard og Nina dattera Alexandria Grieg, dette var ein stor glede for dei begge og jenta var høgt elska. Ikkje lenge etter fødselen av lille Alexandria skreiv Edvard sin nydelege klaverkonsert i a-moll medan familien var på ein tur til Danmark, det var denne komponien som gav Edvard Grieg det store gjennombruddet sitt i hans karriere som komponist. Denne klaverkonserten vart spelt på konsert for første gong i København 3. april 1869. Framført av

- Edmund Neupert på piano, og

- Holger Simon Pauli som dirigent

Edvard Grieg var faktisk ikkje til stades under den første konserten på grunn av at familien fortsatt hadde dårleg råd, og kunne derfor ikkje ta fri for å reise til Danmark.

 

I mai 1869 for Edvard, Nina og Alexandria til Bergen på besøk til familien. Der skjedde dessverre noko veldig trist for familien Grieg, Alexandria døde 21. mai 1869 av hjernehinnebetendelse. Dette tok Edvard og Nina veldig tungt, men livet måtte gå vidare. Framover reiste Edvard og Nina rundt i Europa som eit kunstnarpar, Edvard fekk til og med eit stipendium som gjorde at det vart billigare for dei å reise rundt i Europa. Grieg ekteparet reiste til Roma for å hente inspirasjon og jobbe. Der møtte dei den geniale komponisten Franz Liszt som var veldig glad i Edvards musikk. Edvard og Franz var ofte på konsertar ilag, og ein gong vart Griegs andre fiolinsonate i G-dur spelt på ein konsert, etter orkesteret hadde spelt den ferdig, reiste Liszt seg og applauderte ivrig. Ikkje lenge etter skreiv han det fine pianostykket "Folkelivsbilder."

 

I 1874 inngjekk Edvard Grieg og Bjørnstjerne Bjørnson eit stort partnerskap. Grieg fann stor innspirasjon i Bjørnsons dikting. Med inspirasjon av Bjørnsons tekstar skreiv han blant anna desse komponiane:

- Foran Sydens Kloster

- Bergljot

- Musikken til Sigurd Jorsalfar

- Landkjenning

Under partnerskapet til Bjørnson og Grieg vart det desverre nokre bittre konfliktar mellom dei to, Bjørnson og Grieg planla ein stor opera, men på sida byrja Grieg saman med Henrik Ibsen å komponere musikk til Ibsens verdskjente Peer Gynt. Grieg hadde blitt kjent med Ibsen i Roma 1866 og dei begge meinte at dei hadde lik kapasitet som kunstnerar. Bjørnson vart mildt sagt forbanna når han fann ut at arbeidet til opraen ikkje var på langt nært ferdig, og at Grieg hadde brukt så mykje tid saman med Ibsen for å komponere. Bjørnson vart så sur på Grieg at dei faktisk ikkje snakka saman før 16 år etter. Peer Gynt hadde premiere 24. februar 1876 og vart eit kjempe populært stykke, det er fortsatt verdskjent idag. Dette året møtte også Grieg ein mann som heitte Frants Beyer, han var ein jus-student som ville gå på pianotimar med Grieg, han vart seinare ein av Edvard Griegs beste vennar. I 1874 fekk Grieg også statens kunsterlønn, dette gav også ekteparet betre økonomi. Seinare vart dessverre ekteskapet mellom Edvard og Nina meir eller mindre svekka, og i 1875 døde begge foreldra til Grieg, det var berre veker i forskjell mellom dødsfalla til foreldra.

 

Det vart ei svært trist tid for Edvard Grieg, han følte seg ikkje heime nokon stad og no hadde jo han ikkje ein heim i Bergen lengre. Han vart så deprimert at det faktisk gjekk ut over komponeringa hans, han klarte ikkje å komponere skikkeleg. Så i 1883 bestemte han seg for å forlate Nina for å gjere eit oppgjer med seg sjølv. Då det såg ut som at heile ekteskapet til Edvard og Nina kom til å rakne kom Edvards gode venn og elev Frants Beyer, og overtalte Edvard til å reise til Roma saman med Nina for å prøve å redde ekteskapet. Der vart dei gode vennar igjen og fortsette ekteskapet sitt. Her vart også Ninas portrett måla av Franz von Lehnbach. På grunn av Beyer gjorde han faktisk dette. Han klarte også å overbevise Edvard at han trengte ein skikkeleg heim han kunne kome heim til etter han hadde våre på reiser i Europa. Så saman med Beyer fann Edvard og Nina ei tomt litt utafor Bergen, Troldhaugen, dit flytta dei inn april 1885.

 

Seinare i livet jobba Grieg for Peter Verlag i Lepzig, Grieg sente Verlag komposisjonar og Grieg fekk godt betalt for det. Edvard Grieg vart ein veldig kjent mann, spesielt i London og Paris. Hausten 1887 var Edvard og Nina på storturnè for å opptre for store salar. Under denne konsertturnèen komponerte han blant anna Lyriske Stykker V (inneheld blant anna Notturno og Trolltog). Han reiste rundt omkring i verden heile livet sitt, han var ein veldig travel mann. Det var berre på somrane han og Nina kunne ligge i sola heime på Troldhaugen å slappe av. Han vart veldig sliten, og på grunn av den punkterte lunga og den skeive ryggen fekk han store pusteproblemer.

 

11 juni 1892 kunne ekteparet feire sølvbryllaup. Der hadde Edvard og Nina arangert storfest på Troldhaugen. No kunne alle kome å sjå det fine huset dei hadde kjøpt seg. Edvard skreiv til og med ein komposisjon til jubileumet, Bryllaupsdag på Troldhaugen. Grieg ville så gjerne at Bergen skulle arangere ein musikkfestival, sjølv om han fekk mykje motgang på akkurat dette temaet, gjekk faktisk kommuna med på det. 26. juni 1898 starta "Musikkfesten i Bergen" Dette var den første musikkfestivalen som var arangert i Noreg. "Musikkfesten i Bergen" varte i ei veke og fekk gode tilbakemeldingar seinare.

 

15 juni 1903 vart Grieg 60 år gamal og det vart storfeiring i Bergen. Der var blant anna friluftskonsert i Bergen og utflukt til Fløyen. Nathionaltheatrets orkester kom til og med heilt frå Kristiania for å spele for Grieg. Der vart som vanleg storfest på Troldhaugen. Sjølv om Grieg var ein veldig kjent og elska mann no, vart han berre dårlegare og dårlegare helsemessig. Det lange og harde turnelivet til Grieg hadde påvirka helsa han drastisk. Han var til slutt så dårleg at han faktisk ikkje klarte å komponere lenger.

 

September 1907 skulle ekteparet Grieg til Leeds for å få med seg den store musikkfesten som skulle føregå der. Dei for inn til Bergen der dei på eit hotell venta på båten som skulle frakte dei til Oslo og England. Rett før båten hadde komt til hamn vart Grieg alvorleg sjuk og fekk enorme pusteproblemer. Han blei raskt lagt inn på sjukehus. 4. september 1907 var han og kroppen hans så sliten at han døde.

 

I løpet av livet skreiv Edvard Grieg utruleg mange komposisjonar, og han er fortsatt ein av Noregs mest kjente komponistar.

 

Nokre av hovudverka til Edvard Grieg:

 

Vokalmusikk:

- Romanser, Opus 5, skrive 1864 - 1865

- Tolv Vinje-Sange, Opus 33, skrive 1873-1880

- Norge (J. Paulsen), Opus 58, skrive 1893-1894

- Digte (V. Krag), Opus 60, 1893-1894

 

Scenemusikk:

- Scenemusikk til Peer Gynt (Ibsen); "I Dovregubbens Hall" mest kjente, Opus 23, skrive 1874-1875

- Scenemusikk til Sigurd Jorsalfar (Bjørnson), Opus 22, skrive 1872

 

Korverk:

- Foran Sydens Kloster (Bjørnson), Opus 20, skrive 1871

- Landkjenning (Bjørnson), Opus 31, skrive 1872

- Fire Salmer for Kor, Opus 74, skrive 1906

 

Kammermusikk:

- Strykekvartett i g-moll, Opus 27, skrive 1877-1878

- Fiolinsonate i F-dur, Opus 8, skrive 1865

- Cellosonate i a-moll, Opus 36, skrive 1883

 

Klavermusikk:

- Humoresker, Opus 6, skrive 1865

- 25 norske Folkeviser og Dandse, Opus 17, skrive 1869

- Folkelivsbilder, Opus 19, skrive 1869-1871

- Ballade, Opus 24, skrive 1875-1876

- Gammelnorsk Romanse med Variasjoner, Opus 51, 1890

- Symfoniske Danse, Opus 64, skrive 1896-1898

 

http://www.christopher.no/grieg/

http://www.troldhaugen.com/default.asp?kat=19&sp=1


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil