I dei riktig gamle dagar, var søndagsturen ein fast tradisjon. Etter gudstenesta møttest alle på kyrkjebakken for å ta ein prat. Fine klær skulle brukast slik at ingen skulle sjå om du kanskje ikkje hadde til salt i maten. I dei dagane blei ikkje søndagsturen bruka som rekreasjon i den grad som i dag. Folk flest jobba og sleit nok elles i veka, så turen ble brukt til ymse samankomster i staden. Folk utveksla nyheiter og sladder. Det var ein fridag som skulle brukas til minst mogeleg.
I dagens samfunn, er søndagsturen sett på som einsbetydane med ryggsekk og kvikklunsj. Blodslit og myggstikk. Eller store holl i ozonlaget som fôrårsaker hudkreft.
Dagens arbeidarar sitt på baken, medan dei klimprar på tastaturen sine. Med eit kosthald beståande av hamburgarar og Cola, er søndagsturen eit alfa og omega, for å halde det evig veksande fedme problemet i sjakk. Folk jobbar ikkje lenger med kroppane sine. Fingrane er dei einaste kroppsdelane som får sin daglege trim. Eg må si at ein dissande kropp treng meir enn eit par veltrimma hender for å imponere meg.