Mobiltelefonar er noko skikkeleg dritt. Dei pip, ristar og blinkar så fælt at tivoli vert ein roleg tur i parken. Ein kan bestille kule ringetonar og bilete som kostar 20-30 kr stk., og senda biletmeldingar som kostar 15 kr per. melding. Det er vel ingen tvil om at mobiltelefonar vart lagde for å kunne kommunisera lettare uten å gå med leidningsrull på ryggen og aggregat på trillebåra, men det har vel diverre utvikla seg til å blidgjera dei litt meir pengeinterreserte her på ballen. No kan du få mobil med kamera og mp3-spelar, eller skal eg seia kamera og mp3-spelar du kan ringja med. Det vert utvikla nye mobilar i hau og fleng, stadig for å finna nye måtar å selga dyre greier på. Det nyaste på markedet nett no er dei så alt for berømte 3G-telefonane, telefonar som gjer at du kan sjå dei du snakkar med på mobilen. Eg gler meg verkjeleg til å sjå kva minuttprisen vert på denne tenesta.
Det er mest jenter som nyttar fenomenet mobiltelefon i dagleglivet. Mobiltelefonar vert mest nytta til ringing, sjølv om dei eigentleg vart laga for meir gamaldagse motiv, å snakka i telefonen, for herrejøsses, kven er det vel som snakkar i telefonen. For å skriva mindre nyttar folk sms-språk, eit døme er å finna i oppgåveheftet;