Ein gong for lenge sia budde det ein gamal mann i det raude stova oppe ved Håggån. Han hadde mangfaldige timar med flittig arbeid ute i snekkarhuset kvar dag. Det skulle vise seg at der var det ikkje noko slurvete arbeid som var blidt unnagjort.
Ein gong da det var martna i bygda, var mannen der å solgte dei tinga han hadde laga oppe i snekkarhuse sitt. Det var fyrste gongen han hadde stiltopp på noko slikt. Han hadde tatt med seg det meste han hadde laga. Bilar, båtar, jyngehestar, tåg, menneskjer og leikepistolar. Alt dette var laga kunn av tre. Det var ekte solid heimlaga leiketøy.
Han trekte mange kundar som ville kjøpe det han hadde laga. Både store og små gjenstandar ble solgt. Mannen var veldig fornøgd med salget og stod der bare å glisa frå øyre til øyre. Ja! Faktisk, han viste ikkje at det var så mange som var interessert i å kjøpe slike leikar som ein sjølv hadde laga.
Ein gut så nysgjerrig kom på besøk til mannen nokre kveldar seinare. Han hadde opplevd noko rart med leiketåge sit. Han fortalte mannen om kordan han plutseleg bråvakna av ein uhyggeleg lyd på romme sit. Guten skjønte ikkje kva det var han høyrde der nede frå golvet. Han tente nattlampa forsiktig med ei lita fyrstikk og såg seg rundt i rommet. Da såg han plutseleg det lille leiketåge sit køyre rund omkring på golvet. Guten blei så forbausa over det han såg den kvelden at han ikkje turte å seia kva han såg til nokon som helst.
Mannen hadde ikkje stort anna å seie enn: ” Leikane mine har eg laga sjølv og det vedunderlege med dei er at dei både kan prate og høyre alt kva du sei”. Guten såg rart på han og spurte forsiktig om leikane han laga var farleg. Mannen svara guten med at, viss ein har sikkeleg trua på noko, ja da kan man få til det utrulegaste viss ein sjølv vil det.