Tusenvis av talentfulle ungdommar møter opp til audition og gjer sitt aller beste. Me får sjå heilt fantastiske prestasjonar på eit nivå ein knapt visste at eksisterte. Det er ikkje tvil om at det finst mange flinke menneske i Noreg! Dei fire beundra dommarane rosar deltakarane opp i skyene, og har konstant store problem med å velje kven som skal få gå vidare. Vil me ha han som så full av innleving gav oss si nydelige tolking av Whams ”Wake me up before you go-go” eller den sjarmerande jenta som, trufast til sine røter, hevda at ”folkemusikk e åsså popmusikk!”? Innimellom saknar ein nesten noko å flire av. Det blir liksom ikkje heilt det same som i fjor, då me blant anna fekk sjå ein fantastisk flott kyllingdans.
Men no er det altså i gong igjen, Idol-hysteriet. Kven stikk av med sigeren i år? Ein type ala rørleggjaren frå Bergen som var i stand til å ete ei reke utan å opne kjeften, eller ei småhyper jente med eit smil som berre blir stoppa av øyra hennar? Me ventar i spenning. Apropos det smilet. Eg veddar på at om ikkje menneske hadde vore fødd med øyre, ville heile Idol bestå av ein gjeng folk der hovudet er splitta av ein brei, raud og kvit kjeft. Det hadde jo vore eit interessant syn. Nå eg fortalde bror min om denne teorien, svara han berre ”Eg skulle ynskje eg ikkje var fødd med øyre når eg høyrer kva som skjer i det programmet der.” Kva i alle dagar er galt med han?