Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Identitetsskaping

Identitetsskaping

Kåseri som omhandlar temaet "identitet".

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
16.02.2006
Tema
Identitet


Dei fleste kjenner nok til ”wallraffing”. Den utspekulerte, men samstundes smågeniale journalist metoden. Wallraffing går i korte trekk ut på å skifte identitet, for å gli inn i eit miljø. Identitetsskifte inneber ofte eit oppdikta namn, med ein tilpassa bakgrunn. På denne måten vil journalisten kunne få eit mykje betre utgangspunkt enn tidlegare.

 

Det var Günter Wallraff som utvikla denne metoden. Wallraff vart født i Tyskland, hadde jødisk ætt, og var stor motstandar av nazismen.

         

Eg ser han føre meg; sitjande på eit hemmeleg nazistisk møte etter 2. verdskrig, rundt han sper det seg med jødehat. Han kleier seg under hakekorsbandet, han har mest lyst til å skyte heile gjengen, men held kjenslene godt inni seg sjølv. Jævla nazi faen, tenkjer han. Tross alt dette hatet ser han seg sjølv reise seg saman med dei andre, rette høgrehanda strakt ut, litt opp, medan han legg venstrehanda under nasa, og seier høgt i kor: ”Heil Hitler!”.


 

Dette må ha vore eit spesielt augneblikk for Wallraff, men inni seg sjølv veit han kva han meinar, men ikkje kan seie, for eit førebels identitetsskifte har skjedd.

 

Identitetsskifte for Wallraff var av stor personleg tyding. Han trådde ned i fiendens sko, og byrja henge med dei han hata mest. Personleg trur eg det kunna vore særs morosamt med eit identitetsskifte. Når eg tenkjer over det, har eg faktisk allereie gjort eit identitetsskifte. Sjølvsagt i eit mykje mindre volum enn det Wallraff gjorde, men likevel. Som ihuga Hødd-supporter har hatet ovenfor Aafk utvikla seg til noko spesielt for meg. Etter å ha gått gjennom dei fleste grader i Hødd, er det nokre ting som sit i meg: gleda av å ”pisse på Aafk”, samt det fyrste diktet dei fleste born født i Ulsteinvik lærer seg: ”lær å krype, lær å gå, lær å hate Aafk”. (Med særleg trykk på hate…). I den siste tida har eg difor luska inn på Aafk-forumet, under ein annan identitet. Der kjem eg med trivlege, men usaklege innlegg om alt mogeleg. Det er ikkje av hatet eg gjer det, men av spaninga i identitetsskifte.

 

Wallraff er eit døme på ein som skifta til midlertidige identitetar ofte, jenta i teksta ”Kan man lære å være same?”, er eit eksempel på eit permanent identitetsskifte. Ho voks opp i eit samfunn som var delt mellom norske og samiske, men ho følte seg alltid norsk. Først då ho vart vaksen og hadde flytta sørover fekk ho sansen for samiske spørjemål.  Med heller dårlege samiske kunnskapar ferierte ho med ei samisk venninne. Korleis dette gjekk? Bra! Etter berre ein sommar vart ho ein fullbefaren sosialsamisk ytrar. Kva det vil sei? Å meistre samisk munnleg på eit middels nivå.

 

At det måtte vere vanskeleg for jenta å gå rett inn i ein samisk familie herskar det inga som helst tvil om. Sjå føre deg at du reiser 80 mil nordover, temperaturen går ned 10 grader, og alle snakkar samisk. Du finn fram til huset og bankar på. Ut kjem der ein hyggeleg familie: ”dárogielat ja ruoŧagielat!” er dei fyrste orda som møter deg. Hennar tidlegare identitet har ingenting å seie lenger, ho må skape ein ny. Brevkurs i samisk har vel aldri vore ein suksess, så utplassering hos ein samisk familie er vel den beste måten. Å få delta i samiske tradisjonar kan vel heller ikkje vere dumt når ein skal lære seg å vere same.

 

Det fasinerande med denne historia er at ho kunna skapt denne identiteten som barn, men av ulike grunnar vart det ikkje slik. Ettersom ho vart eldre, vidareutvikla identiteten hennar seg til å omfagne samisk tilhøyrlegheit. Kanskje tilhøyrlegheit ikkje er det rette ordet. Ho seier at det var språket som gjorde den store forskjellen. I seinare tid har ho også lært seg å skrive samisk. No føler ho seg heilt samisk. Kanskje språk er den viktigaste identitetsfaktoren.    

 

Lat oss seie at venninna hennar aldri ”lærte mæ å være same”, ville ho da hatt denne identiteten? Mest sannsynleg ikkje. Med mindre eit brevkurs hadde vore tilgjengeleg…

 

Det store svaret må vere at ein kan forme sin eigen identitet akkurat slik ein vil ha den, midlertidig eller permanent…

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil